Yngre politikarar vert mest utsette for hat og trugslar

Fire av ti lokalpolitikarar har opplevd hets og trugslar, ifølgje ein ny rapport.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Jeg ser fram til å møte deg i en mørk gate, kjøre en kniv i deg og vri rundt».

Dette er ein av trugslane som norske lokalpolitikarar fortel at dei har fått.

Les også: Slik taklar du hatytringar på nett

15 prosent slutta

Hatefulle ytringar og trugslar kan påverke lokalpolitikarane både psykisk og sosialt og gå ut over motivasjonen til å delta i politikken.

Heile 43 prosent av norske lokalpolitikarar har opplevd hatefulle ytringar eller truslar og halvparten har vurdert å gi seg i politikken på grunn av dette. 15 prosent har slutta.

Det kjem fram i ei ny rapport som er utført av Ipsos på oppdrag frå kommunesektoren sitt organ, KS.

1700 lokalpolitikarar frå heile landet har svara i undersøkinga.

Undersøkinga viser at:

  • 39 prosent har vore utsett for hatefulle ytringar
  • 13 prosent har vore utsett for trugslar
  • 14 prosent av lokalpolitikarane som har vore utsett har meldt saka til politiet.

Les intervju med Stopp hatprat-ambassadør Kaja Hilleren: – Det er i ferd med å bli normalt å hate andre på nett 

 

Ei fare for demokratiet

Før jul fortalde Ali Hamza, som er fylkesleiar i Rogaland AUF, til Framtida.no at han vurderte å slutta å engasjera seg på grunn av netthetsen han vart utsett for.

– Eg forventa sakleg kritikk, men eg fekk ting som var basert på min hudfarge, min etnisitet, meg som person og korleis eg ser ut. Noko eg opplevde som svært ubehageleg, sa 18-åringen til Framtida.no i desember.

I pressemeldinga slår KS fast at det at nokon vert truga til tausheit er ei fare for demokratiet.

– Folkevalte representerer innbyggjarane sin vilje og meining og har eit særleg ansvar for å bidra til ein opplysande debatt om viktige samfunnspolitiske saker, skriv dei vidare.

Les også: Operasjon Dagsverk vert kalla antisemittar, jødehatarar og nynazistar

Kommentarfeltknipa

Dei hatefulle ytringane kjem i hovudsak på internett, som regel via sosiale medium, i tillegg til kommentarfelt og nettforum.

Medieforskar Melanie Magin sa til Framtida.no i januar at det ikkje finst eitt enkelt svar på korleis ein skal handtere nettroll og netthets. Foto: Privat

Både Dagbladet og Nettavisen har stengt kommentarfelta sine for å få bukt med problemet, noko NTNU-forskar Melanie Magin ikkje meiner er vegen å gå.

– Sjølv om kommentarfelta fører til mykje negativt, som hets og kjensleladde, spontane kommentarar, så er det ofte ikkje ein bra ting å stenge dei. Då mistar ein alle fordelane også, sa ho til Framtida.no i januar.

Les også intervju med sosiolog Carina Riborg Holter, som har djupneintervjua dei som hatar på nett: – Dei som skriv hatytringar er ikkje einsame ulvar

Hardare for yngre politikarar

Yngre politikarar er meir utsett for både hets, trugslar og det å bli fysisk angripen eller forfølgd, enn eldre. Vidare er politikarar i Nord-Noreg meir utsett for hatefulle ytringar og politikarar i sentrale strok meir utsett for trugslar.

Hatefulle ytringar går hardt ut over Frp-politikarane der halvparten fortel om hatefulle ytringar. Ein tredel av dei som representerte Sosialistisk Venstreparti fortel om trugslar om å skade dei eller familien, tett følgt av 27 prosent av Framstegspartiet.

Blant KrF-politikarane er det færrast som har opplevd hatefulle ytringar.

Les også intervju med tidlegare leiar i Ungdom mot Rasisme, Mina Adampour, som opplevde å bli slått ned i oppgangen sin heime på Grünerløkka:

Mina Adampour. Foto: Piritta Räsänen