FpU-motto: «Vil du redde kloden, ver på skolen»

Ungdomspartiet støttar ikkje skulestreik for klima, men meiner elevane fritt kan skulke om dei tek konsekvensane av det.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 21.03.2019 16:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me meiner at den beste måten å løyse klimaproblema på er å vere på skulen og velje fag og utdanningar som gjer ein rusta til å finne nye løysingar på klimautfordringane, seier formann i FpU Bjørn-Kristian Svendsrud.

FpU er det einaste ungdomspartiet som har ikkje støttar opp om skulestreik for klimaet, som i Noreg vert skipa 22. mars.

Dei har mottoet: «Vil du redde kloden, ver på skolen».

«Kjøtt er en saga blott»

Facebook-innlegget frå Karianne Hansen vart ikkje teke godt imot av natur og Ungdom.

FpU-leiaren stiller seg bak andre partifellar, som den siste tida har stilt seg kritiske til skulestreiken.

Laurdag skreiv Karianne Hansen i Skien Frp eit Facebook-innlegg titulert «KJÆRE STREIKENDE KLIMAUNGER».

Lokalpolitikaren ironiserer over skulestreiken og korleis elevane frå no av ikkje lenger kan bli køyrt hit og dit, at dei kan vente seg mindre vekepengar for «Hvem vil vel drive å konsumere hele tiden?» og at: «Junk food, brus og godterier skal byttes ut med springvann og brokolli. Kjøtt er en saga blott.»

Innlegget vekte reaksjonar frå mellom anna MDG-politikar Eivind Trædal, som meinte det var eit forsøk på å «drite dei ut».

Allereie torsdag førre veke arrangerte norske skuleelevar skulestreik for klima.

16 av 18 fylkeskommunar godkjenner ikkje klimastreik som politisk fråvær i vidaregåande skule. Både elevar, Elevorganisasjonen og LNU protesterer.

– Me er her for å visa at me unge bryr oss om klima. Me er her fordi me er bekymra for framtida vår, seier leiar i Stord SU Olai Sørvik (16) (t.v.) saman med Lars Torkelsen Kristensen (16) og Kenan Hajouz (17). Torsdag 14. mars arrangerte dei skulestreik for klima. Foto: Svein Olav B. Langåker

Formann i Rana FpU ut mot streiken

Søndag skreiv Mads Sivertsen, formann i Rana FpU at klimastreik ikkje er anna enn ei unnskyldning for å skulka skulen.

I innlegget skriv Sivertsen om det han kallar «klimahysteri» og peikar på endringar han meiner elevane må gjere i kvardagen:

«Burger, brus og lørdagsgodteriet skal byttes ut med springvann og brokkoli. Kjøtt er en stor belastning for miljøet og skal ikke lenger på matbordet, dermed forventer vi å se at alle disse ungdommene kun spiser vegansk mat.

Innkjøp av klær, sminke og lignende må dere bare klare dere uten, dette er en stor belastning for klima og dette vil jo ikke dagens ungdom være med på.

Sydenferien kuttes ut, heller ingen bilferie med campingvogn til Sverige. Fra nå blir det telttur i fjell og mark eller hjemmeværende ferie.

Mobilene deres kan ikke lenger byttes hvert år, den skal ihvertfall beholdes 5 år før en ny kjøpes.»

Les også: Testa miljøvenleg forbruk: Sette dusj-rekord på under eitt minutt

FpU-formann støttar innlegget

Svendsrud medgjev at innlegget frå Sivertsen liknar Facebook-innlegget frå Frp-politikar Karianne Hansen. FpU-formann ville ikkje brukt Hansen si formulering om «streikande klimaungar», men støttar både innlegget og ordlyden frå Sivertsen.

– Eg meiner at det er å ta dei på alvor å vise til tiltak som kan vere konsekvensar av den politikken dei fører. Om ein skal slutte med norsk olje og gassproduksjon inneber det ei auke på 175 000 kroner årleg i skatter og avgifter for ein vanleg norsk familie, noko eg ikkje er sikker på om folk er budde på, seier Svendsrud.

– Svartmåla av klimaaktivistar

FpU-leiaren kritiserer den norske klimadebatten for å vere til tider navleskodande og er skeptisk til at dei fleste ungdomspartia går inn for å fase ut norsk olje og gass.

Ifølgje Svendsrud er det viktig at det vert Noreg, framfor Russland eller Saudi-Arabia, som leverer varene når storforbrukar Tyskland skal fasa ut kol- og kjernekraft til fordel for naturgass.

– Klimadebatten vert ofte forenkla og svartmåla av klimaaktivistar. Då snakkar eg ikkje om ungdommane, men til dømes Miljøpartiet Dei Grøne.

Les også: 10 av 15 fylkeslag i Ap vil avlysa LoVeSe