Kva bok har gjort deg til den du er i dag?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framtida.no har spurt nynorskdebutantane frå 2018 og 2019 om deira beste krimtips, kva dei les i påska – og sist, men ikkje minst:

Susanne Skogstad. Pressefoto: Gloria forlag

«Kva bok har gjort deg til den du er i dag?»

Først ut er Susanne Skogstad, som i fjor debuterte med romanen Svartstilla på Gloria forlag. Romanen vekte mellom anna merksemd fordi den då 26 år gamle debutanten frå Eid valde å portrettere ei gamal dame.

Skogstad svarar enkelt og greitt:

– Er det her ein skal svare Bibelen?

Les også intervjuet med Susanne Skogstad, som droppa ut frå vidaregåande for å jobba på vindaugefabrikk.

 

Mads Rage er utdanna ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Foto: Marie Sjøvold, Samlaget

Uroens bok – Fernando Pessoa

Mads Rage debuterte i fjor med romanen Og skipet siglar vidare på Samlaget, som vår bokmeldar meinte var ein lovande start på ein forfattarskap.

Rage kan ikkje svara på kva bok som har gjort han til den han er i dag, men fortel om ei bok som har gjort inntrykk:

– Då eg var i byrjinga av tjueåra las eg Uroens bok av Fernando Pessoa, og opplevde at den opna noko som eg identifiserte meg sterkt med både gjennom form og innhald. Så det er i alle fall ikkje umogeleg at det er den som har fått meg til å skriva sjølv.

 

Tharaninga Rajah har sett til Finnmark i debuten sin. Foto: Oda Berby, Samlaget

Harry Potter  J. K Rowling

Tharaninga Rajah frå Moi debuterte i fjor med «Det er lenge til skumring» på Samlaget. Boka vart nominert til P2-lytternes litteraturpris og vår meldar kalla det ein kreativ vri på dystopisjangeren.

– Det er vel få menneske som blir til av berre ei bok, og eg ikkje noko unntak. Men skal eg trekka fram bøkene som har betydd mest for meg frå ung alder, er det Harry Potter-serien. Dei kan eg lesa år etter år utan å bli lei, og blir like rørt kvar gong.

Villskudd – Gudmund Vindland

Biolog og fagbokforfattar Åsmund Husabø Eikenes debuterer skjønnlitterært denne våren. Foto: Tove Breistein, Samlaget

Åsmund Husabø Eikenes har tidlegare gitt ut dei populærvitskaplege bøkene Handboka og Sprut, men debuterer denne våren skjønnlitterært med romanen Håkon på Samlaget.

– Då eg var tenåring gøymde eg meg på det lokale biblioteket og las Gudmund Vindland si bok Villskudd. Då skjønte eg kor viktig litteratur kan vere. For nokre år sidan gjorde Hanya Yanagihara sin roman Et lite liv også eit stort inntrykk, og i fleire veker gjekk eg heim frå jobb og visste at det einaste eg skulle gjere den kvelden var å lese og bli glad og trist. Det var ei sterk oppleving. I barndommen heldt Animorphs-bøkene meg med selskap, og lærte meg at alle er meir enn det ein kan sjå på utsida (sjølv om ingen er besatt av aliens).   

 

Bli hvis du kan. Reis hvis du må – Helga Flatland

Svanhild Amdal Telnes vart nominert til Vesaas’ debutantpris for si første diktsamling. Foto: Julie Pike, Gyldendal

Svanhild Amdal Telnes frå Seljord vart nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris for diktsamlinga Om nettene brukar mor dråpeteljar, som kom ut i fjor.

Debuten handlar om korleis fortida kan halda tak i eit menneske og ikkje sleppa det laust, noko som greip tak i vår bokmeldar.

– Eg trur ikkje ei enkel bok kan forklare fullt og heilt korleis eg er i dag, men eg snor meg unna med å nemne eit par bøker som har vore viktige på forskjellige tidspunkt. I ungdomstida, når eg så vidt leika med tanken på å bli forfattar ein gong: Bli hvis du kan. Reis hvis du må av Helga Flatland. I arbeidet med debutsamlinga mi: Tavler og bud av Steinar Opstad og Urd av Ruth Lillegraven.

Den vesle thukke Janosch-boka – Janosch

Mathias Nyhagen Asplund frå Bodø debuterte med barnebok på nynorsk i fjor. Foto: Jamie Chandler

Skodespelar Mathias Nyhagen Asplund frå Bodø debuterte i fjor med barneboka Der ingen finn oss på Cappelen Damm, som vann Kulturdepartementets debutantpris.

– Ei av dei viktigaste bøkene for meg var også ei av dei fyrste eg las: Den vesle tjukke Janosch-boka. Det er ei barnebok om den vesle bjørnen og den vesle tigeren som skal reise til Panama. Ho blei lesen til meg og eg bladde i ho til ho fall frå kvarandre. Eg hugsar framleis stemninga i teksten og korleis det var å bli tatt med inn i ei anna verd i boka.

Fuglane – Tarjei Vesaas

Forlagsredaktør og forfattar Oda Malmin har hausta lovord for sin romandebut. Foto: Oda Berby, Aschehoug

Oda Malmin frå Stavanger jobbar til vanleg som manusredaktør hjå Samlaget, men gav ut debuten Steinauge på Aschehoug. For romanen fekk ho forlaget sin eigen debutantpris og vart attpåtil nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris.

 Det er utruleg vanskeleg å svara på, og det blir litt pompøst, men for min del er nok det «rettaste» svaret Fuglane av Tarjei Vesaas. Før eg las denne rystande, vakre og såre forteljinga, skreiv eg bokmål og hadde eit avmålt forhold til nynorsk. Takk vera Fuglane og ein god norsklærar blei eg glad i nynorsk, heldt fram med å lesa og etter kvart å skriva. Få, om nokon, skildrar angst, vilkårslaus kjærleik og utanforskap betre enn Vesaas gjer her.