Stortinget er blant verdas yngste folkevalte forsamlingar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag er det høgtideleg opning av det 163. storting. I denne forsamlinga er 18 av 169 stortingspolitikarar under 30 år.

23 år gamle Freddy André Øvstegård er yngste kandidaten for Stortinget etter at han vart valgt inn for Østfold SV ved stortingsvalet i 2017. Foto: Jo Straube, SV

23 år gamle Freddy André Øvstegård er yngste kandidaten for Stortinget etter at han vart valgt inn for Østfold SV ved stortingsvalet i 2017. Foto: Jo Straube, SV

Noreg er eitt av i alt fire land i verda der fleire enn éin av ti folkevalde er under 30 år. Dei andre landa er Sverige, Finland og Equador.

Les også: Snittalderen på Stortinget kryp ned til 45 år

Meir variasjon med lister

Ifølgje professor ved Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen (UiB), Ragnhild Muriaas, skuldast dette det norske valsystemet der partia stiller med lister framfor ein kandidat.

– Då vil ein gjerne ha ei blanding av politikarar som har ulikt kjønn, ulik alder og ulik geografisk bakgrunn, slik at ein får ei spegling av befolkninga, seier ho til Dagsnytt.

Yngstemann på Stortinget er i dag 23 år gamle Freddy André Øvstegård, som vart valt inn som førstekandidat for Østfold SV.

– Eg føler at eg er meg sjølv også etter at eg fekk denne jobben her. Eg sit berre ein annan stad og jobbar med dei same tinga på ein annan måte – og brukar mykje meir tid på det, sa Øvstegård til Framtida.no då han var ny på Stortinget. Les heile intervjuet her!

Astrid Nøklebye Heiberg (82) vart fast representant på Stortinget for Oslo Høyre etter at Nikolai Astrup gjekk inn i regjeringa . Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen, Høyre

Astrid Nøklebye Heiberg (82) vart fast representant på Stortinget for Oslo Høyre etter at Nikolai Astrup gjekk inn i regjeringa . Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen, Høyre

Yngre positive til velferdsordningane

Nesten 60 år skil yngste og eldste representanten på Stortinget. Astrid Nøklebye Heiberg (82) frå Oslo Høgre er den eldste fast møtande representanten gjennom tidene.

Ifølgje Muriaas kan det unge Stortinget i Noreg gje utslag i positive haldningar til for eksempel likekjønna ekteskap og tru på velferdsordningar. Vidare har eldre politikarar ein tendens til å vere meir oppteken av låg skatt.

Her kan du følgje opninga av det 163. storting på nett frå klokka 13.00 i dag, tysdag 2. oktober.

Les også: Slik ville Stortinget sett ut om berre førstegongsveljarane fekk bestemma

Stortinget ville ha blitt raudare og grønare om berre dei unge kunne stemma.

Stortinget ville ha blitt raudare og grønare om berre dei unge kunne stemma. Foto: John Erling Blad/Wikimedia Commons. Grafikk: Wikimedia Commons og Runar B. Mæland.