To frisørkjeder kåra til Årets nynorskbrukarar 2019

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Gründerane Irene Stana i Floke og Trude Lundevall i Balanzera nyttar nynorsk som ein medviten del av identiteten i bedriftene sine. Dei gjer nynorsk synlegare i både bygder og byar, seier styreleiar i Nynorsk kultursentrum Lodve Solholm i ei pressemelding. 

Kvar av prisvinnarane får 50 000 kr kvar og eit grafisk blad av Arne Nøst som blir delt ut opningsdagen for Dei nynorske festspela i Ørsta 13. juni.

Irene Stana er administrerande direktør i Floke. Foto: Jarl Martin Garder

Inga floke på nynorsktråden

Administrerande direktør i Floke, Irene Stana, seier det er ei stor æra å verte heidra med prisen, både for alle medarbeidarane i bedrifta og ho sjølv:

– Eg har vore oppteken av det nynorske språket sidan eg byrja å lese som sjuåring. Nynorsk er ein viktig del av identiteten min og dermed også identiteten til Floke.

Pengepremien vil ho nytte til utvikling av nye tekstar til den nye grøne produktserien LYNG, som blir lansert i år.

Les også om korleis Floke er ein «grøn» frisørsalong.

Nynorsk for å skilje seg ut i Oslogryta

Eigar Trude Lundevall i Balanzera vart overraska og glad då ho fekk nyheita, og fortel at ho har vore bevisst på å bruke nynorsk som hovudmål når ho representerer salongen heilt sidan oppstarten i 2008.

– Nynorsk er eit finare skriftspråk og det språket som kjennest mest naturleg for meg. Eg har alltid hatt nynorsk som hovudmål, og nytta sjølvsagt høvet til å bevisst kunne skilje meg ut blant dei mange salongane i Oslo, seier Lundevall i ei pressemelding.

Tidlegare har Trude Lundevall fortalt at tilbakemeldingane ho har fått på målforma har vore overveldande positive, både frå nynorskentusiastar og vanlege folk:

– Det er ganske mange frå mållaget som klipper seg her, sa ho.

Les også meiningsinnlegget: «Om du ikkje forstår nynorsk er det du som er problemet»

Aukar den språklege sjølvtilliten til nynorskbrukarar

Bedriftene får skryt for å bruke nynorsk i marknadsføringa og kundekontakta, og for å gjere nynorsken synleg på bokmålsdominerte stader så vel som nynorske kjerneområder. Floke har salongar i Oslo, Bergen, Førde, Jølster, Molde, Odda, Stavanger, Strandebarm, Voss og på Åsane, medan Balanzera er til stades med to salongar i Oslo og ein på Kvitseid.

– Innsatsen desse gjer er viktig for nynorskbrukarane. Det bur nynorskbrukarar i alle kommunane i Noreg, men skriftspråket vårt er ikkje synleg over alt og på alle område. Innsatsen til desse frisørane er med på å auke den språklege sjølvtilliten og medvitet til oss nynorskbrukarar, seier Lodve Solholm i ei pressemelding.

Les også om fjorårets vinnar: John-Ragnar Aarset frå Høgre.