Debutantane sine beste krimtips

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Susanne Skogstad debuterte i fjor med romanen Svartstilla på Gloria forlag. Romanen vekte mellom anna merksemd fordi den då 26 år gamle debutanten frå Eid valde å portrettere ei gamal dame.

Skogstad er første dame til å dela sitt beste krimtips for påsken 2019:

– Eg er veldig glad i Tom Egeland sine bøker. Han har mykje spennande religiøs tematikk som jo kler påska godt. Elles må eg som nynorsking trekke fram Ettermæle av Olav Duun som eg las nyleg, og som husar den legendariske aforismen: som du snur senga di slik ligg du.

Les også intervjuet med Susanne Skogstad, som droppa ut frå vidaregåande for å jobba på vindaugefabrikk.

Mads Rage er utdanna ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Foto: Marie Sjøvold, Samlaget

Den tredje politimannen – Flann O’Brien

Mads Rage debuterte i fjor med romanen Og skipet siglar vidare på Samlaget, som vår bokmeldar meinte var ein lovande start på ein forfattarskap.

– Mitt beste krimtips er ikkje ein krim, men romanen Den tredje politimannen av Flann O’Brien, som rett nok er mystisk og handlar om eit mord, men samstundes sklir fullstendig vekk frå krimkonvensjonane og vert ei svært morosam og bisarr bok av den typen ein har lyst til å lesa fleire gonger.

 

 

Tharaninga Rajah har sett til Finnmark i debuten sin. Foto: Oda Berby, Samlaget

Krimmen over alle krimmar: Hercule Poirot

Tharaninga Rajah frå Moi debuterte i fjor med «Det er lenge til skumring» på Samlaget. Boka vart nominert til P2-lytternes litteraturpris og vår meldar kalla det ein kreativ vri på dystopisjangeren.

– No les eg ikkje krim, men set pris på gode krim-tvseriar. Personleg føretrekk eg dei med nydeleg natur, eit par islandske fell inn under her, og Shetland, som har ein koseleg politimann som hovudkarakter. Dei med politivald likar eg ikkje. Så må me ikkje gløyma krimmen over alle krimmar: Hercule Poirot med David Suchet!

 

Skittent spill – Simen Kjellin

Biolog og fagbokforfattar Åsmund Husabø Eikenes debuterer skjønnlitterært denne våren. Foto: Tove Breistein, Samlaget

Åsmund Husabø Eikenes har tidlegare gitt ut dei populærvitskaplege bøkene Handboka og Sprut, men debuterer denne våren skjønnlitterært med romanen Håkon på Samlaget.

– Eg hugsar endå den grufulle scena i Panserhjerte av Jo Nesbø der hovudpersonen har fått eit tortur-eple dytta inn i munnen. Det liknar ein grotesk nellik-appelsin, med eit snøre som heng ut. Dersom nokon trekk i tråden kjem det lange, syltynne piggar ut av alle taggane, og spiddar hjernen slik at personen døyr. I boka må difor helten hekte av sin eigen underkjeve ved hjelp av ein spiker i veggen for å få ut eplet og unngå å bli drept. Eg sov ikkje den natta. Så då tipsar eg heller om Simen Kjellin sin nye ungdomsroman Skittent spill. Høgt tempo og mykje spenning, og det går an å sove etterpå.

 

Svanhild Amdal Telnes vart nominert til Vesaas’ debutantpris for si første diktsamling. Foto: Julie Pike, Gyldendal

Fyrste gong me møtest som snø – Sondre H. Bjørgum

Svanhild Amdal Telnes frå Seljord vart nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris for diktsamlinga Om nettene brukar mor dråpeteljar, som kom ut i fjor.

Debuten handlar om korleis fortida kan halda tak i eit menneske og ikkje sleppa det laust, noko som greip tak i vår bokmeldar.

– Eg les veldig lite krim, så det ville blitt eit skikkeleg skot i blinde. Men eg vil bruke anledninga til å tipse om diktsamlinga Fyrste gong me møtest som snø av Sondre H. Bjørgum. Det er for det fyrste ei veldig fin diktsamling, og i tillegg er det ein slags hybrid mellom poesi og krim, så slik sett passar den som svar på dette spørsmålet.

Parfymen: Historien om en morder – Patrick Suskind

Mathias Nyhagen Asplund frå Bodø debuterte med barnebok på nynorsk i fjor. Foto: Jamie Chandler

Skodespelar Mathias Nyhagen Asplund frå Bodø debuterte i fjor med barneboka Der ingen finn oss på Cappelen Damm, som vann Kulturdepartementets debutantpris.

– Eg kan anbefale å lese Parfymen: Historien om en morder, av Patrick Suskind, den likte eg godt då eg las han. Det er ei litt uvanleg bok som ein kan lase fleire gongar. Eg har også lest mykje av Edgar Allen Poe, mest dikt, men Poe har også mange noveller som er spennande. Poe var tidleg ute i krim-sjangeren med korte, mørke og utfordrande noveller som passer godt til påska. Les Sladrehjertet, og diktet Ravnen. Eg har også hatt mykje glede av Roald Dahls noveller. Der er det mykje å oppdaga, fint, mørkt og smart skrive som i klassikaren Dypfryst, og i samlinga Hevnen er søt: Tretten makabre fortellinger. Alle elskar Roald Dahl.

Forlagsredaktør og forfattar Oda Malmin har hausta lovord for sin romandebut. Foto: Oda Berby, Aschehoug

Den hemmelige historien – Donna Tartt

Oda Malmin frå Stavanger jobbar til vanleg som manusredaktør hjå Samlaget, men gav ut debuten Steinauge på Aschehoug. For romanen fekk ho forlaget sin eigen debutantpris og vart attpåtil nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris.

– Mitt beste krimtips trur eg må vera Donna Tartts Den hemmelige historien, som eg har lese fleire gongar. Om ikkje klassisk krim, så er det iallfall ein psykologisk thriller. Historia gir eit fascinerande innblikk i dei sosiale relasjonane i eit elitistisk collegemiljø i USA. Etter kvart blir boka ekstremt ubehageleg – for sjølv vanlege folk kan enda opp med å gå altfor langt om nok står på spel. Elles er Christian Jungersens Unntaket, Agnes Ravatns Fugletribunalet og Stefan Spjuts Stallo framifrå spenning. Skulle eg tilrådd klassikarar, måtte det blitt Wallander-bøkene til Henning Mankell.