Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 01.09.2018 08:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er ikkje så veldig interessert i meg sjølv som objekt. Det er verda rundt og dei store linjene som interesserer meg, seier Susanne Skogstad.

26-åringen frå Eid har allereie fått mykje merksemd for debutromanen «Svartstilla», som er gitt ut på det ferske forlaget Gloria.

Tittelen skildrar ein tilstand der vatnet ligg heilt speilblankt og stilt. Ein tittel som òg skildrar tilstanden til hovudpersonen i boka – den eldre kvinna, som har mista mannen ho har vore gift med i alle år.

Gjennom eit presist, poetisk og innhaldsmetta språk skildrar Skogstad kjenslene til den gamle kvinna og samspelet med dei tre borna, som ser seg nøydd til å sende mor si på gamleheimen.

Les også: Då søskenbarnet tok sitt eige liv, søkte Vilde (22) til musikken

Lunken vestlending

Når Framtida.no møter debutanten på kafé i Oslo skal ho i gang med sitt andre år på manusforfattarlinja ved Westerdals Høyskolen Kristiania.

Debutromanen hennar har fått positiv omtale og terningkast 5 i fleire aviser og bloggar. Men sjølv har ikkje Susanne våga å opne boka, i frykt for å finne ting ho er misnøgd med.

– Eg har fått litt tyn frå forlaget fordi dei meiner eg ikkje vert glad når eg får gode nyhende, noko dei meiner at det er typisk vestlendingar, smilar Skogstad.

Les også: Ho har skrive «Lovleg»

Frå fabrikken

I dei fleste aviser har Susanne Skogstad blitt presentert som 27-åring, men ho er faktisk berre 26 år. Medan andre jamaldrande kan ha hatt minimal kontakt med arbeidslivet og maksimalt med studielån, har Susanne ein litt anna utdanningsveg.

Då ho var ferdig med eitt år på vidaregåande bestemte ho seg for å slutte på skulen. Ho var skulelei, tykte overgangen frå ungdomsskulen til vidaregåande var tøff og hadde behov for å gjera noko anna.

Foreldra var kanskje ikkje over seg av begeistring, men systera hadde skaffa ho jobb på den lokale vindaugefabrikken. Der vart ho i om lag seks år, med nokre avbrot i samband med reising.

– Når ein jobbar i ei bedrift så er omgangskretsen meir 40+ enn 20+, så eg fekk ein heilt anna type omgangskrets, noko som òg er veldig givande, seier Skogstad.

– Er dette noko du har teke med deg inn i skrivinga di?

– Eg føler at boka er åtskilt frå meg som opphavsmann… eller kvinne då… for sinte feministar, seier Skogstad med eit lite smil.

Les også: Raud Ungdom-leiaren var ein «dropout» –  no har ho fullført vidaregåande

Den gamle dama si soge

Aftenposten skreiv førre veke om unge debutantar som skriv som om dei er 90 år. For

«Svartstilla» er gitt ut på det ferske forlaget Gloria, som er eitt av forlaga knytt til Petter Stordalen. Omslag: Gloria

«Svartstilla» er gitt ut på det ferske forlaget Gloria, som er eitt av forlaga knytt til Petter Stordalen. Omslag: Gloria

Skogstad handlar det ikkje om alder eller livssituasjon, men om å finna fram til noko særeige menneskeleg.

– Det var den valdsame sorga som interesserte meg, som då vart til den gamle dama si historie. Ei av grunnane til at hovudpersonen vart ei eldre dame var at eg ville gi sorga ei slags autensitet i form av at dette er eit menneske som har gått gjennom livet og fått det knallhardt i fleisen, slik alle får, fleire gongar, seier Skogstad.

I likheit med sine førebilete Jon Fosse og Jan Roar Leikvoll, nyttar ho litteraturen i sin søken etter noko som er sant.

– Eg trur eitt eller anna som er sant i verda kan vere like sant i fiksjonen, som i verkelegheita – om ikkje meir, seier Skogstad.

Les også: Sumaya Jirde Ali bokdebuterer: – Ikkje ver redd sånne som meg

Råd på vegen

For Skogstad var ikkje vegen lang frå bokutkast til utgjeving. Vegen gjekk via ein gjesteforelesar, som sette ho i kontakt med det nyoppstarta forlaget Gloria. Dei var interesserte og ringte tilbake allereie neste dag. Deretter gjekk det slag i slag.

– Har du nokre tips til unge som drøymer om å gje ut ein roman?

– Ein kjem ikkje unna at ein må skrive og lese mykje. For min eigen del har det vore viktig å ikkje berre lese skjønnlitteratur, men òg historie og filosofi. Eg synest det er viktig å setje seg inn i historia og vete kor me kjem frå og korleis folk tenkte før.

– Og kva las du sjølv i tenåra?

–  Eg har alltid lese mykje. Det som er litt dumt er at eg ofte leste ting opp att, så frå eg var ti til eg var tjue trur eg at eg las Harry Potter ti gongar.

– Kva var det som fengja deg slik?

–  Det var interessante karakterar, som eg likte godt då eg var ung. Plottet er så utruleg bra og på plass. Det har så mange parallellar frå verkelegheita. Eg skreiv særemne i norsk og samanlikna Harry Potter med verkelegheita og fann så mange likheiter. Den vonde trollmannen Grindelwald vart nedkjempa i 1945. Det er ikkje tilfeldig.