Kvifor bryr ikkje foreldra våre seg om framtida vår?

Inanna Gabriela Solum Aksnes
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Inanna Gabriela Solum Aksnes sitt innlegg er blant dei som fekk heider i Framtida.no sin skrivekonkurranse om klima.

Som ungdom i dag har eg forhåpentlegvis ei lang framtid framfor meg. Eg får høyre at eg kan få til kva enn eg vil, at berre fantasien min stoppar moglegheitene mine.

Det er ikkje sant.

Om eg ikkje har ein plass å bu fordi naturkatastrofar har øydelagt heimen min eller om velferdsstaten berre er eit hyggeleg minne, så har eg ikkje så mange moglegheiter å velje mellom.

Eg vil ha alle moglegheitene til å velje framtida mi og eg vil at barna mine også skal ha det, men da treng eg at foreldra våre ikkje øydelegg moglegheitene mine før eg får tatt valet. Derfor er det viktig at foreldra våre stemmer på ei regjering som bryr seg om framtida vår.

Diverre blir velferdsstaten heile tida sett på prøve

Velferdsstaten gjev oss gratis skule, bra helsevesen, eldreomsorg og meir som gjer at vi har eit sikkerheitsnett gjennom livets ulike fasar. Diverre blir velferdsstaten heile tida sett på prøve.

Regjeringa meiner at ved å kutte ned på skattar og fortsette med olje kjem Noreg og enkeltmenneske berre til å bli rikare. Det er berre sant om ein tenkjer nokre få år fram i tid.

Les også: Oljefondet kastar ut oljeselskap som berre driv med leiting og produksjon av olje og gass

Oljen i dag gjev masse pengar inn i statskassa. Staten gjev fleire milliardar kroner til oljeselskap for å leite etter meir olje, men dei kjem ikkje til å ta opp oljen opp før om minst ti år.

Dette skjer mellom anna gjennom svært gunstige skattevilkår, som for eksempel leiterefusjonsordninga. Problemet med dette er at det kanskje ikkje er etterspørsel etter olje om ti år og at dei pengane som staten har gitt til oljeselskapa, har vore bortkasta.

I 2005 oppretta staten ei ordning som inneber at skattebetalarane sponsar 78 prosent av kostnadane til selskap som leitar etter olje på den norske sokkel. Fram til 2015 blei det utbetalt nesten 100 milliardar kroner gjennom ordninga. Det er 100 milliardar kroner som heller kunne vore brukt på å finne nye og berekraftige måtar som kan gi Noreg pengar og energi til evig tid.

Det å ta opp olje og gass som har loge under jorda i fleire millionar år gjer at CO2, som ikkje har vore med i næringskjeda, fyk opp i atmosfæren og dermed forsterkar drivhuseffekten.

Dette gjer at den globale oppvarminga forverrast.

Ved å berre la oljen bli i jorda, løyser ein dette problemet

Staten trur at å bruke mange millionar kroner på å ta CO2 ned i bakken igjen, etter at vi har brukt oljen, gjer at vi har løyst dette problemet. Det einaste som skjer då, er at CO2-en blir der i nokre år før jordplatene bevegar på seg. Dette kan gjere at CO2-en fyk rett opp igjen. Ved å berre la oljen bli i jorda, løyser ein dette problemet.

Foreldra våre må ta val som sikrar moglegheitene til ungdom i dag. For eg vil ha alle dei godane som eg har, og gjerne enda fleir. Då kan vi ikkje fortsette med den klima- og oljepolitikken vi har i dag.

Les vinnarinnlegget «Klimaverstingen: Lukk auga, så er graset framleis grønt»

Les intervjuet med vinnaren Fridar Malmsten Steinkopf (17) her: – Det er viktig at me legg fokus på dei konsekvensane livsstilen og forbruket vårt har for miljøet og klimaet, og at me alle bryr oss.

Fridar Malmsten Steinkopf vann med innlegget «Lukk auga, så er graset framleis grønt». Foto: privat