Norsk Målungdom tek grep for å hindra seksuell trakassering

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me har hatt lite på papiret og mykje godt i hovuda. Dei etiske retningslinjene er mest for at alle som tek på seg eit verv vert tvinga til å lese igjennom og tenkje over kva som er forventa av dei, fortel leiar Fredrik Hope på telefon til Framtida.no.

I fjor bestemte målungdommen at dei ville jobbe med å få betre rutinar for å førebyggje mellom anna seksuell trakassering. Dette er ein del av arbeidet for å sikra at NMU er ein trygg organisasjon å engasjere seg i.

I kjølvatnet av #metoo og fleire konkrete saker har fleire ungdomsorganisasjonar gått gjennom rutinene sine det siste året. I fjor vedtok Natur og Ungdom nye vedtekter som opnar for å ekskludera medlemmar som har utvist grenseoverskridande seksuell åtferd.

Betre budde i tilfelle det skulle skje igjen

Norsk Målungdom har fått rettleiing av Landsrådet for barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) i arbeidet med dei nye etiske retningslinjene, som skal handsamast på landsstyremøte i helga.

Skrivet skal leverast ut til nye tillitsvalde, som skal skriva under på at dei har lese og forstått innhaldet.

Det interne dokumentet, som ikkje er endeleg vedteke, tek mellom anna føre seg økonomisk ansvar, openheit, rolleforståing, rus og respekt for integritet og grenser.

Hope forsikrar om at arbeidet med dei nye etiske retningslinjene ikkje er utløyst av ei konkret sak, men resultat av saker som har kome fram i andre organisasjonar.

– Så de har ikkje hatt nokre saker om seksuell trakassering eller uønska seksuell merksemd i NMU?

– Det er ikkje det som utløyser det. Eg kjenner til at det har vore ei sak i Norsk Målungdom som ligg tilbake i tid og som vart handtert og ordna opp i. Eg har ikkje full oversikt over kva som har skjedd tidlegare, og grunnen til at me skaffar oss desse retningslinene er ikkje at det er ei konkret sak, men at me vil vere budde i tilfelle det skulle skje noko liknande igjen, svarar Hope.

Les også: Studentar veit ikkje korleis dei skal melda frå om seksuell trakassering

Handbok i varslingshandsaming

Norsk Målungdom òg arbeidd med å gjera varslingsrutinane betre, slik at det er tydeleg for alle engasjerte kvar dei skal melda ifrå dersom dei opplever noko ugreitt i organisasjonen.

– Det er lite me får varsel om, noko som kan vera både eit godt og eit dårleg teikn. Sjølv om ein har teke på seg ansvaret med leiarverv i eit lokallag, er det ikkje slik at det er alle bører eit lokallag skal bere åleine, seier Hope.

Om medlemmer har saker som vert varsla om skal desse meldast inn til skrivar, slik at linja er kort til sentralstyret som har ansvaret for å handsama sakene.

NMU skal òg lage ei handbok med tips og innspel til dei som skal handsame eventuelle varsel og krevjande saker.

Les også: Norsk Målungdom jublar over rekordmange medlemar og nye lokallag

Alkoholdebatt

Ei av sakene Hope forventar diskusjon om på landsstyremøtet er alkohol. For sjølv om alle tilskipingar av NMU sentralt er rusfrie, opnar organisasjonen for alkohol på lokale tilskipingar.

– For elevmållag der medlemmene er under 18 vil det ikkje passa seg, men for studentmållag der alle er over 18 har det vore ein del av kulturen. På studentsamlingar har det ikkje vore noko drikkepress, men det har vore greitt å ta seg ein fest på laurdagen. Grunnen til at me har med dette punktet er at me vil passe på at det føregår på ein ok måte, avsluttar Hope.