Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 12.05.2019 10:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I denne forteljande diktsamlinga møter me Anna, ei ung kvinne med ein traumatisk oppvekst bak seg, som prøver å skapa ei ny framtid saman med kjærasten Jacob. Dei to er lukkelege, men Anna blir innhenta av fortida i form av vage «Polaroid-bilete» frå oppveksten. Minna om overgrep og omsorgssvikt vakar i overflata og trugar den tilsynelatande idyllen.

Dei seks delane i diktsamlinga hoppar mellom fortid og framtid, og syner korleis Anna vekslar mellom å tilpassa seg og ropa i protest mot det vonde ho vert utsett for. Tittelen på boka er henta frå eit dikt der mora legg salte vassdropar på kinna til ungane med dropeteljar medan dei ligg og søv – ein uventa og verknadsfull metafor for korleis ein omsorgsperson kan øva makt og vald mot nokon på måtar som gjer det nærast umogleg å yta motstand.

Ekko av tid

Dikta peikar på fortida aldri berre er fortid, men at ho speler med og blir omforma i notida. ­­­Ofte er metaforane henta frå rytmen og dynamikken i naturen – «Bylgja under meg skummar / salt og kvitt» – eller frå musikken: «Strengjin strekk seg / bakover i tida. / Denne harpa er historia vår, / ho spelar surt og insisterande.»

Alle dikta i samlinga – nokre korte og abstrakte, andre små forteljingar – heng saman og fortel historia til Anna. Både i forma og den historisk/biografiske tematikken minner dikta om Ruth Lillegraven. Noko av det sterkaste med boka er korleis Telnes knyter saman dikta til ein større samanheng. Trådar frå eitt dikt blir henta opp i eit anna, slik at dei får ei ny og djupare meining – slik fortida òg kan laga ekko i notida og få ei ny meining.

Denne teknikken gjer at elles klisjéaktige metaforar og bilete – vinden, bølgjer, fuglar, havet – fungerer i samanhengen.

Ingen happy ending

Dei tekniske og estetiske kvalitetane i samlinga er tvillause, men boka tvingar òg fram ei etisk og eksistensiell vurdering. Ho konfronterer lesaren med eit stort spørsmål – Er det mogleg for eit menneske å frigjera seg frå fortida? – og antydar eit pessimistisk svar. Trauma til Anna øydelegg forsøket hennar på å skapa ei ny framtid, og ho og Jacob går frå kvarandre.

Det er noko skuffande ved dette. Noko av det fine med diktsjangeren er at han gir så stort rom for det fleirtydige, men i staden for å utnytta dette, konkluderer Telnes nokså eintydig med at håpløysa til fortids-Anna blir oppfylt og stadfesta i notida: «Eg høyrer berre vengjeslag / og er ho vesle jenta / som står att på moloen / når trekkfuglane fer.»

Det vonde kan, som her, vera vakkert, og all litteratur treng ikkje ha ein happy ending. Likevel skulle ein ha ønskt seg at forfattaren ikkje slutta sirkelen utan å la det vera att eit håp om å kunna bryta ut.

Les fleire bokmeldingar her!

Fakta

Om nettene brukar mor dråpeteljar

Svanhild Amdal Telnes

Dikt, 86 sider

Gyldendal, 2018