Identitet

«Eg håpar Press står på nominasjonslista til neste års Gullbarbie-pris»

– Gullbarbien er ein omsynslaus pris som byggjer opp under eige formål, nemleg å få unge menneske til å kjenna seg dårleg, skriv Magnus Wolden.

Magnus Wolden (15 år)
Styremedlem i Trondheim Unge høgre
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget er omsett frå bokmål til nynorsk av redaksjonen etter løyve frå forfattaren.

I dei siste vekene har det vore mykje snakk om Gullbarbien i media. Gullbarbien er ein pris som kvart år blir delt ut av ungdomsorganisasjonen Press. Denne prisen blir delt ut til eit selskap, ei gruppe, eller ein person som får unge menneske til å kjenna seg verst.

I år stakk Gutta sprut AS av med sigeren, og sjølv om eg er samd i at desse menneska bidreg til å spreia hat og uvisse, meiner eg at Gullbarbien er ein håplaus måte å adressera dette på.

Dei siste vekene har det blåst i sosiale medium av menneske som meiner det var urettferdig at Gutta vann prisen og Gutta sprut AS har aldri fått så mykje merksemd før som no.

Det er problematisk at ein ungdomsorganisasjon som Press bidreg til ein usakleg og polarisert debatt.

Eg trur neppe Press forventar at denne prisen gjer at unge menneske vil unngå denne gruppa. Tvert imot bidreg dette til ein polarisert debatt om kor vidt prisen var fortent eller ikkje, der menneske som er usamd med Press deler hat og uvisse på sosiale media.

Ein slik pris bidreg til å avgrensa unge menneske til å sjølv reflektera over kva som faktisk påverkar oss.

Gullbarbien er ein omsynslaus pris som byggjer opp under eige formål, nemleg å få unge menneske til å kjenna seg dårleg.

Dette polariserer og forureinar samfunnsdebatten, og får unge menneske til å avgrensa seg innanfor rammene til demokratiet.

Derfor håpar eg å sjå Press på nominasjonslista til neste års Gullbarbie-pris.

Press har stort truverd blant ei ung målgruppe og har ei påverknadskraft som må brukast på ein forsvarleg måte, ikkje ved å spreia hat.

Derfor håpar eg Press lyttar til eige formål, og sluttar å spreia unødvendig hat og polarisering blant unge menneske.

Alle fortener å reflektera over kva som påverkar dei sjølv, uavhengig av ein dobbelmoralsk pris.