«Anno»-Enok reagerer på matkasting – oppmodar til boikott av NorgesGruppen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ein blir jo sint når ein ser at god mat vert kasta. Det er ekstra provoserande at norske butikkar kastar mat som har segla heilt frå India og Sør-Afrika, seier Enok Groven på telefon til Framtida.no.

Måndag føremiddag delte modellen og «Anno»-profilen eit Facebook-innlegg om matsvinn.

Enok Groven er nemleg ein «matreddar», som var blant finalistane til å verta årets nyord i 2018.

Redda cherry-tomater

Bergensaren fann ein pakke cherrytomater som var i ferd med å bli dårlege. Då han kom i kassa på Kiwi fekk han beskjed om at tomatene skulle kastast – noko Groven meiner er forkasteleg.

Kvart år vert det kasta om lag 385.000 tonn mat i Noreg ifølgje ein rapport skriven av Østlandsforskning på oppdrag frå Matvett.

Groven fekk kjøpa tomatane til redusert pris, men reagerer på praksisen der butikkjedene kastar mat. På Facebook oppmodar han difor til boikott av butikkjeda Kiwi og NorgesGruppen:

Kiwi: – Hatar å kaste mat

Kiwi har allereie svart på innlegget på Facebook, noko Groven rosar kjeda for.

Buttikkjeda svarar at dei heile tida jobbar med å finne gode løsninger for å redusere matsvinnet. Frå 2015 til 2017 reduserte kjeden matsvinnet med 30,8 prosent. Målet er å halvere matsvinnet innan 2025.

Eit av hovudtiltaka er kjølediskar med nedprisa varer med kort haldbarheitsdato.

Kommunikasjonssjef i Kiwi, Kristine Aakvaag Arvin, fortel at dei jobbar aktivt for å redusera matsvinnet. Foto: Kiwi

Kommunikasjonssjef i Kiwi, Kristine Aakvaag Arvin, er glad for utfordringa frå Enok Groven og lovar å halde fram å jobbe for å redusere matsvinnet.

– Me hater å kaste mat. For det første er det dårleg økonomi for oss, og samstundes følast det gale både av omsyn til miljø og etikk. Me har difor stort fokus på å redusere eige matsvinn, skriv Aakvaag Arvin i ein e-post til Framtida.no.

Ho fortel at dei årleg donerer overskotsvarer til Kirkens Bymisjon. Brødvarer vert henta dagleg og går til grisefôr, medan resten av matavfallet går i eigne behaldarar og kan til dømes verta biodiesel.

– Me er klar over problemstillinga med frukt og grønt, og dette er noko me jobbar med og ser på nye løysningar for.

I klimaundersøkinga til Bergen kommune svarar 72 prosent at dei vil redusera matsvinnet sitt. Les meir frå undersøkinga her!

NorgesGruppen reagerer på boikott

Kommunikasjonssjef i NorgesGruppen, Kine Søyland, understrekar at det er like viktig at kjedane leverer på berekraft som økonomi. Foto: Norgesgruppen

Kommunikasjonssjef i Norgesgruppen, Kine Søyland, meiner forbrukarane ikkje har grunn til å boikotte deira kjeder basert på arbeidet dei gjer med matsvinn.

– Eg vil seia at alle våre butikkar er matreddarar når dei i fjor bidrog til 276 tonn mat til Matsentralen. Stadig fleire butikkar har òg eigne dedikerte medarbeidarar med ansvar for frukt og grønt, seier Søyland på telefon til Framtida.no.

Ho understrekar at det er like viktig at kjedene leverer på berekraft, som på økonomi.

NorgesGruppen har som mål å redusera matsvinnet med 25 prosent innan 2020 og 50 prosent innan 2025. Til no har dei kutta svinnet med 21 prosent frå 2015, og ligg difor godt i rute.

Ifølgje tal frå Matvett vert 60 prosent av maten kasta heime. Søyland meiner difor det òg er viktig at forbrukarane tek ansvar og oppmodar spesielt unge til å bli flinkare til å sjå, smake og lukte på produkt for å finna ut om det framleis går an å ete.

Les også: Kvar dag reddar Matsentralen i Oslo kring 11 000 måltid. No vil dei auke innsatsen

– Maten vår i dag er for billig. Det er ein av grunnane til at me kastar han så lett, meiner Enok Groven, som driv eigen vintagebutikk. Foto: Marius Pettersen

Sjå i ditt eige kjøleskap

Groven meiner at ein av grunnane til at me kastar så mykje av maten er at han er for billig.

– Min mat er litt dyrare, difor er eg meir oppteken av å bruka han opp, seier Groven.

35-åringen vart ein seriøs «matreddar» då han for tre år sidan testa å berre ete utgått mat i ein månad. Han meiner det er viktig å byrje med seg sjølv, for å få ned matsvinnet.

Groven oppmodar difor folk til å ta ein kikk i eige kjøleskap, og sortere matvarer etter kva som må brukast først og kva som kan liggja litt lenger.

– Skal me få ned klimagassutsleppa må me slutte med det me held på med. Me må slutte å importere frå Sør-Afrika, India og New Zealand. Me burde ete sesongbasert og meir norske eple enn bananer.

Ikkje minst er det viktig at du ikkje kastar den steika du allereie har kjøpt, fordi då er utsleppa som har gått med i produksjonen bortkasta.

Les om ungdommane som testa miljøvenleg forbruk: Sette dusj-rekord på under eitt minutt!

Astrid Jordåen, Frida Viktoria Tveitnes Moe, Veslemøy Sømoe Huglen, Marius Hammersland Loureiro, Magnus Tislevoll, Juliana Mohammad og Malin Grøsvik Almås bruker kortare tid i dusjen etter å ha testa ut korleis ein kan leva meir berekraftig. Foto: Svein Olav B. Langåker