Gründerane hadde kjærast-forbod medan bedrifta var i oppstartsfasen

Jørgen Sjåvik og Magnus Svendsen stod bak fjorårets beste studentbedrift. No satsar dei alt på verksemda for å gjere internett meir berekraftig.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Denne saka er ein del av artikkelserien «Framtidas arbeidsliv», som er støtta av Fritt Ord.

– Statistisk sett skal du ha gått konkurs to gonger og vere 45 år før du lukkast som gründer, seier Magnus Svendsen.

Han og Jørgen Sjåvik driv verksemda Oslo Analytic AS. Dei starta opp selskapet medan dei tok eit masterprogram i entreprenørskap ved Oslomet.

I fjor vart Oslo Analytic kåra til beste studentbedrift av Ungt Entreprenørskap.

– Vi peiker på noko som er nytt og sjokkerande, seier Svendsen.

Digitale vaktmeistrar

Bedrifta, som omtalar seg sjølv som ein «digital vaktmeister», rettar fokus mot digitalt karbonavtrykk. Sjåvik og Svendsen trekker fram at internettet ureinar meir enn flytrafikk, og nettaktivitet brukar 7 prosent av elektrisiteten på verdsbasis.

– Då vi først byrja å prate om dette, var det ikkje så openbert for mange at digitale data kostar pengar og har eit karbonavtrykk. Folk vart sjokkerte, fortel Svendsen.

– Det er noko som angår oss alle. Alle som har ein telefon, alle som brukar ei nettside, seier Sjåvik.

Oslo Analytic tek difor på seg oppgåva med å analysere avtrykket til nettsider og tilby opprydding og meir klimavenlege løysingar.

Dedikasjon

Sjåvik og Svendsen var einige frå starten: Dei ønskte å satse alt på suksess, ofre det som ofrast måtte.

– Vi tenkte at vi ville legge inn alle ledige timar i to år på dette. Vi skreiv til og med ein kontrakt om at vi ikkje kunne ha kjærast, fortel Svendsen.

Dei påpeiker at eit godt samansett lag med dei rette menneskelege kvalitetane – rett innstilling og dedikasjon – var nøkkelen for å realisere verksemda.

– Alle kveldane vi sat seint og arbeidde, det var då vi følte at vi gjorde ein skilnad. Vi følte at «Det er no vi lukkast», seier Svendsen.

Idé og menneske

Oslo Analytic har gjort det få andre studentbedrifter gjer: Teke spranget inn i eit AS og halde drifta oppe etter studietida.

Grete Nykkelmo, administrerande direktør i Ung Entreprenørskap, som arrangerer NM i studentbedrift, understrekar at eit godt team og eit godt arbeid i startfasen ofte er ein føresetnad for å lukkast.

– Det å bruke tid på teamet, forretningsidéen, testing, presentere seg for næringslivet og få tilbakemeldingar, er ofte det som dannar grunnlaget for ei god studentbedrift, fortel ho.

Men, understrekar ho, for Ungt Entreprenørskap er ikkje poenget med studentbedriftene å finne den perfekte bedrifta. Det viktigaste er å ha ein læringsarena.

Grete Nykkelmo er administrerande direktør i Ungt Entreprenørskap. | Foto: Ungt Entreprenørskap

– Vi tilbyr rom for at unge skal få prøve og feile i trygge omgjevnader, så dei kan lære av det. Dei får entreprenøriell kompetanse, kreativitet, innovasjon, samarbeid, kontakt med næringslivet, tilbakemeldingar, og ikkje minst lærer dei å halde ut. Og å kunne feile, og gå på an igjen, seier ho.

Ho viser til at studentane sjølve gir tilbakemelding på at det er viktig å ha ein slik læringsarena. Særleg kvinnelege gründerar har svara i ei undersøking at det er viktig å få prøve seg fram i ein ufarleg setting, for å tore å satse vidare.

Vekst er vanskeleg

Forretningsidéane som får prøve seg i studentbedrifter sprikar i alle retningar, ofte prega av kva utdanningsinstitusjon og line gründerane går på.

Men mange av idéane er kopla til berekraft, fortel Nykkelmo.

– Det er ikkje mange idear frå dei siste 5–6 åra som ikkje er vinkla på berekraft, seier ho.

Nokre studentbedrifter som har teke steget til AS

Agrimare Bio vart kåra til årets beste studentbedrift i 2017. Aksjeselskapet vart avvikla i 2020. Agrimare ville drive oppdrett av børstemark, som skulle brukast vidare til fôr i oppdrettsnæringa.

Easyzeek tok seks av åtte prisar under NM i studentbedrift i 2018. Verksemda utvikla eit sporingsverktøy til elektrikarar for å finne rør, koplingsboksar og andre punkt i veggen. Aksjeselskapet er framleis aktivt, men har ikkje hatt driftsinntekter sidan 2021.

Hjarni var årets studentbedrift i 2021. Verksemda utvikla eit produkt av bark til bruk i garving av skinn. Holdingselskapet Hjarni Invest AS er framleis aktivt.

Studentbedrifta Fell Marine fann opp ein trådlaus daudmannsknapp og vart årets studentbedrift i 2013. I fjor hadde Fell Technology AS over 40 millionar kroner i driftsinntekter.

Studentbedrifta 360 Innovator vann Ferdprisen for størst internasjonalt potensial, under NM i studentbedrift i 2008. Verksemda, som jobba med løysingar for fingeravtrykk-identifikasjon lenge før slike løysingar kom til smarttelefonar, satsa vidare i aksjeselskapet Zwipe AS. Zwipe fekk, som spådd, stor internasjonal merksemd, og vart i toppåret 2021 verdsett til 800 millionar kroner.

Studentbedrifta Generasjon M vart oppretta i 2011, og i 2013 vart eit ideelt aksjeselskap starta. Verksemda tilset ungdommar til å halde aktivitetar saman med eldre på sjukeheim og omsorgsbustader. Generasjon M har i dag samarbeid med ei rekke kommunar på Austlandet.

Kva som skal til for å ha livets rett etter studietida, er vanskelegare å seie. Studentane må avvikle studentbedrifta på slutten av semesteret, og det er opp til dei sjølve å eventuelt opprette eit AS.

– Det er avhengig av forretningsidéen og kva ambisjonar ein har. Ein må kanskje også klare å bygge opp eit nytt team. Og så er det vanskeleg å vekse. Om ein klarar seg gjennom dei 3–4 første åra, er det større sjanse for å overleve, seier Nykkelmo.

Ingen fasit i innovasjon

Også Jørgen Sjåvik og Magnus Svendsen i Oslo Analytics har merka seg at det er mykje fokus på berekraft hos unge gründerar.

– Det er veldig framme i haldninga til unge i dag. Berekraft er aktuelt i alt, og berekraft er god business. Det handlar ofte om å spare pengar, eller å skape verdi av noko du trudde var søppel. Ein kan sleppe ein del kostnader om ein har berekraft med i tankane frå starten, seier Svendsen.

Elles har gründerane merka seg at mange kjenner på at olja kjem til å ta slutt, og at Noreg treng nye industriar. Og ikkje minst at fiskeindustrien er stor i Noreg.

Magnus Svendsen og Jørgen Sjåvik rår gründerspirer til ikkje å vere redd for å ta kontakt med folk som kan hjelpe til med å realisere draumen. | Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

– Men det er ganske vidt kva unge entreprenørar er interesserte i. Det er det som er kult med innovasjon, det er ingen fasit på noko. Ein har alle moglegheiter opne, seier Svendsen.

Dei slår òg fast at dersom ein går rundt med ein gründer i magen, må ein ikkje vere redd for å ta kontakt med folk som kan hjelpe deg med å realisere draumen.

– Viss du har ei løysing eller ein idé til noko, ikkje ver redd for å prøve det ut. Spør folk som kan noko innanfor feltet. Så ballar det på seg, seier Sjåvik.

Og dei understrekar at ein ikkje må vere redd for å feile. Sjansen er høg for at du ikkje lukkast med det same. Då gjeld det å sjå på prosessen som ei læringsreise, seier gründerane.

– Vi går alltid rundt og tenker «Korleis kan vi feile?» for å finne ut korleis vi kan lukkast, seier Svendsen.

– Vi vil feile fortast mogleg, for så å gå vidare, seier Sjåvik.