Dette les debutantane i påska

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Påska er tid for litteratur, anten det er krim eller den boka som har gitt deg litt dårleg samvit og som du endeleg får tida til å lese.

For å hjelpe på inspirasjonen har me spurt eit knippe litteraturinteresserte debutantar: «Kva les du i påska?»

Dødevegen – Morten Bjerga

Forlagsredaktør og forfattar Oda Malmin har hausta lovord for sin romandebut. Foto: Oda Berby, Aschehoug

Først ut er Oda Malmin frå Stavanger, som debuterte med romanen Steinauge på Aschehoug i fjor. For romanen fekk ho forlaget sin eigen debutantpris og vart attpåtil nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris.

– I påska skal eg lesa Morten Bjergas rykande ferske roman DødevegenForteljinga vekslar mellom hovudpersonens vandring langs pilegrimsvegen til Santiago de Compostela og tankane hans når han sit i fengsel på Jæren eit par år seinare. Eg veit frå før at Bjerga skriv godt, så det var lett å velja seg denne vakre, grøne boka som den fyrste påskelektyren. Blir eg ferdig, går eg i gang med Therese Tungens noveller i samlinga Ein gong var dei ulvar. Det er neste bok ut i lesesirkelen eg er med i, og novellene har blitt skildra som uhyggelege, så det må jo vera godt påskestoff!

Lyst på krimtips til påsken? Dei får du her!

Mathias Nyhagen Asplund frå Bodø debuterte med barnebok på nynorsk i fjor. Foto: Jamie Chandler

Tor Jonsson, Tor Ulven og andre poetar (som ikkje heiter Tor)

Skodespelar Mathias Nyhagen Asplund frå Bodø debuterte i fjor med barneboka Der ingen finn oss på Cappelen Damm, som vann Kulturdepartementets debutantpris.

 Eg arbeidar med eit nytt bokprosjekt for tida, så denne påska vil eg fordjupe meg i bøker som er relevant til det eg skriv. Då blir det først og fremst masse poesi. Eg har nett vore på biblioteket å lånt ein liten stabel med bøker både med poesi og om poesi som no ligger å venter. I stabelen finst mellom anna Tor Jonsson, Tor Ulven og eit par andre poetar som ikkje heiter Tor.

Menn i min situasjon – Per Petterson

Svanhild Amdal Telnes vart nominert til Vesaas’ debutantpris for si første diktsamling. Foto: Julie Pike, Gyldendal

Svanhild Amdal Telnes frå Seljord vart nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris for diktsamlinga Om nettene brukar mor dråpeteljar, som kom ut i fjor.

Debuten handlar om korleis fortida kan halda tak i eit menneske og ikkje sleppa det laust, noko som greip tak i vår bokmeldar.

I påska reiser Telnes til Libanon i samband med hovudoppgåva på psykologstudiet, så det blir nok mest faglitteratur.

– Av skjønnlitteratur ligg Per Petterson si siste bok Menn i min situasjon på nattbordet no, og ho blir nok òg med i kofferten. Ellers er eg fan av å bruke appen ebokbib til å lese på mobilen, passar spesielt fint for dikt. Perfekt når ein er på tur og ikkje kan ha med seg alle bøkene ein kanskje skulle ynskje. Akkurat no har eg lasta ned Og når det blir lyst blir det helt fantastisk av Kristin Berget og Kvelningsminner av Eivind Hofstad Evjemo.

 

Biolog og fagbokforfattar Åsmund Husabø Eikenes debuterer skjønnlitterært denne våren. Foto: Tove Breistein, Samlaget

Berøring – Peder Kjøs

Åsmund Husabø Eikenes har tidlegare gitt ut dei populærvitskaplege bøkene Handboka og Sprut, men debuterer denne våren skjønnlitterært med romanen Håkon.

– I påska les eg Peder Kjøs si bok Berøring. Eg vart veldig imponert over podcasten hans Hos Peder, og synest at han har mykje bra å komme med. Temaet er også relevant for romanen min som kjem ut i mai, som mellom anna handlar om kor vanskeleg det er å snakke saman om relasjonar, sex og kjensler.

Tharaninga Rajah har sett til Finnmark i debuten sin. Foto: Oda Berby, Samlaget

Kvinna frå Roma – Alberto Moravia

Tharaninga Rajah frå Moi debuterte i fjor med «Det er lenge til skumring» på Samlaget. Boka vart nominert til P2-lytternes litteraturpris og vår meldar kalla det ein kreativ vri på dystopisjangeren.

– Eg skal til Roma i mai og tenkte å lesa Kvinna frå Roma av Alberto Moravia før reisa, elles så har Norsk Litteraturfestival fransk fokus i år, så om eg blir ferdig med Moravia før det, blir det ein fransk påske på meg. Lesinga mi blir gjerne brote av det eg må lesa til skriving og anna oppdrag, no les eg f.eks på ekfrasar av di eg har fått i oppdrag å skriva ei.

 

Mads Rage er utdanna ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og Universitetet i Bergen. Foto: Marie Sjøvold, Samlaget

Seg til inkjes – Lars Svisdal

Mads Rage frå Tysnes i Hordaland debuterte i fjor med romanen Og skipet siglar vidare på Samlaget, som vår bokmeldar meinte var ein lovande start på ein forfattarskap.

I påska les Rage truleg romanen Seg til inkjes av Lars Svisdal, som gav den ferske forfattaren Tarjei Vesaas’ debutantpris.

– Bygdemiljøet er svært godt skildra, og eg kjenner att folka og språket, som minner om staden eg sjølv voks opp. Så skal eg lesa Sebastian i draum av Georg Trakl, gjendikta av Jon Fosse. Trakl er ein gammal favoritt hjå meg, så det vert interessant å lesa han på nynorsk. Elles les eg sakprosaboka A Crack In Creation av Jennifer Doudna og Samuel Sternberg. Doudna var sentral i oppdaginga av genmodifiseringsverktøyet CRISPR, og fortel mellom anna om korleis teknologien gjer det mogeleg å redigera genmaterialet til framtidige generasjonar, noko som både gir fantastiske mogelegheiter og urovekkande framtidsvisjonar.

Les også: Georg Trakl vart berre 27 år – Fosse har gjendikta hovudverket hans

Enlightenment now – Steven Pinker

Susanne Skogstad debuterte i fjor med romanen Svartstilla på Gloria forlag. Romanen vekte mellom anna merksemd fordi den då 26 år gamle debutanten frå Eid valde å portrettere ei gamal dame.

– Akkurat no er det Steven Pinkers Enlightenment now. Kanskje ikkje så veldig påskete. Spørs om ikkje Annes påskequiz sniker i køen, eg må jo rekke å pugge svara før eg skal heim hjå mor. Av skjønnlitteratur har eg med meg Houellebecq sin Serotonin i sekken heim.

Les også intervjuet med Susanne Skogstad, som droppa ut frå vidaregåande for å jobba på vindaugefabrikk.

Susanne Skogstad frå Eid har gjort seg bemerka for debutromanen «Svartstilla», som handlar om ei gamal kvinne.

Susanne Skogstad frå Eid har gjort seg bemerka for debutromanen «Svartstilla», som handlar om ei gamal kvinne.