«Lovleg» får pris for levande nynorsk

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kjersti Wøien Håland har skrive eit utruleg flott manus, og tankane og skriftspråket derifrå har Hege Hauff Hvattum og staben hennar sørgd for å få med inn i heile produksjonen. «Lovleg»-universet viser nynorsk som eit levande, skriftleg bruksspråk, skriv Mållaget om kvifor NRK-serien får Målprisen 2019.

Gjennom to sesongar har sjåarane blitt kjent med elevar ved Firda vidaregåande skule. Dramaserien tar opp tema som angst, forelsking, einsemd og om å ikkje få ting heilt til.

Lovleg er ein av få seriar for ungdom der det aller meste skjer på ei tilnærma nynorsk målform. Både tekstinga av serien, teksten på nettstaden og Instagram-postane er på nynorsk.

Les også meiningsinnlegget: La Gunnhild fullføre vidaregåande!

Heller gulrot enn pisk

Serieskapar Kjersti Wøien Håland kjem frå Høyanger i Sogn og Fjordane og har sjølv vore elev på Firda vidaregåande skule. Ho seier det betyr veldig mykje å få Målprisen.

– Eg er ein språkperson, det er det eg er interessert i. Ein stor del av Lovleg-universet handlar om språk, og det er fint at det blir sett, seier Wøien Håland.

Ho legg til at ho alltid har meint at ein i måldebatten må bruka meir gulrot enn pisk.

– Ein må lokka for å gjera nynorsk kult.

Les også intervjuet med Wøien Håland: – Ein har kanskje ikkje sett så mange kvinnelege hovudkarakterar som er sånn. Som er kleine og spring rundt og spyr i søppelkasser.

Forfattar Kjersti Wøien Håland får Målprisen 2019 for TV- og nett-serien «Lovleg».Prisen får ho saman med produsent Hege Hauff Hvattum. Foto: Torbjørn Sundal Holen

Kampanje for fleire sesongar

I grunngjevinga frå Mållaget heiter det at serien også har kvalitetar som gjer at han får sjåarar i alle aldrar til sjå verda frå ståstaden til 16- til 18-åringar på vidaregåande skule.

– Jakta på kjærleiken, leitinga etter kven ein sjølv er og stort alvor kombinert med meiningslaus tulleåtferd. Kor vanskeleg det er å kommunisere ekte med andre menneske, ikkje minst med foreldra som ein vil gjera seg fri frå, men samtidig er avhengig av og ikkje vil skuffa, skriv Mållaget.

Lovleg-fans er svoltne på meir og det er starta ei underskriftskampanje for å få til ein tredje sesong av den populære serien.

Ein må lokka for å gjera nynorsk kult

At sjåarane er engasjerte, veit serieskaparen godt. Spesielt varmar tilbakemeldingane frå elevar etter at lærarar har brukt serien i undervisninga.

– Det er veldig kult, seier Wøien Håland. Det andre er at folk skriv dikt i kommentarfelta. Det har utvikla seg ein språkentusiasme der folk blir inspirert til å skriva, tolka og diskutera dikt, legg ho til.

Les også intervjuet med Silje Leiknes Johnsen (22) som har starta aksjon for å få ein ny sesong av den populære tv-serien.

Eit levande språk

Mållaget meiner serien også har vore eit korrektiv til mistydinga om at nynorsk berre er eit språk som finst i skulebøker.

«Lovleg viser at nynorsk er ein naturleg del av kvardagen for mange i Noreg og er slik sett ei gåve til lærarar som underviser det store fleirtalet som berre har nynorsk som sidemål», skriv Noregs Mållag. For Wøien Håland var bruk av dialekt og nynorsk heilt naturleg.

– Eitt av måla med serien var å vise korleis språk og dialekt kan fortelja meir om ein person enn kva han eller ho kjem frå, seier serieskaparen.

Målprisen går til personar eller institusjonar som har gjort ein ekstra viktig innsats for nynorsken. Tidlegare mottakarar er mellom andre Jon Fosse og Linda Eide. I 2017 gjekk prisen til VG-redaktør Gard Steiro fordi ha opna avisa for nynorsk. I fjor fekk Magni Øvrebotten ved Nynorsk mediesenter i Førde prisen.

Les intervjuet med Kristine Ryssdalsnes Horvli: – Eg føler ein lukker karakteren om ein berre kallar ho klein

«Lovleg»-skodespelar Kristine Ryssdalsnes Horvli (21) drøymer om å verte skodespelar, men vågar ikkje heilt å seie det høgt.