10 av 15 fylkeslag i Ap vil avlysa LoVeSe
Både AUF og Natur og Ungdom jublar over at fleirtalet av fylkeslaga går imot konsekvensutgreiing i Lofoten, Vesterålen og Senja.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Jo fleire fylkeslag som går mot konsekvensutgreiing, jo større er sjansen for at me får det gjennom på landsmøtet og det er det me går for, seier AUF-leiar Ina Rangønes Libak til NRK Alltid Nyheter.
Ho jublar over at fylkeslaga Innlandet og Møre og Romsdal Arbeiderparti i helga gjekk inn for eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja.
Det betyr at 10 av 15 fylkeslag i Arbeidarpartiet no støttar AUF sitt standpunkt i saka. Men ungdomspartiet vil gå endå lenger. På landsmøtet i fjor gjekk AUF inn for ei styrt avvikling av petroleumsindustrien innan 2035.
Folkeaksjonen jublar
I høve tiårsjubileet for folkeaksjonen for oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja håpar Libak Arbeidarpartiet seier endeleg nei til konsekvensutgreiing av LoVeSe.
I ei pressemelding takkar leiar i Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja, Odd-Arne Sandberg, mellom andre AUF for å ha arbeidd fram vedtaket.
– Dette er et viktig vedtak om framtidsretta næringspolitikk, og eit viktig steg mot varig vern av desse havområda. Med vedtaket viser Ap at dei tryggar livet i havet og alle dei berekraftige næringane som hauster av havet og lever av rein natur, seier Sandberg.
Arbeidarpartiet sine fylkeslag i Nordland, Troms, Trøndelag, Vestfold, Østfold, Buskerud, Akershus og Oslo har allereie gjort vedtak mot oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja.
Utfordrar Ap nasjonalt
No får dei òg støtte av Møre og Romsdal, som er landets nest største Arbeidarpartifylkeslag.
Leiar i Natur og Ungdom, Gaute Eiterjord, jublar òg over vedtaka til fylkeslaga.
– No gjenstår det berre at Ap nasjonalt snur på landsmøtet i april, seier Eiterjord i pressemeldinga.
Ifølgje ei oppteljing gjort av VG er 213 av 300 delegatar no for eit olje-nei, så sant desse stemmer i tråd med fylkeslaga sine vedtak.
Leiar i Naturvernforbundet, Silje Lundberg, tek vedtaka som eit signal frå grasrota om at Arbeidarpartiet må ta eit klart standpunkt i saka.
– Akkurat som oss, meiner dei det er på tide at både Jonas Gahr Støre og resten av partiet stiller seg på riktig side av historia. Det er umogleg for Ap å ha noko truverd i miljøpolitikken før dei snur i denne saka og set verdifull og sårbar natur framfor risikabel oljeboring, seier Lundberg i pressemeldinga.
Fylkeslaga i Trøndelag, Vestfold, Oslo og Akershus er dei som har gått lengst og vedtatt varig vern av områda.
På motsett side står dei fem fylkeslaga Rogaland, Telemark, Finnmark, Vestland og Agder, som framleis held på Ap sitt vedtak om konsekvensutgreiing.
Les også reportasjen om aktivistane som gjerne går i fengsel for miljøet.