22.000 elevar var borte i minst éin månad av skuleåret i fjor

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Berre i Oslo, Bærum, Bergen, Stavanger og Trondheim hadde 7.031 elevar eit slikt fråværsnivå, ifølgje ei undersøking utført av Utdanningsnytt.

– Desse elevane vil antakeleg slite i overgangen frå ungdomsskulen til vidaregåande. Dei vanskane du tar med deg i skuleløpet, er vanskeleg å korrigere seinare, slik at det kan vere ekstremt vanskeleg å snu ein trend som er etablert tidlegare, seier forskar Robin Ulriksen i Nordisk institutt for innovasjon, forsking og utdanning (NIFU).

Skulevegring

Samla fråvær på ein månad er fråværsgrensa på vidaregåande nivå, og med eit så høgt udokumentert fråvær får elevane som hovudregel ikkje karakterar i faga dei har vore borte frå.

Trude Havik ved Læringsmiljøsenteret. Foto: UiS

– Skulevegring er ingen diagnose. At eit barn vegrar seg for å gå på skulen, kan ha mange årsaker. Noko kan forklarast ved barnet sjølv eller forhold i familien, men det kan like gjerne komme av forhold på skulen. Det er summen av risikofaktorar som gjer at barn ikkje går på skulen og til slutt kan falle ut derifrå, seier forskar Trude Havik, som har tatt doktorgrad på skulevegring.

Havik er ein av dei som saknar offentleg fråværsstatistikk frå grunnskulen. Berre fem av kommunane har sentrale tal på fråvær i grunnskulen, og verken Utdanningsdirektoratet, Kunnskapsdepartementet eller Statistisk sentralbyrå har slike tal.

Ønsker ikkje statistikk

Kunnskapsdepartementet har sentrale tal for fråvær frå vidaregåande skule, men ikkje for barne- og ungdomsskulen. Det er heller ikkje noko departementet vil jobbe for å få.

– Vi er generelt forsiktige med å innføre ny statleg rapportering på skulane, fordi det stel verdifull tid frå lærarar og rektorar, seier statssekretær Rikke Høistad Sjøberg (H).

Ho ønsker heller at rektorar og skulane skal hjelpe den enkelte elev som har mykje fråvær.

– Det er bekymringsfullt når elevar er mykje borte frå skulen. Både fordi elevane går glipp av viktig undervisning og fordi det gjerne er eit teikn på at noko er gale i eller utanfor skulen, seier Høistad Sjøberg. (©NPK)