Unge bergensarar er mest opptekne av klima
Det syner ei ny klimaundersøking som har granska haldningane og atferda bergensarane har når det gjeld klima og miljø.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ei ny klimaundersøking utført av Bergen kommune syner at det er stor semje om at kommunen lyt kutte klimagassutsleppa, men eit generasjonsskilje vert likevel tydeleg.
Halvparten av dei spurde under 30 år meiner det er svært viktig at Bergen er fossilfri i 2030, medan berre 31 prosent av dei over 60 år meiner det same.
– Det er nesten litt deilig at mange eldre ikkje er einige, for då har ein noko å kjempe for. Dei eldre høyrer berre «meir avgifter og meir pengar ut», seier Haakon Reithe til Bergen kommune.
Les også saka: Unge er meir villige til å støtte klimavenleg politikk
Skal forbruket til livs
Samstundes trur 59 prosent av dei under 30 år at dei i stor eller nokon grad sjølv kan bidra til å bremse klimaendringane. Berre 35 prosent av bergensarar over 60 år har same trua.
Carlo Aall frå Vestlandsforsking sine beste tips for å leve meir klimavenleg i 2019 er å kutte raudt kjøt og flyreiser. Forskaren understrekar behovet for å kutte forbruket dersom ein skal redusere klimagassutsleppa sine.
I klimaundersøkinga har bergensarane blitt spurt om kva dei er villige til å gjere for klimaet sin del i dei komande to åra. Svara syner at det er store mogelegheiter for kutt innan ulike former for forbruk:
- 72 prosent vil redusere matsvinn
- 73 prosent vil redusere plastforbruket
- 68 prosent vil reparere gjenstandar framfor å kjøpe nytt
- 66 prosent vil redusere forbruket generelt
Les også om kommuneundersøkinga til Framtida.no: – Bergen har ambisjon om å bli Noregs grønaste storby
Nøkkeltal frå undersøkinga
- Undersøkinga er gjennomført av Kantar TNS blant 1004 tilfeldig utvalgte respondenter.
Resultat:
- 76 prosent synest hovudmåla om å kutte klimagassutsleppa er ganske eller svært viktige.
- 64 prosent av innbyggjarane meiner arbeidet med å nå klimamåla vil gjere byen betre å bu i.
- 8 av 10 vil at det skal verte satsa endå meir på kollektivtrafikken for å redusere behovet for bil i bergensområdet.
- 6 av 10 meiner trafikkbelastninga i Bergen generelt er for stor.
- 7 av 10 meiner næringslivet i Bergen bør ta eit større ansvar for å redusere sine klimagassutslepp.