Nynorsk debutant kan vinna barnebokpris
Mathias Nyhagen Asplund er nominert til Kulturdepartementet sine prisar for barne- og ungdomslitteratur.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Måndag vart vart dei nominerte til Kulturdepartementet sine prisar for barne- og ungdomslitteratur utgjeve i 2018 offentleggjort.
Torsdag 14. mars vert det prisutdeling på Nasjonalbiblioteket der det skal delast ut prisar i kategoriane Litteraturprisen, Biletbokprisen, Fagbokprisen, Debutantprisen, Teikneserieprisen, Illustrasjonsprisen og Omsetjarprisen.
To nominasjonar til Skogen den grøne
Skogen den grøne av Ruth Lillegraven er den einaste boka som er nominert i to kategoriar. Forfattaren kan henta heim litteraturprisen for boka, som er utgitt på nynorskforlaget Samlaget. Illustratør Mari Kanstad Johnsen er nominert til illustrasjonsprisen for same bok.
Blant dei i alt 24 nominerte forfattarane og illustratørane er det berre tre nynorskbidrag.
Les også: – Dikt må vere ypparleg for snapchatgenerasjonen
Sakprosa om slavehandel
Den norske slavehandelen av Anders Totland utgitt på Gyldendal er nominert til Fagbokprisen.
– Det er utruleg stas. Spesielt sidan dette er den første boka i eit større prosjekt som hittil ser ut til å bli minst tre bøker i same stil, er det veldig kjekt med ei slik anerkjenning for den første boka, som også er den første boka eg har skrive i denne sjangeren, seier Totland til avisa Sunnhordland.
Kva veit du om slaveri? Prøv deg på forfattaren sin eigen quiz her!
Nynorskdebutanten frå nord
Den siste nynorske forfattaren som kan hente heim pris er Mathias Nyhagen Asplund frå Bodø. Han er nominert for debuten Der ingen finn oss, utgitt på Cappelen Damm.
Den ferske forfattaren og skodespelaren frå Nord-Noreg fortel på bloggen Forlagsliv kvifor han debuterer på nynorsk:
– Eg leste mange skodespel på nynorsk då eg var yngre. Mange var skrivne eller omsett av Jon Fosse på Samlaget, og eg vart kanskje inspirert av det. Og så følast nok nynorsken litt nærare enn bokmål. Det er mange ord og uttrykk på nynorsk eg kan kjenne igjen frå mi eiga dialekt.
Sjetteklassingen Linnea Øyran var positiv då ho meldte boka for Framtida Junior. «Boka var veldig lett å leve seg inn i, og ho var vanskelig å leggje frå seg,» skriv ho i bokmeldinga.
Les intervju med Anders Totland som sa opp jobben for å bli barne- og ungdomsforfattar: – Det er fint å skriva direkte til dei som trur dei kan endra verda
Sju nominasjonar til Cappelen Damm
Cappelen Damm skil seg ut som forlaget med flest nominasjonar. Det synest forlagssjef for barn og ungdom Ragnfrid Trohaug er stas.
– Det at Cappelen Damm barn og ungdom har sju nominerte i fem kategoriar, viser at me lukkast med ei målretta jobbing for å få til den store sjangermessige breidda i barnebokforleggjariet. Me er både skikkeleg glade for og veldig stolte over at dette arbeidet speglast i nominasjonane, seier ho til nettstaden BOK365.
Prisene blir delt ut av kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande. Nytt av året er det at det vert delt ut ein spesialpris som vert offentleggjort under prisutdelinga 14. mars.
Her er alle dei nominerte til Kulturdepartementets litteraturprisar:
Litteraturprisen:
Bjørn Ingvaldsen: Apollo (Gyldendal)
Ruth Lillegraven: Skogen den grøne (Samlaget)
Liv Marit Weberg: Påstander om meg i tilfeldig rekkefølge (Aschehoug)
Biletbokprisen
Ingeborg Eliassen og Hilde Hodnefjeld (ill.): Du tror det ikke før du får se det (Cappelen Damm)
Synne Lea og Stian Hole (ill.): Du og jeg (Cappelen Damm)
Ragnar Aalbu: Hakk o ve (Ena forlag)
Fagbokprisen
Marta Breen og Jenny Jordahl: Kvinner i kamp (Cappelen Damm)
Lena Lindahl: Jenta i veggen (Cappelen Damm)
Anders Totland: Den norske slavehandelen (Gyldendal)
Debutantprisen
Mathias Nyhagen Asplund: Der ingen finn oss (Cappelen Damm)
Ane Barstad Solvang: Frykt og medlidenhet (No Comprendo Press)
Pia Tveterås: Tordivel (Omnipax)
Teikneserieprisen
John S. Jamtli: Sabotør (Cappelen Damm)
Steffen Kverneland: En frivillig død (No Comprendo Press)
Sigbjørn Lilleeng: Nagel (Jippi forlag)
Illustrasjonsprisen
Lisa Aisato for illustrasjonene til Til ungdommen av Linn Skåber (Pitch)
Hilde Hodnefjeld for illustrasjonene til Bonsai av Simon Stranger (Magikon)
Mari Kanstad Johnsen for illustrasjonene til Skogen den grøne av Ruth Lillegraven (Samlaget)
Omsetjarprisen
Hilde Stubhaug for oversettelsen fra amerikansk-engelsk av Katherine Marsh: Gutten i kjelleren (Gyldendal)
Tor Tveite for oversettelsen fra finsk av Tuutikki Tolonen: Monsterreisen(Gyldendal)
Carina Westberg for oversettelsen fra engelsk av Matt Haig: Jenta som reddet julen (Cappelen Damm)