Nytt rekordår i Norsk Målungdom

Ikkje sidan 2005 har organisasjonen hatt så mange medlemar.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eit godt medlemstal gjev eit særs godt grunnlag for å kjempa vidare for nynorsken, dialektane og språkmangfaldet i 2019, seier leiar i Norsk Målungdom Fredrik Hope i ei pressemelding.

Han takkar alle som er med på laget, for at Norsk Målungdom for femte året på rad kan skryte av ei medlemsauke.

I fjor betalte 1180 ungdomar under 26 år medlemspengar til organisasjonen, og tel ein med dei over 26 år endar talet på 1574 betalande medlemar. Organisasjonen har ikkje hatt fleire medlemar sidan 2005.

Les også: Rekordmange målungdomar

Lokallaga er viktige

Fredrik Hope er nøgd med medlemsauken, og håpar den held fram også i 2019. Foto: Norsk Målungdom/Anna Sofie Ekeland Valvatne

Det er ikkje berre medlemstalet som auker, men også lokallaga har vorte fleire. Målungdomsleiaren meiner dei 30 teljande lokallaga frå Tromsø i nord til Kristiansand i sør spelar ei viktig rolle i å engasjere unge nynorskbrukarar og nynorskvener.

– Nøkkelen er å lage eit sosialt milø for folk som skriv nynorsk, likar nynorsk og vil engasjere seg for nynorsk, seier Hope til Framtida.no.

Samstundes bidreg det positivt om organisasjonen sentralt er synleg og fremjar gode relevante krav i sakene som kjem opp, fortel målungdomsleiaren.

Les reportasjen om eit av dei ferskaste mållaga i landet Naumdøla Målungdom i Namsos, i nynorskparadokset Trøndelag. 

Står styrkt i komande kampar

I året som kjem skal mange viktige nynorsksaker avgjerast. I løpet av våren kjem utkast til ny læreplan i norsk, eit utval arbeider med ny opplæringslov og kulturministeren har varsla at det kjem ei ny språklov.

– Norsk Målungdom kjem til å gjera det me kan for ei betre nynorskundervising og at det vert lettare å vera nynorskbrukar, seier Hope i pressemeldinga.

Målungdomsleiaren trekker særleg fram læreplanen i norsk som ein prioritet for organisasjonen i det nye året:

– Me krev ein ny læreplan i norsk med tidlegare start med sidemål og framleis undervegskarakterar i sidemål. Læreplanen må ta omsyn til at det er annleis å vera nynorskelev i mindretal enn bokmålselev i fleirtal. Jo fleire me er, jo sterkare kjøtvekt får me – og jo meir får me gjort for nynorsken, dialektene og språkmangfaldet, avsluttar Hope.

Les også «Nyttårspraten» med Fredrik Hope: – Fleire innser at språkpolitikk er meir enn sidemål