Hamza Ali vurderte å slutta å engasjera seg på grunn av netthets

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 01.07.2020 10:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg forventa sakleg kritikk, men eg fekk ting som var basert på min hudfarge, min etnisitet, meg som person og korleis eg ser ut. Noko eg opplevde som svært ubehageleg, seier Hamza Ali (18).

Som 16-åring skreiv den engasjerte ungdomspolitikaren eit motsvar til Sylvi Listhaug sin Facebook-post om innvandring der ho mellom anna skreiv: «Her spiser vi svin, drikker alkohol og viser ansiktet vårt.»

Les også: Bør ytringsfridomen regulerast sjølv når det kan enda i vald?

Vurderte å slutta i politikken

Debattinnlegget som fekk tittelen «Eg e svart, eg e muslim og eg e norsk» gjorde at Dagbladet førebudde han på at han kunne forventa stygge kommentarar. Ali vart råda til å ikkje lesa kommentarane på Facebook, noko han likevel gjorde.

– På det tidspunket tenkte eg at det kan eg tåla, men etter at eg fekk så mange kommentarar og private meldingar så var eg faktisk usikker på om eg var skapt for dette, seier Ali.

Han vurderte om han skulle halda fram å engasjera seg i politikken, men stod i det og er i dag fylkesleiar i Rogaland AUF.

Hamza Ali valde å anmelda enkelte av kommentarane og såg at det nytta, då det endte med domfelling og bøter.

– Eg skjønte at det går an å bekjempa det og det gjekk opp for meg at eg er ikkje åleine, seier 18-åringen.

Les også: Slik taklar du hatytringar på nett

Panelsamtalen vart leia av Spire-leiar Hege Skarrud (t.h). Med seg hadde ho barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland, bloggar og samfunnsdebattant Sigurd Gjerde Jakola, styremedlem i Norges Handikapforbund Ungdom, Ida Hauge Dignes, Stopp hatprat-ambassadør Helene Malting Gammelsrød, og samfunnsdebattant Adrian Bolstad.

– Vaksne er verstingane

Framtida.no møter Hamza Ali under konferansen Status hatprat, der han er første innleiar. Fredag 30. november var kring 70 ungdommar samla på Sentralen i Oslo for å læra å avsløra og stogga hatprat.

– Vaksne er verstingane, slår barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland fast under ein paneldebatt om emnet.

– Eg trur eigentleg ikkje alle vaksne skjønar at i sosiale medium så er det eit menneske i andre enden. Det gjer ungdom, fordi dei er vakse opp i ein heildigital generasjon. Eg opplever at ungdom veit at ein kommuniserer med eit menneske og ikkje ein datamaskin, utdjupar statsråden.

Les intervju med Stopp hatprat-ambassadør Kaja Hilleren: – Det er i ferd med å bli normalt å hate andre på nett 

Fryktar for demokratiet

Trass i statistikk og tal som peikar på at omfanget av hatytringar aukar har Helleland trua på framtida og dagens ungdom, som ho oppfattar som meir tolerant enn sine foreldre.

Den profilerte Høgrepolitikaren vart sjølv valt inn i bystyret i Trondheim som 18-åring og fortel at kommentarane som går på kjønn og alder er dei som har gått mest inn på ho.

– Men frå den dagen valte eg eit liv i det offentlege, som gjer at ein skal eigentleg tåle veldig mykje, seier Helleland.

Statsråden fryktar likevel at hatytringar kan hindra særleg unge kvinner i å engasjera seg i politikken, noko ho meiner er eit demokratisk problem.

Les også: Operasjon Dagsverk vert kalla antisemittar, jødehatarar og nynazistar

– Alle skal ha moglegheit til å sei sitt, utan at du møtar den døra i form av hatytringar, seier Ida Hauge Dignes, nestleiar i Norges Handikapforbund Ungdom Oslo.

Utsette minoritetar

Forskar ved Institutt for samfunnsforskning, Audun Fladmoe, fortel frå scena at minoritetar er særleg utsett for hatytringar. Det kan då dreia seg om ting som etnisitet, religion, seksuell legning eller funksjonsnivå.

– Det er veldig mange av oss funksjonshemma som opplever å få slengt hatytringar etter oss i form av hemmis, hemma, krøpling, grønsak, fortel Ida Hauge Dignes som er nestleiar i Norges Handikapforbund Ungdom Oslo under debatten.

Ifølgje Fladmoe skil hatefulle ytringar seg for andre formar for hets i at det rettar seg mot kven ein er og gruppekjenneteikn knytt til mellom anna hudfarge, religion, legning eller nedsatt funksjonsevne og har som formål å spreie hat mot grupper.

På denne måten går ytringa ikkje berre ut over den personen som vert utsett for det, men òg andre representantar for gruppa som kan føla seg utsett om ein ser meldinga på til dømes Facebook.

– Det er særleg på grunn av dette at hatefulle ytringar kan vere ulovlege. I Noreg står ytringsfridomen i utgangspunktet veldig sterkt. Det er lov å vera sint og opprørt og forbanna og skriva eller seie ting som er ubehagelege, men det finst ein del grenser som ligg i straffelova og denne er særleg utforma for å verna om minoritetar.

Les innlegget: «Den farlege rasismen»

Saka henlagt

Bloggar og samfunnsdebattant Sigurd Gjerde Jakola er ein annan av deltakarane som har fått kjenne på kva det vil seia å stå fram offentleg.

– Dei fire siste åra har eg anmeldt tre saker som har gått på truslar. Det har vore alvorlege truslar som har ført til at eg har vore redd for å vere i det offentlege og redd for å gå ut av heimen min, fortel 23-åringen.

Jakola var ikkje sikker på om han skulle anmelde og var uviss på om sakene vart teke seriøst av politiet. Etter nokre veker vart saka henlagt.

– Er problemet at ein ikkje har nok ressursar, eller tek dette alvorleg? Er det ikkje nok forståing? Ei løysing på førebygging er at dette faktisk får konsekvensar, for om det ikkje får konsekvensar, då er det jo fritt fram å halde fram på den gale vegen, seier Jakola.

«Jævla homo» er to ord som har gått igjen både i oppveksten og som følgje av engasjementet til bloggar og samfunnsdebattant Sigurd Gjerde Jakola (23).

Fleire saker for retten

Mohammad Rah i hatkriminalitetsgruppa ved Manglerud politistasjon i Oslo oppmodar fleire til å anmelda hatefulle ytringar, slik at dei kan straffeforfølgjast.

– I tillegg må det inn i utdanningssamanheng og oppdraging, noko eg trur skulane har vore flinke på dei siste åra, understrekar Rah.

Sjølv om han oppmodar alle som føler seg utsett for hatefulle ytringar til å anmelde understrekar han at det som er straffbart er å fremja hatytringar mot nokon på bakgrunn av hudfarge, nasjonalt eller etnisk opphav, religion eller livssyn, seksuell legning eller nedsett funksjonsevne. Desse fire gruppene har eit spesielt vern i staffelovas paragraf 185 og kan straffast med fengsel i inntil tre år.

– Straffelova er vag og omgrepa som brukast der er relative omgrep, men no som me får fleire anmeldingar og fleire saker for retten, så får ein ei ramme slik at definisjonane vert klarare, seier Rah.

Ikkje alle er einige i den såkalla rasismeparagrafen. Dette meiner ungdomspartia!