– Kanskje vi skulle hatt sanksjonar for brot på språkrettar?

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg synest det eg opplevde var ganske ubehageleg. Det vitnar om ein manglande respekt for studentar som har nynorsk som eksamensspråk. Eg fekk inntrykket av at dette var noko ho måtte ringe meg for å få «rydda opp i», fordi det sikkert berre var ein feil at eg hadde vald nynorsk som eksamensspråk, fortel Gunnhild Skjold til Framtida.no. Ho er lektorstudent ved UiT og leiar i Studentmållaget i Tromsø.

– Det er vanskeleg å stå på sitt når ein uførebudd får ein sånn telefonsamtale og må svare veldig plutseleg. Første gongen eg fekk ein sånn telefonsamtale blei eg så overraska at eg sa ja før eg visste heilt kva eg faktisk hadde sagt ja til. Dette er ein ukultur som er vanskeleg å rydde opp i, og det heng sjølvklart mykje saman med stillinga til nynorsken elles i samfunnet, held Skjold fram.

Universitetet i Tromsø seier til NRK at dei ber om orsaking for det som har skjedd.

LES SAKA: – Ei skam og ein skandale

Må setja krav
Gunnhild Skjold meiner høgare status for nynorsken og betre opplæring ville løyst problemet.

– Men det er jo enklare sagt enn gjort. Eg tenker at noko som kan gjerast er å setje eit krav om at universiteta og høgskolane må ha betre rutinar på korrekturlesing og eventuelt hjelp til omsetjing.

– Eg synest også at nynorskkurs til dei tilsette hadde vore lurt. Det burde også vere klarare, til dømes i eksamensforskrifta alle studentar får utdelt på eksamen, kva språklege retter ein har, og korleis ein eventuelt kan klage på dei. Det er ikkje alle som veit kva ein kan gjere om ein ikkje får riktig eksamensspråk eller om språket er uforståeleg, og om det blir mykje styr med å klage er det mange som ikkje gjer det, og da har universitetet «komme unna» med det.

LES OGSÅ: Målungdommen: – NTNU blant verstingane

Open for sanksjonar
Det er i dag ingen sanksjonsverkemiddel for å bryta språkrettar.

– Kanskje skulle vi også hatt ei eller anna form for sanksjonar sånn at ei sak som dette og «kvisleis»-saka tidlegare denne veka får andre konsekvensar enn at universitetet må gå ut i media og seie «Oi, dette var flaut og sånn skal det ikkje vere.» Dei kan jo seie det så mange gongar dei berre vil, men det hjelper jo ikkje når dei ikkje oppfyller dei språklege rettene til studentane. Dei unnskyldar seg veldig no, men dessverre veit vi jo at neste eksamensperiode kjem vi til å få fleire saker som dette uansett, seier Gunnhild Skjold.

LES OGSÅ: Mållaget ber ministeren ta grep