Samarbeidar mot matsvinn: maten du hiv kan andre ete

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er fleire ting som er feil når det finst folk i Oslo som ikkje har råd til skikkeleg mat, samtidig som det blir kasta tonnevis av mat, seier Lan Marie Berg, byråd for miljø og samferdsel i Oslo kommune i ei pressemelding frå Matsentralen.

På fredag møtast fleire aktørar i matvarebransjen saman med Matsentralen for å snakke om samarbeidet for å redusere matsvinn i byen. Dei samarbeidar om å omfordele overskotsmat frå grossistar og produsentar til organisasjonar som jobbar med vanskelegstilte.

– Det er veldig gledeleg å sjå at det blir meir og meir fokus på matsvinn i matvarebransjen, og at fleire og fleire samarbeidar med aktørar som Matsentralen, seier Berg.

Les også: Ein tredel av fiskefangstane i verda vert kasta

Vil redusere matsvinn med 20 prosent

Oslo kommune var i fjor første kommune som signerte matsvinn-avtalen «Kutt Matsvinn 2020». Det er eit samarbeidsprosjekt der fleire aktørar innan Hotell- og serveringsbransjen har gått saman om å redusere matsvinn med 20 prosent innan 2020.

Målet er å bidra til FN sitt berekraftmål 12.3 om å halvere matsvinn på verdsbasis. Regjeringa inngjekk i 2016 ei avtale med den norske matvarebransjen om å halvere matsvinnet i Noreg innan 2030.

Ein tredel av all mat som blir produsert i verda blir øydelagt eller kasta. I Norge kastar ein gjennomsnittleg norsk forbrukar 42 kg mat som kunne vore spist kvart år. Matsvinn i hele matkjeda utgjer 68 kg per år.

FN sitt berekraftmål 12.3.

Les også: Sogn Jord-og Hagebruksskule er den einaste av sitt slag i landet

Sett av 400.000 til Matsentralen i Oslo

Det er hotellkjedane Scandic og Nordic Choice Hotels, Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO) og leverandørane ASKO og Unilever, som saman med NorgesGruppen og Matvett har jobba fram konseptet «Kutt Matsvinn 2020».

I forslaget til neste års budsjett har Oslo kommune sett av 400.000 kroner til vidare drift av Matsentralen. Cristiano Aubert er dagleg leiar på Matsentralen i Oslo, og er glad for at dei blir satsa på.

– Da vi ikkje har nokon inntekt knytta til drifta vår, er det å få støtte frå det offentlege uhyre viktig for at vi skal kunne fortsette med å gi mat, menneske og miljø ein ny sjanse, seier han i pressemeldinga.

Ta vår quiz: Kva kan du om FN sine berekraftsmål

Matsentralen

  • Mottek gratis overskotsmat frå matbransjen og gir den gratis vidare til ideelle/frivillige organisasjonar som jobber med vanskelegstilte.
  • Finst i Oslo, Tromsø, Bodø, Bergen og Trondheim, og er under utvikling på Sørlandet og i Vestfold og Rogaland.
  • Noregs første matsentral vart etablert i Oslo i 2013 av Frelsesarmeen, Kirkens Bymisjon, Blå Kors, Evangeliesenteret og IOGT Norge.
  • Matsentralen i Oslo reddar ca 5500 kg mat kvar dag, noko som tilsvarer 11 000 måltid.