logo-framtida Nyhende- og debattavisa for unge
MENYLUKK
  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
  • Om oss
  • Skribentar
  • Nettstadskart
  • Nyhendebrev
  • Tema
TIPS OSS
  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
TIPS OSS
MAGASINETT

– Dei som skriv hatytringar er ikkje einsame ulvar

Carina Riborg Holter er no research executive hjå Ipsos, avdeling for forskning, politikk og samfunn.

Biletet ein har av einsame ulvar som sit heime i kjellarleilegheita si og har det fælt, er feil. Det syner ei ny masteroppgåve frå UiO.

Bente Kjøllesdal
Publisert 20.12.2018 08:12
Oppdatert 12.05.2019 10:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dei ser på seg sjølve som offer fordi dei meiner dei vert bevisst sensurerte at eit ytringsdiktatur: meiningane deira vert ulovleggjort gjennom paragrafar og retningslinjer, seier Carina Riborg Holter.

Den 27 år gamle sosiologen har brukt dei siste to åra på å granske verkelegheitsoppfatninga til menneske som skriv hatefulle ytringar i norske kommentarfelt. Resultatet har ho skrive om i masteroppgåva si, «Kampen om sannheten – En narrativ analyse av virkelighetsforståelsen til avsendere bak hatefulle ytringer».

Kva får nokon til å pøse hat ut i offentlege fora?

Menn over 40 år

Holter har gått igjennom nesten 4000 sensurerte og anonymiserte kommentarar frå Dagbladet og Nettavisen. Av dei som oppfylte Holter sine kriterium om ordbruk, krigsretorikk og å vere retta mot etnisk, religiøs eller kulturell gruppe, så var det til slutt 15 personar som ville stille til intervju.

Alle var menn, alle var over 40 år, med eit spenn av utdanningsbakgrunnar og frå ulike stadar i landet.

Kjønn og alder var eit fellestrekk blant avsendarane, men dei hadde også andre likskapar.

– Det som kjenneteikna dei på tvers var ei konspirasjonsorientert verkelegheitsforståing, som botna i ei ganske djup mistillit til etablerte samfunnsinstitusjonar som politikarar, forsking og offentlegheita generelt, seier Holter.

Skjermdump frå masteroppgåva.

Ho fortel at intervjuobjekta hadde ein tendens til å opphalde seg på alternative medier, og i si eiga boble. Dei opererte med si eiga forståing av kva som er sant, og har allereie peika ut fiendar og heltar i verkelegheita si.

Historier ein må ta på alvor

Holter understreker at endå ingen kvinner var del av hennar utval, så tyder det på ingen måte at kvinner ikkje skriv hatytringar. Noko Kyrre Lien si VG-reportasje om nettkrigarar også syner.

Dei fleste avsendarane møtte Holter ansikt til ansikt, men nokre prata ho med på telefon, og ein korresponderte ho med på epost over fleire månadar. Det var sentralt for sosiologen å møte desse personane på ein audmjuk og respektfull måte, og ikkje stemple dei som hatefulle eller dumme.

– Eg var veldig oppteken av at dette er menneske med sine historier, sine liv, sine unike perspektiv. Ein skal ta deira haldningar og meiningar seriøst, og eg ynskjer genuint å forstå kvifor dei har dei haldningane på den eine sida, og kvifor dei uttrykker desse på den måten i slike fora.

Ikkje einsame ulvar, men familiefolk

Ifølgje Holter er det grunn til å sjå ein gong til på fordommane ein gjerne har mot dei som ytrar seg hatefullt i offentlege fora:

– Det biletet ein gjerne har er at dei er einsame ulvar som sit i kjellarleilegheita si og berre har det fælt, men nesten alle hadde familie med barn, kone, og barnebarn. Dei var veldig familieorienterte. Dei var ikkje i nokon sosial isolasjon, ikkje i det heile, forklarer 27-åringen.

Holter seier mange verka som dei var i miljø der andre delte deira synspunkt, men at fleire fortalte om ein nevø, ei søster eller nokon på jobb som dei hadde heftige diskusjonar med.

Slik vert hatefull ytring definert i Straffelova:

Straffelova, paragraf 185. Kjelde: Lovdata.no

Les også reportasjen om 18 år gamla Ali Hamza som heldt på å melde seg ut av politikken på grunn av netthets

Offer og varslar

Holter fortel at informantane gjerne ser på seg sjølve som både offer og varslarar. Sosiologen fortel at mange ho prata med dreg parallellar til det dystopiske samfunnet frå Orwell-romanen 1984 eller den strenge politiske sensuren frå den kalde krigen og Sovjetunionen.

– Samstundes er dei sjølve det unike mennesket som har fått den innsikta som ingen andre har. Andre folk er bedøva, søv, eller dopa ned av politisk propaganda, medan dei sjølve er vakne og opplyste. Dei har difor ikkje noko val, dei må varsle og på den måten, viss ikkje skjønar ikkje folk alvoret.

Vatnar ut norsk kultur

For desse avsendarane er genuint redde for at det dei meiner er norsk kultur skal verte vatna ut. Holter fortel at ulike mennesker la vekt på ulike ting: Nokre fokuserte på eit kristent aspekt, andre ikkje. Ein ting var likevel felles: fokuset på norske kvinner.

Skjermdump frå masteroppgåva.

– Dei ser på kvinner som beskyttarar av nasjonen. Kvinna er inngangen til den etniske reinskapen. Veldig mange brukte kjensleladd retorikk, der dei sa at norske kvinner og barn er i fare, at: «norske kvinner vert valdtekne, norske barn vert slegne», seier Holter og legg til:

– Dei såg på seg sjølve som kvinnene sine forsvararar. Dei måtte stå opp for dei norske kvinnene, men også dei muslimske kvinnene som ikkje kan snakke for seg, og vert i forlenging nasjonsforsvararar.

Dette er ein del av det Holter kallar eit kvinnebeskyttarparadoks. På den eine sida framstiller avsendarane seg sjølve som liberale forkjemparar for kvinner sine rettar, men på den andre så glorifiserer dei òg tradisjonelle kjønnsrollemønster og går hardt ut mot feminismen.

Den spontane og den provoserande

Målet er med andre ord å vekke nasjonen for å redde den, og å overtyde andre om den same virkelegheitsforståinga som dei sjølve.

I analysearbeidet fann Holter ut at avsendararane gjerne deler seg i to grupper, som kvar har sin metode for å overbevise: dei som bruker kjensler og dei som provoserer. Mellom dei to er det stor forskjell.

– Det som gjerne kjenneteikner dei som bruker kjensler, er at dei ofte skriv i caps lock, dei bannar mykje, og dei skriv spontant. Dei har sett ein artikkel dei ikkje likar og vert så provosert at dei berre hamrar laus, seier Holter, og legg til at dette gjerne er det klassiske mediebilete av ein avsendar.

Dette er ein kommentar frå ein spontan, og kjenslestyrt avsendar:

Den spontane ytraren. Skjermdump frå masteroppgåva.

Og så har du dei som skriv med provokasjon. Holter fortel at denne typen ytring er meir bevisst, kalkulert og planlagt. Dei er rolegare, og ikkje like grove i forma. Dei er difor også vanskelegare å få auge på.

Den provoserande avsendaren skriv utan caps lock, og framstår meir kontrollert:

Den provoserande ytraren. Skjermdump frå masteroppgåva.

– Det eg fann i min studie er at sjølv om ein gjerne fokuserer på dei som skriv med kjensler, så er det ofte dei som skriv for å provosere som har dei farlegaste haldningane. Dei har lese mykje meir, er oftare engasjert i grupper, og er hyppigare brukarar av alternative medier. Dei er mykje djupare inne i ei konspiratorisk verd, og skriv på denne måten for å lure lesarane inn, fortel Holter.

Les også: Slik møter du hatefulle ytringar på nett

Bør vi ha ytringsfridom?

Holter meiner noko av det viktigaste ein kan gjere, i staden for irettesetjande tiltak som sensurering, er å jobbe førebyggjande.

– Sensurering og irettesetjing vil vere eit bevis på den verkelegheitsforståinga dei har. Det tyder ikkje at ein skal la vere å regulere kommentarfelt, men ein må vere medvitne om effekten, seier Holter.

Sosiologen meiner at sensur kan føre til eit uønska ekkokammer med omsyn til kor avsendarane hentar informasjonen sin og korleis dei skapar verkelegheita si, og det er det som er farleg. Dersom deira stemmer vert fjerna frå alle ordinære nyheitskanalar, så vil avsendarane i aukande grad oppsøke berre alternative medier, og late att auga for andre.

– Målet må vere å nå ut til menneske med radikale haldningar før dei hamnar i kognitiv isolasjon. Før sinnet lukkar seg, seier Holter.

Kva skal ein gjere?

Sosiologen reagerer difor på val som at holocaust og andre verdskrig ikkje er med i skissene til ny læreplan for barne- og ungdomsskulen. Anti-semittisme er i levande live i Noreg i dag, og det må ein ta på alvor på same linje som islamofobi, seier ho.

Eit veldig viktig steg i førebyggingsarbeidet vil også vere å sikre at det ikkje vert eit skilje mellom media og alternative media.

– Ein må klare å gjenopprette tilliten til ordinære media og eit meiningsmangfald. Det vert bobler med verkelegheiter som lever side om side, men som aldri kryssast. Sosiale medier har gjort det endå verre med sine algoritmer, du vert berre eksponert for det du likar. Ein treng eit felles rammeverk for kritisk tenking og ytringskultur, seier ho.

Samstundes trur Holter at sosial nærleik vil ha mykje å seie.

– Om ein lever i homogene miljø har ein kanskje minoritetsgrupper meir på avstand, og det kan vere lettare å utvikle fordommar, der dei bileta du har er dei du får frå media og Internett. Om det let seg gjere, gje dei mogelegheita til å verte kjende med dei dei har fordommar mot, og sjå at ikkje alle mennesker er slik du trur eller ser føre deg.

  • MAGASINETT
  • SAMFUNN
  • Netthat
  • Rasisme
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Relaterte saker

Marstein: – Det er rasisme

Myra vart spytta på og utsett for rasistisk hets: – Eg gjekk i frys

Samer opplever framleis diskriminering og hets i Noreg

Framtida logo

Nyhende- og debattavisa for unge – Framtida.no er ei redaksjonelt uavhengig avis, som har som mål å styrkja nynorsken og bidra til å auka og få fram engasjementet til unge.

Ansvarleg redaktør: Andrea Rygg Nøttveit

Stortorvet 10, 0155 Oslo.

Ved å bruka Framtida.no aksepterer du bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvernpolitikken vår.

  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
  • Om oss
  • Skribentar
  • Nettstadskart
  • Nyhendebrev
  • Tema

Følg

Tips
Send epost til
tips@framtida.no
eller ring redaktør
Andrea Rygg Nøttveit:
481 40 342

Takk for støtta:

  • logo-fagforbundet
  • logo-abc-startsiden
  • logo-lnk
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir! Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy

Privacy Overview

This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary
Always Enabled
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Non-necessary
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.
SAVE & ACCEPT