Mediemålprisen til Gjermund Erikstein-Midtbø

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er veldig stas å få ein slik pris! Nynorsk og dialekten mi er veldig viktig for meg, og er noko eg er veldig bevisst på å halde på. Kanskje spesielt fordi eg både jobbar i og er frå eit område der både nynorsken og dialekten dessverre forsvinn meir og meir. Da er det veldig moro å høyre at ein har blitt lagt merke til, skriv Gjermund Erikstein-Midtbø i ein kommentar til Nynorsk pressekontor.

Erikstein-Midtbø (27) frå Bø i Telemark jobbar som journalist både for radio, fjernsyn og nett i NRK Buskerud.

Han får Alf Helleviks mediemålpris både fordi han har ei god og trygg språkføring, og fordi han har synt eit sterkt engasjement for nynorsken i arbeidet som fast tilsett journalist i NRK Buskerud, melder Litteraturselskapet Det Norske Samlaget.

Les også om Lovleg som fekk heider for språkbruken sin: – «Lovleg»-universet viser nynorsk som eit levande, skriftleg bruksspråk 

Den kristne handballspelaren Peter (Runar Naustdal), dramaeleven Sara (Silje Holm Carlsen), hovudpersonen Gunnhild (Kristine Ryssdalsnes Horvli) og musikkeleven Alex (Olav Barmen Trollebø) bur saman i kollektiv i serien Lovleg. Foto: NRK P3

Lett og munnleg stil

Alf Helleviks mediemålpris vart oppretta i 1998, og går til yngre, faste nynorskbrukarar i radio og fjernsyn som legg vekt på å dyrke eit normalisert nynorsk talemål. Prisen er på 25.000 kroner. På lista over tidlegare vinnarar finn vi blant anna Ingolf Håkon Teigene, Kari Sørbø, Oddgeir Bruaset og Ingvild Bryn.

I grunngjevinga skriv stiftinga at Erikstein-Midtbø har ein lett og munnlege stil som er farga av dialekten hans, men som ligg tett opp mot den normerte nynorsken. I tillegg får han skryt for ei svært god mikrofonrøyst og ei sikker, skriftleg språkføring.

Prisvinnaren er ein av berre to nynorskbrukarar i NRK Buskerud.

«Han er eit språkleg føredøme i eit område der nynorsken taper terreng, til dømes som skulemål i bygdelag og dalføre. Han har som journalist sett søkjelyset på denne utviklinga», skriv juryen.

Les også om korleis den tidlegare vinnaren Ingvild Bryn var som 20-åring.

Andersson-Ryssts pris

Sokneprest Andersson-Ryssts pris går i år til den islandske forfattaren Bergsveinn Birgisson.

«Han har gjeve oss dei mest fantastiske historier frå ein islandsk utkant dei færraste har besøkt, men som likevel fortel oss noko grunnleggjande om oss sjølve og kva som står på spel i vår tid», skriv komiteen bak fondet.

Dei takkar han for at han utfordrar oss sjangermessig, språkleg og i innhald.

Les også om Norsk Målungdom sin nye leiar: Vart nynorskbrukar først på vidaregåande

Gunnhild Skjold (23) frå Tromsø tek over som leiar i Norsk Målungdom i juli 2019. Nestleiaren vart valt til ny leiar på landsmøtet i helga. Foto: Anna Sofie Ekeland Valvatne/NMU