Fridar (17) vann skrivekonkurranse om klima

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er veldig nøgd med å vinna! Det kom veldig overraskande på meg, for eg hadde aldri trudd eg kom til vinne. Då eg fekk vite det, låg eg og sov i bilen på veg til Bergen. Utruleg kjekt! seier Fridar Malmsten Steinkopf frå Stord. I tillegg til heider og ære, får han 2000 kroner i premie.

Til vanleg går 17-åringen på idrettslinja på Stord vidaregåande.

– Det er viktig at me legg fokus på dei konsekvensane livsstilen og forbruket vårt har for miljøet og klimaet, og at me alle bryr oss. Eg trur at me alle eigentleg er klar over både kva problema, konsekvensane og løysingane på klimaendringane kan vera. Med teksten min prøvde eg å få fram dette og at så lenge me ikkje er villige til å starta med oss sjølve og endra på eigne forbruksvanar og haldningar, vil ingenting bli betre, seier Fridar Malmsten Steinkopf.

Her kan du lese vinnarteksten til Fridar.

– Politikarane må høyra på ungdom

Sjølv er han ikkje med i noko miljøorganisasjon, men han synest klimasaka er viktig.

– Korleis trur du ungdom kan bli høyrt?

– Eg trur at dersom ein vil bli høyrt i klimasaka, kan ein melda seg inn i miljøorganisasjonar eller ungdomsparti for fremja klimaspørsmål som ein er opptatt av. Politikarar må i tillegg legga større vekt på synet til ungdom på klimasaka.

Treng du berekraftsinspirasjon? Høyr podkasten til desse Stord-elevane.

Berekraftveker på skulen

Den glade vinnaren blei med i skrivekonkurransen då oppgåvene blei ein del av fagdagen i norsk hovudmål, og temaet var klima og berekraft i samband med Berekraftvekene på skulen.

– Eg sendte inn teksten fordi eg tenkte det ikkje kom til å skade, seier Malmsten Steinkopf.

Heile Stord vidaregåande har vore med på Berekraftvekene i februar.

– Me har sett filmar og dokumentarar om berekraft og forbruk, det har blitt arrangert Secondhand-dag, konsertar og me har laga vegetarmat, fortel vinnaren.

For å samla inn pengar til berekraft-prosjektet har han sjølv slipt kjøkenbordet til familien.

Les også: Testa berekraftige forbruk: Sette dusjrekord på under eitt minutt!

Sjå reportasje frå Berekraftdagane:

– Heilt greitt å skriva

På fritida spelar Fridar Malmsten Steinkopf fotball og går på saksofon i Stord kulturskule, og driv med teater. 

– Korleis synest du det er å skriva?

– Eg synest eigentleg det er heilt greitt å skriva. Når ein skriv om noko ein er oppteken av eller likar, kan det vere ganske kjekt, spesielt dersom ein kjem inn i ein god flyt og blir nøgd med resultatet.

– Kva gjer du etter vidaregåande?

– Eg har ingen klar plan for enno. Eg ønsker å halda fram med dei aktivitetane eg synest er kjekke i dag, men utanom det så er det ikkje så godt å seie kva som skjer.

Les også: Dette faget skal bu elevane på hundreårets krise