Motivasjon fell i løpet av ungdomsskulen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

435.000 norske elevar har svart på undersøkinga, som inneheld spørsmål om alt frå motivasjon til støtte frå lærarane. Samanliknar ein svara til elevar på 7. trinn med elevane på 10. trinn, ser ein at dei yngste gjennomgåande gir høgare score, skriv Aftenposten.

Steffen Handal er leiar i Utdanningsforbundet.

– Det kan hende elevane rett og slett er skuleleie, og noko av det er kanskje ikkje uventa etter ti år, men skulen som system må prøve å halde oppe motivasjonen til elevane, seier leiar Steffen Handal i Utdanningsforbundet, som meiner det er grunn til å uttrykkje uro.

Dei ferske tala frå undersøkinga frå skoleåret 2017–2018 viser at sjuandeklassingane scorar 3,9 på motivasjon, mens den for tiandeklassingane er 3,5.

Trenden med at motivasjonen fell, har vore der i fleire år, fortel skuleforskar Einar M. Skaalvik ved NTNU. I 2011 undersøkte han motivasjonen til 9.000 Oppland-elevar frå 4. til 10. trinn saman med Sidsel Skaalvik.

– Vi fann at motivasjonen minka jamt uansett om vi målte indre motivasjon, altså det å like å gjere skolearbeid, innsats, eller om elevane bad om hjelp når dei trengde det, seier Skaalvik. (©NPK)