Inn i listepopen og ut igjen på andre sida

Framtida
Publisert
Oppdatert 09.10.2017 15:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Eg var direkte stolt over å ikkje like One Direction. Men ...»

«Haha», tenker du kanskje, «Her kjem ei ung jente som får høve til å skrive om kva låt ho vil, sjølvsagt skriv ho om One Direction-kjekkasen Harry Styles, er det ikkje typisk?» Men stopp en hal! Eg var direkte stolt over å ikkje like dei. «Herrefred, sjå på fjortisfansen», tenkte eg. «EG, Gunnhild (17), er mykje betre enn dei, EG likar opera og 80-talsrock og skikkeleg musikk, liksom!»

I ettertid veit eg ikkje om eg hadde hatt så lyst til å henge med Gunnhild (17). Det har seg jo ikkje slik at ein er betre enn alle andre fordi ein ikkje er glad i listepop, og ein går glipp av mykje bra når ein førehandsdømmer ein heil sjanger.

One Direction, til dømes. Dei herja hitlistene mellom 2010 og 2015, og sjølv ikkje når Zayn forlét bandet og resten tok pause på ubestemt tid mista fanskaren interessa. Som ofte elles kom eg seint til festen, og fekk ikkje opp auga for dei før etter dei hadde tatt pause. Nedtur!

Gunnhild Skjold (22) studerer til å bli lektor i realfag, og er leiar i Studentmållaget i Tromsø. Foto: Mia Holvik og Ole Gunnar Dybvik.

Heldigvis for meg har alle gått solo, og det er altså «Sign of the Times», den første singelen til Harry Styles, som er låten eg likar. Styles har fått mykje skryt for å lage meir «seriøs musikk», men eg meiner det blir feil å sjå slik på det. Låten spring nemleg ut av erfaringa hans frå One Direction.

«Sign of the Times» er ei litt 70/80-talsaktig powerballade som på same tid er eit steg langt vekk frå boybandverda og ei heilt naturleg vidareføring av dei siste albuma til One Direction. Gjennom heile det sjølvtitulerte debutalbumet hans er det tydeleg at han har fått høvet til å vidareutvikle det personlege særpreget han byrja å vise i denne tida.

Låten er ny og gammal, nedstemt og «over the top», og appellerer både til boybandfans og musikkjournalistar. Om du vil sjekke ut 1D-gutane utan å miste alt av kulturell «cred» er altså dette ein god plass å starte, men vit at det er lett å bli hekta! Før du veit ordet av det sit du der og nynnar på «What Makes You Beautiful».

I intervju med Styles legg han vekt på ønsket om å vere ærleg mot seg sjølv, og lage eit album han sjølv ønsker å høyre på. På eit vis er vel «Sign of the Times» mi musikalske reise i eit nøtteskal, berre motsett veg. Der eg har reist inn i listepopverda, har Harry reist motsett veg. Likevel har vi enda på same plass: Han og Gunnhild (22) likar begge det nye albumet hans, og synest det er ganske flott å rocke til «Sign of the Times».

Vil du skriva om ein låt du likar? Send oss ein epost på tips(a)framtida.no!

Ein låt eg likar

«Sign of the Times»

Av: Harry Styles

Album: Harry Styles (2017)