«Face it – ingen snakkar som Ibsen lenger»
Plutseleg tek eg meg sjølv i å verte irritert når eg høyrer ein 14-åring seie «bro» i annakvar setning, skriv Ella Stene (18).

Denne teksta kom til finalen i Framtida.no, Magasinett og Norsk Målungdom sin skrivekonkurranse «Språket mitt».
Unge i dag forsøplar det norske språket, dei pratar meir engelsk enn norsk, og det øydelegg vår norske kulturarv.
Dette er ein tankegang som går igjen hos mange vaksne og eldre i dag. Unge menneske brukar stadig fleire engelske låneord, og nokre pratar til og med meir engelsk enn norsk.
Naturleg og ubevisst glir ord som «chill», «what», «lowkey» og «for real» inn i daglegtalen.
Eg har aldri tenkt at eg nokon gong skal verte ein av dei kjipe folka som klagar over slikt, dei som masar om at me må «vareta norsk språk» og «passe på kulturarven vår». Me har vel viktigare ting å tenkje på, som klimaendringar, eksamen og korleis me skal overleve utan WiFi i fem minutt. Plutseleg tek eg meg sjølv i å verte irritert når eg høyrer ein 14-åring seie «bro» i annakvar setning.
Då kan eg ikkje unngå å tenkje: Er dette berre ei naturleg utvikling, eller står me verkeleg i fare for å miste det norske språket? Det norske språket har alltid vore i endring, men sjeldan har utviklinga gått så raskt som no.
Det engelske språket har påverka norsk i over tusen år, heilt frå vikingane tok med seg engelske ord heim frå tokt i England.
Sidan den gong har påverknaden frå engelsk gradvis auka, men det er særskilt dei siste tiåra at effekten har vorte så synleg. Påverknaden frå engelsk er ikkje lenger berre ei handfull låneord, det er ei bølgje av uttrykk, slang og nye språkmønster som snik seg inn i daglegtalen vår. Kjent som kodeveksling, handlar dette om at folk vekslar mellom ulike språk, til dømes norsk og engelsk.
Mange ser på dette som ein naturleg konsekvens av globaliseringa og den auka kommunikasjonen på tvers av språk og kulturar, medan andre fryktar at norsk, sakte men sikkert, er i ferd med å forsvinne. Denne skepsisen er ikkje utan grunn.
For i dag vert me kontinuerleg eksponert for engelsk gjennom sosiale medium, spel, musikk og film. Det er ikkje rart at engelske ord glir inn i vokabularet vårt.
Spørsmålet er ikkje berre om me låner ord, men om norsk språk er i ferd med å verte skvisa ut av sentrale samfunnsområde. Me ser allereie teikn på «domenetap», altså at norsk mistar fotfeste i viktige samfunnsområde slik som teknologi og næringsliv. Fleire norske universitet tilbyr no mastergradar utelukkande på engelsk og i mange verksemder er engelsk arbeidsspråket. Det er vanleg å sende ein «e-mail» i staden for ei «e-post», eller ha eit «meeting» i staden for eit «møte».
Dette er ord som ikkje berre ungdom nyttar seg av. Eg trur vaksne seier meir engelske ord enn dei er klar over. Slike endringar viser korleis engelsk etter kvart får større plass i norsk språk, både i kvardagen og på arbeidsplassen.
Kva kan me eigentleg gjere for å hindre at norsk språk vert utvatna?
Svaret er nok: Ikkje stort. Å stenge ute engelsk er like sannsynleg som at nordmenn sluttar å ete taco på fredagar. Me lever i ei verd der kommunikasjon på tvers av språk er naudsynt.
Noreg har vore tvilande til teknologiske, sosiale og politiske endringar før dei til slutt vart godkjende. Innan sport har me fleire etter kvart morosame døme på slikt: Innføringa av glasfiberski i langrenn, at me heller ikkje ville ha skøyter, at me ikkje ville ha «Bokløv-stil» innan hopping og at me ikkje ville ha «klappskøyter». Andre døme er at me ikkje ville ha «farge-fjernsyn», TV-sendingar på søndagar, kino på søndagar, elbilar, betalingstenester på internett og kredittkort.
Før eller seinare godtar Noreg utviklinga, trass i den opphavelege motstanden. Kan hende me må innsjå denne endringa. Sjølv om nokon er tvilande til korleis engelsk påverkar det norske språket, må me finne ei utjamning: Det har me utan tvil gjort med andre endringar i historia. På same sett som me til slutt har omfamna teknologiske og kulturelle skift, kan me ta vare på det norske språket og samstundes akseptere slik påverknad.
Eit tiltak som allereie vert brukt, er såkalla «norvagisering», der engelske ord vert tilpassa korleis me skriv på norsk. Språkrådet har til dømes innført «teip» for «tape» og «pønk» for «punk». I tillegg har Universitetet i Bergen sidan 2018 revidert Bokmålsordboka og Nynorskordboka, og fleire engelske ord har fått plass. No kan du «outsource», «laive» og «gønne på» med god samvit. Til og med «føkk» og «sorry» er offisielt godkjente norske ord.
Så sorry, men kva betyr slikt? Er det berre å gønne på og godta at språket vårt forandrar seg?
Ein anna moglegheit er å auke medvitet om språkbruk blant unge, sidan dei fleste nok ikkje er klar over kor mange engelske ord dei brukar. Å få dei til å reflektere over språkvalet kan hjelpe dei å sjå verdien i å bevare norsk, samstundes som språket får utvikle seg. Trass alt er det ikkje slik at ungdom berre «don’t give a fuck», dei bryr seg oftast meir enn folk trur.
Me kjem neppe til å vakne opp ein dag og oppdage at me berre snakkar engelsk. Norsk språk tilpassar seg. Det utviklar seg i takt med samfunnet. Me kan sjølvsagt sukke oppgitt kvar gong me høyrer ein 14-åring seie «bro», men det er lite me kan gjere for å stoppe det. Kan hende me heller bør sjå det som ei moglegheit? Språket vert meir dynamisk, rikare og meir tilpassa verda me lever i.
Så sorry vaksne, ikkje tenk at ungdom øydelegg kulturen vår, berre «go with the flow»… Men det tyder ikkje at me skal la norsk forvitre. Nei. Det handlar ikkje om å avvise engelsk, men om å vere bevisst på kva ord me slepp inn og korleis me brukar dei. Kanskje løysinga ligg ein stad midt imellom der me kan gønne på med ein balanse mellom tradisjon og fornying.
For let’s face it, ingen skriv eller snakkar som Ibsen, men det betyr ikkje at me taler «unorsk».