Veksling mellom skule og praksis gir høgare motivasjon
Yrkesfagelevar som vekslar mellom skule og praksis, er meir motiverte og lærer meir, viser ny rapport.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Yrkesfagelevane som hyppig fekk veksle mellom skule og praksis, hadde like god gjennomføringsevne eller betre enn elevar i ordinært løp, viser undersøkinga som er utført på oppdrag av Utdanningsdirektoratet.
– Vi treng fleire gode fagarbeidarar i framtida. Då må vi ha utdanningsløp som motiverer fleire til å gjennomføre og utdanningsløp som næringslivet stør opp om, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H).
Betre samarbeid mellom skule og bedrift
Rapporten slår samtidig fast at forsøket har gitt betre samarbeid og større forståing mellom skule, bedrift og opplæringskontor. Elevar i helsearbeidarfaget, byggfag, bilfag, service- og samferdsel som starta på vidaregåande i 2014 og 2015 deltok i undersøkinga.
Forsøket viser at det er dei meste motiverte elevane som får mest ut av hyppigare veksling mellom skule og praksis. Resultatet viser vidare at vekslingsmodellen er ei løysing som ikkje passar alle.
Les også: Martin (25) hadde ikkje i sin villaste fantasi planlagt å jobbe på CERN
Passar ikkje for alle
Eitt av funna er at veksling ikkje hindrar fråfall blant elevane som slit mest med motivasjonen frå før.
– Nokre av elevane opplevde at det var krevjande, både sosialt og fagleg, å gå ut i eit vakse arbeidsmiljø i ein alder av 16 eller 17 år. Dei treng andre tiltak. Men vi ønsker at vekslingsmodell skal kunne bli tilbydd der det passar, seier Sanner.