Elise Solvåg
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kreativ vri på dystopi-trenden

Debutromanen Det er lenge til skumringer ein ambisiøs roman. I staden for å skrive ein dystopisk roman, har Rajah skrive om «ein alternativ norsk røyndom», ein kreativ vri på dystopi-trenden.

Romanen er skriven hovudsakleg kronologisk, men i fragmentarisk stil. Desse grepa opnar opp for originalitet i historia, men set òg grenser for sjølve leseopplevinga.

Samisk opprør mot folkemord

Vi er i Finnmark, i denne «alternative røynda», og nordmennene har utsett samane for ei systematisk utreinsking, lik nazistane gjorde mot jødane under holocaust. Samane har samla seg i nord og prøver å skape ein ny, samisk stat. Det har allereie vore mange terrorangrep og ein skandinavisk krig.

Vi vert kasta inn i denne situasjonen, med ei ung, samisk mor som forteljar. Raisa har flykta til Finnmark saman med dottera Násti, og er soldat i den samiske hæren. Mannen hennar er sakna, og Raisa må prøve å skape seg eit liv for seg sjølv og Násti.

Politikar med sølvkors

Romanen er utvilsomt ein politisk kommentar til flyktningkrisa, i tillegg til terroren vi dagleg høyrer om.

Vi finn mange hogg til karakterar frå eit vidt spekter på høgre-sida av politikken, alt i frå ein viss kvinneleg politikar med eit sølvkors rundt halsen, til ein tru kopi av doktor Mengele.

Rajah skildrar aktuelle tema, og viser dei fram i all si umenneskelegheit.

Bruken av samar som «det kua folket» båe gjev og ikkje gjev meining; samane har jo absolutt vore utsett for grusame overgrep tidlegare i historia, men eg klarer ikkje heilt å forsone meg med samanlikninga av eit urfolk med innvandrarar? Det skurrar litt, men poenga til Rajah kjem uansett fram.

Ei bok om morskap

Likevel er nok kanskje hovudtemaet i romanen morskap.

Terroren, krigen, alt kan skrellast vekk og sjåast på som eit bakgrunnsteppe.

Det største her er nok Raisas kjærleik til Násti. Ho risikerer livet kvar dag som soldat, har budd i flyktningleirar, har mista mannen sin. Ho kunne ha reist til systera i USA, men ho startar eit liv i Finnmark for at Násti skal få vokse opp som same, i ein samisk stat – for at ho skal få eit godt liv.

Krevjande mykje av lesaren

Boka er ikkje lettlese, på langt nær. Med ei såpass framand verd å skulle gjere seg kjend med for å henge med i handlinga, er det ikkje til hjelp at teksten er så oppstykka som han er.

Det tek lang tid før ein kjem inn i forteljinga og forstår at teksten faktisk er kronologisk, og ein må konstant slå opp dei samiske orda og uttrykka som heile tida vert brukt, i ordlista heilt bak i boka. (Eller ein kan la vere, men ikkje få med seg innhaldet.)

Denne konsentrasjonen Rajah krever frå lesaren gjer at ein ikkje like lett blir soge inn i historia, noko som er synd, fordi plottet og ideen er veldig god.

Talentfull debutant

Eg tenker at dette er ein roman som vert betre ved ei andre eller kanskje tredje lesing, når ein frå starten av veit kva det går i og har den fiktive historia litt under huda.

Boka har eit godt språk (unntatt manglande punktsetjing etter replikkar, noko ein kan irritere seg grøn over), og Rajah er utvilsamt ein talentfull forfattar det skal bli spennande å følgje med på.

LES FLEIRE BOKMELDINGAR HER!