Raftostiftelsen har fått 50.000 kroner i nynorskstipend frå Noregs Mållag til å laga kortstokkar om menneskerettar, medan Kristoffer Hunderhagen har fått eit like stort stipend til å utvikla eit matematikkspel på nynorsk.

Raftostiftelsen skal bruka stipendet til å trykkja og distribuera 300 kortstokkar med tittelen «Bryt Noreg menneskerettane?», fortel Noregs Mållag i ei pressemelding.

– Dette er det første undervisningstilbodet vi har laga på nynorsk, og det vil berre finnast tilgjengeleg på nynorsk for å fremja nynorsk som eit naturleg arbeidsspråk for alle skuleelevar, seier prismottakar Julie Ane Ødegaard Borge som representerer Raftostiftelsen.

Les også: To frisørkjeder kåra til Årets nynorskbrukarar 2019

To fluger i ein smekk

Den andre prismottakaren er Kristoffer Hunderhagen frå Naustdal. Han er gründer og dagleg leiar i selskapet Eduplaytion, ei oppstartsbedrift med erfarne matematikklærarar, designarar og spelutviklarar med hovudkontor i Naustdal. Nynorskstipendet frå Noregs Mållag skal gå til å utvikla matematikkspelet Numetry, som er eit nytt konsept for elevar frå 4.–7. trinn.

– I tillegg til å gjera ungane gode i matte, skal spelet visa fram nynorsk og mangfaldet av dialektar i Noreg, skriv Noregs Mållag.

Begge stipenda er på 50.000 kroner. Noregs Mållag deler kvart år ut dei to nynorskstipenda for å hjelpa fram gode prosjekt som kan fremja nynorsk på alle samfunnsområde.

Les også: Snart kan du få «Gild sild» og «Blaut stol» som bankID-passord

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE