Ragnhild Sofie Selstø
Publisert
Oppdatert 14.06.2017 22:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nei, meiner lege og tidlegare leiar i Ungdom mot Rasisme, Mina Adampour. Ho har mottatt truslar og vore offer for hatprat fleire gonger. Til å begynne med brydde ho seg ikkje. Men så deltok ho i ein debatt om innvandring mot Hege Storhaug i Aftenposten, og omfanget av truslar eskalerte.

– Det endte med at eg blei slått ned i oppgangen heime på Grünerløkka, fortel ho. Politiet sikra overvåkingsfilmen, gav henne ein valdsalarm og råda henne til å lukke alle opne profilar på sosiale media. I etterkant av hendinga fekk ho makabre tilbakemeldinger om kva nokon syntest egentlig burde ha skjedd med henne.

– Angrepet blei raskt kjent og journalister ringte meg non-stop. Eg fekk nok då ein journalist frå Dagbladet spurte om å få tilsendt eit bilete av mitt forslåtte ansikt, fortel Adampour.

Store mørketal

Hatprat er ein konsekvens mange samfunnsdebattantar må forholda seg til. Mens fysisk vald er relativt sjeldan i Noreg, er hatefulle ytringar eit fenomen dei fleste offentlege personar har erfart. Ein ny rapport frå ungdoms- og hatkrimgruppa ved Manglerud politistasjon visar at 71 tilfelle av hatprat blei meld inn til politiet i 2016, mot 41 tilfelle i 2015. Det er grunn for å tru at det er store mørketal.

Hatprat er definert som kvasse kommentarar eller aggressive meiningar på sosiale media eller andre offentlege plattformar. Det kan vere hatefulle utsegn, truslar eller fordommar retta mot menneskjer eller grupper med spesifikke karakteristikkar. Hatprat kan provosere til vald eller diskriminering, og portretterer ofte minoritetsgrupper som underdanige.

Spreiing av fordommar eller feilinformasjon er dei vanlegaste formene for hatprat, og er ofte å finne i kommentarfelt på sosiale media og nettaviser. Retten til ytringsfridom er eit vanlig argument som blir brukt for å forsvare handlingane.

LES OGSÅ: Slik møter du hatprat på nett

– Holocaust skjedde ikkje på ein dag

– Fornærmande ytringar treng ikkje å bestå av truslar for å vere skadeleg, meiner forfattar og  filosof Henrik Syse. Han møter oss på kontoret sitt ved Institutt for Fredsforsking i Hausmannsgate, kor han leiar eit prosjekt som forskar på kollektiv identitet og motstand etter 22. juli. Den eine veggen er dekke av ei overfylt bokhylle med bøker om demokrati og fredsmekling. På bordet står ein bukett med ferske tulipanar.

Henrik Syse. Foto: Arbeids- og sosialdepartementet

– Meiningar på nett kan bli spreidd ekstremt fort. Det handlar ikkje lenger om kva du kviskrar til naboen. Viss du seier noko stygt om andre så kan du spreie vondskapsfulle løgner til millionar internettbrukarar. På den måten kan radikale synspunkt etter kvart bli til norma, seier Syse.

Adampour er einig. Ho meiner at hatprat og generaliseringar kan påverka framtida, og langsamt endre kulturen og samfunnet.

– Sjå på tidlegare folkemord. Holocaust skjedde ikkje på ein dag.  Folk blei over tid eksponert til retorikk og impulsar som sa at nokon folkegrupper er meir verdt enn andre. På den måten blei jødane og andre grupper sakte men sikkert dehumanisert, seier ho.

– Flesteparten av dei som er for å fjerne rasismeparagrafen representerer ikkje minoriteten

Forbode i norsk lov

Ifølgje den såkalla rasismeparagrafen i straffelova er hatefulle ytringar retta mot andre på grunnlag av etnisitet, religion eller seksuell legning forbode. Den som grovt aktlaust set fram ein diskriminerande eller hatefull ytring offentleg  kan bli straffa med bot eller opp til tre år i fengsel.

Dei siste åra har fleire politisk parti vore for å fjerne rasismeparagrafen. Dei meiner at hatefulle ytringar bør finne stad i offentlegheita slik at påstanden kan diskuterast og eventuelt knusast i fellesskapet.

– Flesteparten av dei som er for å fjerne rasismeparagrafen representerer ikkje minoriteten, og har ikkje nødvendigvis kjent på kroppen korleis det kjens å vere utsatt for hatprat og rasisme, seier Adampour. – Det er enkelt for dei å seie at me ikkje treng lova, fortsett ho.

LES OGSÅ: – Kvardagsrasisme er framleis eit problem

I 2015 publisert FN Women ein rapport med namnet «Cyber Violence Against Women and Girls». Rapporten anerkjenner at kjønnsbasert vald har flytta seg over til internettet, som skapar eit behov for nye metodar for å eliminera fenomenet. Hatprat er også dekka av EU-lovgivinga, men heller ikkje der er kjønn tatt opp som eit diskrimineringsgrunnlag. Det er likevel stadfesta at lova ikkje er avgrensa til dei utsette gruppene nemnt i paragrafen. Adampour syntest det er ei interessant problemstilling.

– Kvinner er ofte utsett for hatefulle ytringar basert på kjønn, men den forma er ikkje dekka av lova slik den er i dag. Det kan ikkje vera slik at eg må håpe på at angriparane kritiserer mi muslimske tru i tillegg til at eg er kvinne for å bli beskytta av lova, påpeikar ho.

FÅ MED DEG: No skal FN hindra diskriminering av kjønnsidentitet og seksualitet 

Adampour er ikkje begeistra for all oppmerksamheita rundt henne som offer for hatkriminalitet.

– Eg er ikkje den einaste som har opplevd trakassering. Kvifor er det berre vist interesse mot personar som allereie er offentlege skikkelsar? Det er som om me får ein slags heltestatus, sukker ho. Adampour oppmuntrar andre til å delta i viktige offentlege debattar.

– Eg ynskjer ikkje å skremme unge debattantar til å tru at det er fare for å bli angripen. Det er så mange fordelar med å vera aktiv i offentlege diskusjonar. Noreg er trass alt eit trygt land.

Juridisk regulering er ikkje vegen å gå

Adampour understreker at ho ikkje er for ei juridisk regulering av ytringsfridommen.

– Det finst andre måtar å redusere hatprat på. Eg trur ikkje ein rasist blir mindre rasistisk etter tre år i fengsel. Forsking viser at menneskjer som har vener med minoritetsbakgrunn er mindre kritisk til innvandring. Kva med å bruke mindre tid bak låste dører og heller gi samfunnstenester kor ein må blir kjent med innvandrarar og andre minoritetar? foreslår Adampour.

Syse trur heller ikkje at strengare lovar vil føre til mindre hatkriminalitet.

– Me må heller fortsetta å diskutera etiske retningslinjer og korleis foreldre og lærarar skal lære dei unge om kva ein kan og ikkje kan seie på offentlege plattformar. Det er ei stor utfordring, seier han.

FÅ OGSÅ MED DEG: Vestlandet manglar handlingsplan mot rasisme