Kva skjer når avisene stenger kommentarfelta sine?

Ida Johanne Aadland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Sjølv om kommentarfelta fører til mykje negativt, som hets og kjensleladde, spontane kommentarar, så er det ofte ikkje ein bra ting å stenge dei. Då mistar ein alle fordelane også.

Det seier Melanie Magin, postdoktor i mediesosiologi ved NTNU som har doktorgrad i kommunikasjonsvitskap. Ho understrekar samstundes at det er umogleg å gje eitt svar på kva som er rett å gjere.

«Eit tap for demokratiet»

Nettavisen føler ikkje lenger at kommentarfeltet deira bidreg til noko positivt. Dei har brukt mykje ressursar på stygge kommentarar, personangrep, sjikane, truslar og hatefulle ytringar, og valde derfor å stenge kommentarfeltet sitt rett etter nyttår.

– Me har lagt mykje prestisje i kommentarfeltet vårt, og me har forsøkt å moderere og ta grep om å skape ein meir konstruktiv debatt, men me ser no at det vert for vanskelig, seier nyheitsredaktør i Nettavisen, Erik Stephansen, til Medier24.

På Nettavisen sine nettsider kan du ikkje lenger skrive kommentarar, men du må fylle ut dette skjemaet. Foto: Skjermdump frå nettavisen.no

Nettavisen, som har fått mellom 1000 og 1500 kommentarar kvar dag, har opna ei ny løysing for debatt: ei «ordet fritt»-løysing. Kven som helst skal kunne sende inn korte ytringar, som Nettavisen vurderer og eventuelt publiserer.

– Det beste me kan gjere for det offentlege ordskiftet i dag, er å sørge for at folk som tek seg bryet med å argumentere ordentleg for meiningane sine, ikkje hamnar langt ned i eit kommentarfelt der folk hakkar på kvarandre, men heller vert løfta fram, seier Gunnar Stavrum, ansvarleg redaktør i Nettavisen til Medier24.

Les også: Kjerringråd mot kronisk hets

Har det blitt for lett å ta del i debatten?

Kommentarfelt i seg sjølv er ein relativt ny debattarena, og for berre nokre tiår sidan fanst verken nettaviser eller Facebook. Debatten har no blitt opnare, på godt og vondt.

Melanie Magin

Melanie Magin er oppteken av at ein ikkje brukar ordet sensur feil. At Nettavisen og Dagbladet driv med sensur, er feil, seier ho. – Sensur er noko ein stat gjer, ikkje ei avis. Foto: Privat

– Det har blitt lettare å delta i debatten no enn det var før, og me har blitt vane til at me kan kommentere kor som helst og når som helst. Samtidig har me etablert ein kultur der ein trur noko er greit, berre fordi andre gjer det same. Det fører til at mange ikkje tenker på dei potensielle konsekvensane av det dei skriv, seier Magin.

Ho trekk også fram fordelane.

– All utvikling har fordelar og ulemper. Etter at kommentarfelta kom, har debatten vorte meir interaktivt og inkluderande, og det er lettare å kome med tilbakemelding.

At nokre aviser stenger kommentarfelta sine på nett, betyr ikkje at det vert vanskeleg å delta i den offentlege debatten, trur Magin. Ho viser til at det framleis finst mange debattarenaer på nett.

Les også: Ali Hamza vurderte å slutta å engasjera seg på grunn av netthets

Få deltek, men mange les

– Me må hugse på at det berre er ei veldig lita gruppe som deltek aktivt i diskusjonane i kommentarfelta, seier Magin.

Samtidig understrekar ho at det er mange som likevel les kommentarfelta. Derfor er det viktig å delta i debatten, sjølv om det ofte kan verke unødvendig å diskutere med folk som tilsynelatande ikkje kjem til å endre meining uansett, meiner Magin.

– Sjå for deg at du les ei sak om innvandring. I kommentarfeltet er det berre negative kommentarar, slik at du som lesar får ei oppfatning av at størstedelen av folk er imot innvandring. Det stemmer ikkje. Dei som brukar kommentarfelta er ikkje representative for befolkninga.

Les også: – Dei som skriv hatefulle ytringar er ikkje einsame ulvar

Problemet vil ikkje forsvinne

Melanie Magin trur ikkje problemet med hatefulle og usaklege kommentarar nokon gong vil forsvinne, men at ein må finne nye løysingar.

Eit draumekommentarfelt ville ifølgje Magin hatt konstruktive kommentar, eit hyggjeleg språk, gjennomtenkte argument og svar på det andre har skrive, ikkje berre eigne påstandar.

– Men slike kommentarfelt finn ein nesten aldri i verkelegheita, dessverre.