Yrket mitt: Geir Ottar (36) er statsmeteorolog

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Geir Ottar Fagerlid er tilsett som statsmeteorolog hjå Meteorologisk institutt. Der brukar han dagane på både å tolke prognosar og oppdatere sosiale media.

– Kvifor valde du denne yrkesvegen?

Eg har alltid vore interessert i naturane og alt som skjer der, især meteorologi og vêrprognosar.

– Svarte det til forventningane?

Ja, utdanninga eg tok på UiB var i grunn forskingsretta. Men jobben eg har no er meget praktisk retta, og det passer meg godt.

– Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut?

Det går i å tolke prognosar og lage vêrvarsel, og sjekke at vêret blir som vi forventa (verifisering). Å vere aktiv på sosiale medium tek også meir og meir tid.

Meteorologane frå MET har mellom anna sin eigen Twitter-konto som dei vekslar på å oppdatere og der dei også svarar på spørsmål. 

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

Ja i stor grad, men den kunne ha vore meir praktisk retta. Men denne biten blei dekka ved opplæringa ved Meteorologisk Institutt.

– Kva er det beste med jobben?

Å jobbe med vêr. Vêret er også hobbyen min. Det er ikkje mange som har moglegheit å jobbe med hobbyen sin!

– Kva er det mest utfordrande?

Å formidle usikkerheit i vêrvarslet, og få mottaker til å forstå varselet riktig.

 Om du brenn for dette emnet må du ikkje gje opp!

 

– Kven passar yrket for?

Folk som er veldig glad i vêret, og som aldri blir lei å snakke om vêret (både privat og på jobb).

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

Det er ein lang veg å få jobb som meteorolog, men om du brenn for dette emnet må du ikkje gje opp!

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

Det er stort sett journalistar som forbløffar oss mest! Vi får rare spørsmål av og til.

Les innlegget til psykolog Stig Magne Solstad som blir fornærma om vêret ikkje samsvarar med årstida eller vêrmeldinga: – Å bli sint på meteorologar eller andre menneske er enkelt og mellombels tilfredsstillande, men lite hensiktsmessig.

Fakta

Namn: Geir Ottar Fagerlid

Alder: 36

Frå: Olden

Yrke: Statsmeteorolog

Utdanning: Geofysikk-Meteorologi