Då eg var tjue: Ingvild Bryn flytta heimanfrå og las Hamsun

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kor var du og kva gjorde du då du var tjue?

Då eg var tjue, var eg journalist i lokalavisa på Voss, og om hausten flytta eg til Volda og tok til på Nordisk grunnfag på høgskulen der.

Journalistvikariatet la grunnlaget for at eg valde dette yrket, og norsk i Volda var midt i blinken for meg.

Norsk i Volda var midt i blinken for meg

Eg hadde også oppdrag som hyggepianist i mange bryllaup, og eg spelte rundt omkring på bondekvinnelagsmøte, Saniteten og liknande. Eg tok pianotimar på ellevte året og hadde sjølv tre elevar.

Kva las du og kva lytta du til?

Då Ingvild Bryn var tjue, las ho Hamsun og Skram, og lytta til Mecca for Moderns av bandet Manhattan Transfer.

Eg las alle dei norske klassikarane på norskstudiet. Hugsar eg likte spesielt godt Pan av Knut Hamsun og Constanse Ring av Amalie Skram.

Når det gjeld musikk, hadde eg ei plate av Manhattan Transfer eg høyrde mykje på.

Hugsar du tjueårsdagen din?

Eg hugsar vi hadde kake i redaksjonen i Horda Tidend på 20-årsdagen min, men ikkje korleis eg elles feira dagen.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var tjue?

Det sterkaste minnet var å ta farvel med mamma og flytta frå barndomsheimen. Eg visste at det nok var for godt.

Les også: Då Hanne Krogh var tjue år

Ingvild Bryn tjue år, saman med mamma og veslebror. Foto: Privat

Visste du kva du skulle bli i livet?

Eg var nok bestemt på at eg skulle bli journalist. Vikariatet i lokalavisa gav meirsmak.

Les også: Året han var tjue vart eit vendepunkt for Per-Kristian Foss

Hugsar du kva du tenkte om livet og om framtida?

Eg var optimist med tanke på framtida. Eg hadde det fint i Volda og delte dublett på studentheimen med storesyster Herborg. Innimellom haika eg til Voss for å besøkja mamma og veslebror Nils. Far min døydde då eg var 14 år.

Det sterkaste minnet var å ta farvel med mamma og flytta frå barndomsheimen

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som tjueåring?

Eg trur eg ville tenkt at det var fint å møta ein 20-åring som las roman etter roman og sette seg inn i norsk grammatikk. Som virka blid og glad, og viste omsorg for mamma på Voss.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Eg ville sagt til 20-åringen: Dette går bra! Du greier deg fint! Sjå dei rundt deg som treng litt ekstra støtte, og lev etter den linja din gamle nabo Lars Flugheim skreiv i konfirmasjonssongen til deg: Reis opp ein fallen bror.

Eg ville sagt til 20-åringen: Dette går bra!

Les også: Slik var tjue år gamle Else Kåss-Furuseth