Trassar fråværsgrensa i klimastreik: – Understrekar alvoret

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det kostar å kjempa for klimaet. Eg er klar for å ofra litt fråvær. Det understrekar alvoret at me får fråvær for å klimastreiken, seier Kenan Jajouz (17), elev ved Stord vidaregåande skule.

Torsdag gjekk han saman med eit par hundre elevar i demonstrasjonstog for klima til rådhuset på Stord i Sunnhordland.

Skulestreiken, som gjekk føre seg dagen før dei internasjonale klimastreikane inspirert av Greta Thunberg, var organisert av Stord Sosialistisk Ungdom (SU).

– Det er heilt fantastisk at så mange elevar møtte opp, seier leiar i Stord SU, Olai Sørvik (16).

Ikkje politisk fråvær

I ei rundspørring gjort av NRK svarar 16 av 18 fylkeskommunar at skulestreikane for klima, som skal gjennomførast rundt om i heile landet fredag 22. mars ikkje er gyldig politisk fråvær for vidaregåandeelevar.

Buskerud og Oslo har avgjort at det er opp til rektorane om dei vil registrere klimastreiken som politisk fråvær eller ikkje og har oppmoda sine tilsette til å bruka skjønn.

I dag streika elevar i hordalandskommunane Bergen og Stord. For elevane på vidaregåande vil det synast på vitnemålet deira. Olai Sørvik reagerer på avgjerda.

– Politisk arbeid er politisk fråvær, og det er dumt at fylkeskommunen ikkje tillét at det blir godkjent som det, seier han.

Les også: Regjeringa vil halde «toppmøte» med klimastreikande ungdom – Natur og Ungdom er ikkje imponert

Elevorganisasjonen protesterer

SU-leiaren på Stord får støtte av leiaren i påtroppande leiar i Elevorganisasjonen, Alida D’Agostino. Ho tykkjer det er fint at fylkeskommunane har sett engasjementet og behovet for å ta eit standpunkt med omsyn til skulestreikane.

– Det er ein måte å engasjere og organisere seg på og det burde difor vere mogleg å få gyldig fri, seier påtroppande leiar i Elevorganisasjonen, Alida D’Agostino. Foto: EO

– Det var eit tappert forsøk på å gjere det rettvist for alle, men så vart det ikkje slik fordi det avhengar av kva fylke du kjem frå, seier D’Agostino.

Elevorganisasjonen har sjølv arrangert skulestreik mot fråværsgrensa og meiner det skal vere lettare å engasjere seg enn det det er i dag.

Til NRK fortel ein representant for elevrådet ved Lillehammer vidaregåande skule at dei har fått beskjed av Oppland fylkeskommune at elevane må vera politisk aktive for å få gyldig fråvær.

Dette reagerer den påtroppande leiaren i Elevorganisasjonen på:

– Det er eit rart utgangspunkt at ein må vere politisk aktiv for å få politisk fråvær, fordi denne saka kan vere ein fin inngang for elevar som kanskje ikkje har engasjert seg tidlegare, meiner ho.

Ingen streikerett

Norske elevar har ikkje streikerett, menn rett på fråvær til politisk arbeid. Elevorganisasjonen har difor fått fleire spørsmål av elevar som er usikre på kva moglegheiter dei har når skuleleiinga har sagt at dei ikkje får gyldig fråvær.

– Om dei skal delta på eit arrangement i regi av ein politisk organisasjon, så har dei lov til dette. Dei har ikkje streikerett, men så lenge det er eit politisk arrangement så skal dei få delta.

Elevorganisasjonen valte å kalla sin skulestreik mot fråværsgrensa for ein demonstrasjon, men merka òg den gong at det var vanskeleg for elevar å delta.

– Rår de elevane til å streike for klima?

– Det er opp til den enkelte elev å avgjere om dei vil vise at dei bryr seg og gjere dette uavhengig av konsekvensane det kan få, men dei skal vete at dei har ein elevorganisasjon støttar det at dei har lyst å engasjere seg.

– Meiner de at klimastreiken burde vere gyldig politisk fråvær?

– Ja. Det er ein måte å engasjere og organisere seg på og det burde difor vere mogleg å få gyldig fri.

Leiar i Landsrådet for Noregs Barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), Rode Hegstad, er ueinig i vurderingane til fylkeskommunane om at skulestreik for klima ikkje er politisk fråvær. Foto: Jarand Ullestad/LNU

LNU:  – Uheldig

Også Landsrådet for Noregs Barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) reagerer på avgjerda frå fylkeskommunane.

– Det er uheldig fordi det påverkar elevar sin moglegheit til å engasjere seg. Det er eit kjempegode for samfunnet at unge deltek i både organisasjonar og demokratiske prosessar, men òg det at dei jobbar for ei sak dei er engasjert i, seier Leiar i LNU, Rode Hegstad.

Dei har nettstaden politiskfravær.no, som skal hjelpa unge engasjerte med å søka politisk fråvær.

Ho forklarar at LNU er oppteken av at politisk fråvær ikkje berre dekkjer partipolitiske aktivitetar, men òg andre organisasjonar.

– Desse klimastreikane er i regi av fleire organisasjonar og difor meiner me at ein ikkje må vera medlem for å få politisk fråvær.