– Det er i ferd med å bli normalt å hate andre på nett. Sånn kan det ikkje vere!

Kampanjen «Stopp hatprat» jobbar mot mobbing og trakassering på nett. No søker dei nye ambassadørar.

Beate Haugtrø
Publisert
Oppdatert 06.09.2018 16:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kaja Yngsdal Hilleren (17) er ein av åtte ungdommar som er ambassadør for Stopp hatprat i Noreg.

Stopp hatprat er ein ungdomskampanje for menneskerettar og mot hatprat på nett.

Som ambassadør så er ho med og held føredrag på ungdomskonferansar, og på barneskolar på forskjellige trinn. Der snakkar dei om korleis det påverkar deg å bli utsett for hatprat som menneske. Dei jobbar òg for å påverke dei unge til å snakke positivt til kvarandre.

Forferdeleg at det kan skje i Noreg no i dag

Den siste veka har forfattar og meiningsytrar Sumaya Jirde Ali (21) trekt seg frå debattar og arrangement. Grove truslar og hets i innboksen hennar og i kommentarfelta har vorte ei for stor belastning. No har ho gått ut offentleg med at ho har fått angst og depresjon.

– Eg synst det er heilt forferdeleg at det kan skje i Noreg no i dag at nokon skal utsetjast for så mykje hets og trakassering fordi ein ytrar seg i media. Vi i Stopp hatprat reagerer veldig sterkt på at det går på hennar hudfarge og at ho er muslim. Vi støttar ho fullt ut.

Dessverre er Jirde Ali sitt tilfelle ikkje det einaste.

– Når du er ung kvinne er det ekstremt lett å få hets. Om du i tillegg er innvandrarkvinne og går med hijab, så er du eit perfekt mål for den hetsen, seier Hilleren.

Etnisitet og seksuell orientering mest utsett

Ein forskningsrapport frå 2016 viser at etnisitet og seksuell orientering er dei vanlegaste grunnlaga for hatefulle ytringar. Ifølge ein rapport frå Nordlandsforsking, har òg ein av tre funksjonshemma opplevd hatytringar.

Sumaya Jirde Ali har måtta tåla mykje hets. Arkivfoto: Andrea Nøttveit

Unge har langt oftare enn eldre hatt ubehagelege opplevingar på nettet. Ifølgje rapporten frå 2016 er det små kjønnsforskjellar når det gjeld omfang, men kvinner og menn blir utsette for ulike formar for netthets.

Mens menn først og fremst opplever ubehagelege og nedlatande kommentarar retta mot innhaldet i argumenta sine, opplever kvinner at mykje av hetsen er retta mot kjønn og utsjånad.

«Berre vent til du sjølv blir valdteken»

Då Kaja Yngsdal Hilleren sjølv publiserte eit lesarinnlegg som omhandla innvandring og Sylvi Listhaug i Dagbladet sommaren 2016, rann innboksen hennar over.

– Folk skreiv «Berre vent til du sjølv blir valdteken», og kalte meg ung dum blondine, seier Hilleren.

Nokon skreiv at ho var «like dum som sine venner på Utøya», og ho vart bedt om å reise til «no go zone» i Sverige med miniskjørt og ein homofil venn. «No go zone» henviser til utkantane i Sverige som er berykta for mykje vald og kriminalitet og der styresmaktene har mista kontroll.

– Koss reagerte du sjølv?

– Eg var førebudd på hets, men sjokkert over graden og mengda.

Ho fortel at folk sendte melding rett på mobilen. Lange og velformulerte meldingar «med vennleg helsing».

Debattklimaet kan føre til at mange lar vere å ytre seg

Eirik Rise. Foto: Privat

Eirik Rise. Foto: Privat

Eirik Rise er kampanjekoordinator for Stopp hatprat. Ut i frå erfaringa til Stopp hatprat, så er kvinner meir utsette enn menn. Mange opplever å få sexistiske hatytringar i debattar på nett berre fordi dei er kvinner.

– Haldningane i samfunnet påverkar koss kvinner blir møtte når dei deltar i debattar og offentlege rom. Om menn hadde sagt det samme hadde dei ikkje nødvendigvis fått same reaksjon, seier han.

Hilleren trur det kan føre til at nokre blir borte frå debatten.

– Det seier mykje om kva slags debattklima vi har i Noreg i dag. Eg trur det fører til at mange let vere å ytre seg. Sumaya måtte trekke seg, og truslane mot henne har vore så alvorlege at ho har vore nøydd til å gå med valdsalarm, seier Hilleren.

Eit felles samfunnsansvar

Rise meiner vi har eit felles samfunnsansvar for at folk ikkje skal pressast ut av debatten.

– For å få til ein demokratisk debatt er ein avhengig av at alle tør å uttale seg. Det går an å komme med tilbakemelding på ein sakleg måte utan å gå til personangrep, seier han.

Han meiner at hetsen mot Sumaya Jirde Ali òg skaper ei signaleffekt.

– Det ho er utsett for skaper eit bilde for andre som ønsker å delta om at dette kan vere farleg. Det kan gjere at mange ikkje tør eller ikkje orker å ytre seg fordi dei er redde for å oppleve den type form for hets.

Ei stor psykisk påkjenning

– Kva gjer det med folk?

– Ein kan jo sjå på Sumaya, som i utgangspunktet er ein veldig sterk person. Som ikkje var redd eller er redd for å seie meiningane sine. Men som likevel blir pressa i forhold til også familie, venner og eiga sikkerheit. Det kan vere ei stor psykisk påkjenning, og kan føre til at folk vegrar seg for å delta i samfunnsdebatten, seier Rise.

Han meiner at det òg kan bidra til å skape eit bilde av at innvandrarar ikkje er ønska.

– Du blir putta i ein bås og fortalt at du ikkje høyrer heime. Det kan føre til at ein ikkje føler seg heime i samfunnet og er eit lettare offer for radikalisering, seier han.

Han tilføyer at det no er viktig å stå saman om å vise Sumaya støtte og å vise
at hatytringar ikkje er greit.

– Vi kan snu trenden og vinne denne kampen,seier han.

Stopp Hatprat jobbar vidare for å informere om og for å motarbeide hatefulle ytringar og truslar på nett. No søker dei nye ungdomsambassadørar. Søknadsfristen er 18. mars.

Om Stopp hatprat

  • Stopp hatprat er ein kampanje starta av Europarådets ungdomsråd.
  • Målet for kampanjen er å gi unge menneske verktøy for å stå opp mot hatefulle ytringar på nett.
  • Målgruppa er både dei som har blitt utsette for hatprat, og unge som ønsker å støtte dei som blir ramma.
  • Gjennom møteplassar og workshop blir ungdom bevisstgjorte konsekvensane av, og bygger kunnskap om hatprat og blir kjente med verktøy for å svare på ytringane.