Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 12.05.2019 10:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med vind i segla

Poll lever og arbeider som dekksgut på ei skute som siglar på ein tilsynelatande uendeleg fjord. Ein dag då han vaskar kahytta til kapteinen, kjem Poll over kista med dei mystiske bøkene som blir brukte i gravferdsseremonien når nokon i mannskapet døyr. Poll fell for freistinga, og snik til seg ei bok. Brått har han ein løyndom for dei andre om bord.

Samstundes blir den eine etter den andre av mannskapet råka av sjukdom, og doktoren på skipet får det travelt med å laga medisin nok til alle. Når vinden i tillegg løyar og skuta bli liggande still på sjøen, blir stemninga meir og meir dyster.

Einsamt univers

Og skipet siglar vidare lokkar oss inn i eit lite og lukka univers omslutta av eit stort inkje. Kvifor mannskapet er på skipet, kvar dei kjem frå og kvar dei er på veg, er spørsmål ein blir sitjande og gnaga på medan ein følgjer kvardagsdramatikken som utspeler seg om bord.

Den stilsikre språkføringa til debutant Rage gjer det lett å leva seg inn i dette underlege universet, og ein kjenner formeleg dirringa i dei ofte smålege sakene som opptar rollepersonane medan dei prøver å halda skipet – og tilværet – flytande.

Rage skriv ein klangrik, tradisjonell nynorsk som kler stoffet godt, med innslag av autentisk seglskutesjargong. At ein av og til må slå opp uvande ord som «beskøytar» eller «merset», er ein pris ein betalar med gladhug.

Språk og røyndom

Eit sentralt motiv i romanen er korleis me tolkar teikn og ser etter mønster i omgjevnadane våre. Poll strevar med å tyda skrifta i dei mystiske bøkene, mora Allis tyder vêrteikn og doktoren må tolka symptoma til mannskapet.

Alle har sitt avgrensa perspektiv, og er avhengige av kvarandre; men nett dette gjer kommunikasjonen mellom dei vanskeleg.

Tematikken er spegla i det litterære språket gjennom metaforane som mannskapet skildrar omgjevnadane sine med, som «kvelven» og «blåheimen». Dette får språket me sjølve nyttar, våre eigne forsøk på å danna meining i vårt univers, til å verka like underleg.

Godt selskap

Medan mange samtidsforfattarar skriv om seg sjølve eller si eiga verd, løftar Rage oss ut av kvardagen og minner oss på korleis fantasien kan kasta lys over røyndomen. Romanen fører oss tett på eksistensielle grunnvilkår og grenseerfaringar, og tar opp ein arv frå nokon av dei verkeleg gode nynorskforfattarane.

Den gammalvorne og postapokalyptiske stemninga leier tankane til romanar av Jan Roar Leikvoll og Jon Fosse. Den litt enkle, men vare hovudpersonen Poll ber i seg likskapar med Mattis i Tarjei Vesaas’ Fuglane.

Mads Rage gjer slett ikkje skam på eit slikt selskap. Og skipet siglar vidare er i det heile tatt ein svært lovande start på ein forfattarskap.

Les fleire bokmeldingar her!

Fakta

Og skipet siglar vidare

Mads Rage

Roman, 171 sider

Samlaget, 2018