Natur og Ungdom hyllar Siv Jensen

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ikkje så ofte vi skryter av Siv Jensen, men i dag har finansministeren vår teke eit grep som både er bra for klima og økonomien vår, seier leiar i Natur og Ungdom Gaute Eiterjord i ei pressemelding.

Oljeformuen er for sårbar

I ein pressekonferanse i dag annonserte finansminister Siv Jensen (Frp) at Statens pensjonsfond utland (SPU) vil trekke seg ut av selskap som hovudsakeleg driv med leiting og produksjon av olje og gass.

– Målet er å gjere vår samla formue mindre sårbar for eit varig fall i oljeprisen. Då er det meir treffsikkert å selje selskapa som berre driv med leiting og produksjon av olje og gass, enn å gå heilt ut av ein brei samansett energisektor, seier finansministeren i ei pressemelding.

Avgjersla kjem på bakgrunn av råd frå Noregs Bank som i november 2017 gjorde departementet merksame på kor sårbar staten si formue var for svingingar i olje- og gassprisane.

Les også intervjuet med Jostein Gaarder: – Alle ekspertar veit at vi må la noko olje og kol ligge

Håpar på grøne investeringar

Nyheita skapte stor begeistring hjå Natur og Ungdom, og leiar Gaute Eiterjord seier regjeringa skal ha velfortent ros. No håpar han dei følgjer opp og investerer i fornybar energi:

– Dei tusenvis av milliardane kroner som skal sikre oss i framtida kan berre gjere det dersom ei også bidreg til å løyse klimakrisa også, seier Eiterjord.

Les også: Oljedirektoratet må ta klima på alvor!

For tidleg å sleppe all jubel laus?

Det kan likevel vere miljøorganisasjonen skal halde på applausen. Finansminiseren presiserer i ei pressemelding at denne vurderinga ikkje speglar eit bestemt syn på oljepris, framtidig lønnsemd eller berekrafta i petroleumssektoren, og er uavhengig av petroleumspolitikken til regjeringa.

– Oljeverksemda kjem til å vere ein stor og viktig næring i Noreg i mange år framover, seier Jensen.

Les også reportasjen om miljøaktivistane som meir enn gjerne ryk i fengsel for kloden: – Eg har lenge forstått at klimaendringane er ein eksistensiell trussel, men eg har ikkje visst kva eg skal gjere før no.

Foto: Ida Johanne Aadland