Krev lovfesta responstid for ambulanse: – Det står om liv og død

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er mange døme på at responstida har vore på både 50 og 60 minutt. Då står det om liv og det er ikkje akseptabelt, seier avtroppande leiar i Hardanger ungdomsråd Tiril Eiken (18).

Framtida.no møter Hardanger ungdomsråd på veg inn på Stortinget tysdag denne veka. Der skal dei møta Hordalandsbenken for å snakka om ambulansetenesta i distrikta, som dei er svært uroa for.

I mai skreiv ungdomsrådet eit brev til stortingsrepresentant Terje Breivik (V) der dei ber om at den anbefalte responstida for ambulansar vert lovfesta. Brevet vart òg sendt til Senterpartiets Kjersti Toppe, Helse Vest, Helse Bergen, Helse Fonna og alle ordførarane i Hardanger.

Den anbefalte responstida for ambulansane er i dag 25 minutt på bygda og 12 minutt i byen.

LES OGSÅ: NTNU ønskjer å utvikla ambulansedronar

Fryktar for rekrutteringa til barnnvesenet

– Om ulukka først er ute, så veit ein jo ikkje kor lengje ein må sitja der med den skadde og venta på at ambulansen skal koma, seier Oda Medhus (15) frå Eidfjord ungdomsråd.

Ho meiner ambulansen burde vere først på staden når det er personskadar, men det er sjeldan tilfelle i dag.

I 2015 innførte Politidirektoratet krav til responstid, som inneber at politiet sine hasteoppdrag ikkje skal bruka lenger enn 10-15 minutt i byar og 22-45 minutt før dei er på staden i grisgrendte strøk.

I fjor slo leiaren i brannvesenets yrkesorganisasjon alarm om at brannvesenet ofte må gjere jobben for både politi og ambulansetenesta, fordi dei kjem først. Til Dagbladet fortel Trond Busterud, leiar i Brannforbundet i Delta at det særleg er på helsebiten brannpersonell opplever at dei må ta større ansvar.

Hardanger ungdomsråd er uroa for at det kan gå ut over rekrutteringa til det ofte frivillig baserte brannvesenet i norske bygder.

– Det er eit veldig stort ansvar å påleggja frivillig brannvesen å koma først til ein ulukkesstad der det er snakk om liv og død, eller store kutt, seier Tiril Eiken.

Ho peikar òg på at god beredskap i distrikta er viktig på grunn av risikofylte arbeidsplassar, som til dømes bønder, skogbrukarar og fiskeoppdrett.

Frå venstre: Elin Sneeggen, Emilie Viveli Tveit, Tiril Eiken, Bjørk Thorbjørnsen, Marte Kristoffersen, Oda Medhus og Hanne Eitrem møtte tysdag denne veka Hordalandsbenken på Stortinget.

Senterpartiforslag

15. november i år behandla Stortinget eit representantforslag frå Senterpartiet om å forskriftsfesta responstida til 8, 12 og 25 minutt som er anbefalingane frå Akuttutvalet.

Forslaget fekk støtte frå KrF, MDG, Raudt og SV, medan Arbeidarpartiet saman med regjeringspartia Frp, Høgre og Venstre stemte imot.

Stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp) fekk ikkje fleirtal for lovfesta responstid for ambulansen, men håpar på ny runde med stortingsmeldinga om akuttberedskap utanfor sjukehus. Foto: Stortinget

Stortingsrepresentant frå Hordaland og nestleiar i helse- og omsorgskomiteen, Kjersti Toppe, var ein av representantane bak forslaget.

Ho meiner lovfesta responstid for ambulansane er veldig viktig for å hindra ei vidare sentralisering av tenesta.

– I dag er det rettleiande responstider for ambulanse. Problemet er at ingen helseføretak bryr seg særleg om dei. For det er knapt ein kommune der dei blir følgt opp. Verst meiner eg det er i distriktskommunar, der det også er lang veg til sjukehus. I Hardanger har dei merka denne saka, med nedlegging av ambulanse i Ulvik, Granvin, Jondal, svekka ambulanseberdskap i Kvam, og at ambulansen i Eidfjord er truga, skriv Toppe i ein e-post til Framtida.no.

Sjølv om dei ikkje fekk fleirtal for lovfesta responstider, vart det fleirtal for eit forslag om å få ei eiga stortingsmelding om akuttberedskap utanfor sjukehus.

– Eg håpar at forslaget om responstider vert tatt opp igjen då, at vi igjen kan prøve å få fleirtal for dette forslaget, avsluttar Toppe.

Les også: Pia (5) samla inn pengar til hjartekompresjonsmaskin

Flyttar ambulansane

Ungdomsrådet i Hardanger har jobba med denne saka over tre år fordi dei har sett på nært hald korleis ambulansar i nærområdet har vorte lagt ned og sentralisert.

I 2016 intervjua Bergens Tidende ein bekymra ordførar, etter at ein pasient hadde døydd berre to veker etter at ambulansen vart flytta frå bygda.

I fjor skreiv Avisa Hordaland at beredskapen i Ulvik kommune går feil veg. Avisa siterer ein rapport som viser at helsepersonell i Ulvik er lite nøgd med ambulansetenesta, fordi responstida er for lang. Om det er behov for ambulanse kjem denne anten frå Voss eller Eidfjord og ifølgje kommunen sine tal er utrykkingstida frå Voss 40 minutt.

Skeptisk til lovfesting

Stortingsrepresentant Terje Breivik (V) vil ikkje lovfesta responstida for ambulansen, men vil jobba for at retningslinjene vert følgde slik at folk kjenner seg trygge på at dei får god hjelp, uansett kor i landet dei bur. Foto: Stortinget

Venstrepolitikar Terje Breivik er skeptisk til ei lovfesting av dagens retningslinjer fordi Noreg ser så forskjellig ut frå plass til plass.

– Det er ikkje like framkomeleg over alt. Då kan det òg verta utfordrande å oppfylla lovkrava likt. Eg er òg usikker på behovet: I Noreg kan 98 prosent av oss nåast av ambulansehelikopter med lege innan 45 minutt. Målet frå 2000 er 90 prosent, så me ligg godt an, skriv Breivik i ein e-post til Framtida.no.

Han meiner det viktigaste me kan gjera, er å sørgje for at dei retningslinjene me har fungerer, og vert følgde.

– Difor er eg glad for at helseministeren har sagt at Helsedirektoratet er i gang med å gjennomgå responstidene. I tillegg skal me utgreie offentleg og ideell drift av luftambulansetenesta, som er viktig i mange distrikt kor vegane er for dårlige til at bilane kjem fram, understrekar Breivik.

Han peikar på at regjeringa har gjort responstid til ei nasjonal kvalitetsindikator, slik Akuttutvalet har anbefalt og at talet på ambulansar i drift har auka sidan 2015.

– I tillegg har me fått sjuketransportbilar nokre stadar som gjev mindre press på ambulansetenesta, slik at dei kan prioritera det som er akutt. Ifølgje OECD er norske resultat i verdstoppen når det kjem til behandling av akutt hjarteinfarkt og hjerneslag.

Frå venstre Bjørk Thorbjørnsen, Elin Sneeggen, Emilie Viveli Tveit, Tiril Eiken og Marte Kristoffersen er klare for å presentera kravet sitt til Hordalandsbenken på Stortinget.

Vil ha kvantitet over kvalitet

Då Hardanger ungdomsråd hadde saka oppe på sist ungdomsting hadde dei besøk av ein representant frå Helse Bergen, som forklarte at dei har brukt pengar på å oppdatere ambulansane dei har framfor å kjøpa fleire.

– Dei tenkte kvalitet framfor kvantitet, men at dei har gode ambulansar hjelper jo ikkje om dei ikkje kjem tidsnok, meiner Oda Medhus, som får støtte av resten av ungdomsrådet.

Dei engasjerte ungdommane meiner grunnen til at responstida framleis ikkje er lovfesta er eit spørsmål om pengar, og Bjørk Thorbjørnsen (15) i Ulvik ungdomsråd er tydeleg i sin tale:

– Det er jo viktigare å spara liv enn å spara pengar. Det er betre at ein person vert redda, enn at me mistar så og så mange pengar, seier ho.

Les også: Her øver kronprinsen på amputasjon