Klimaverstingen: Lukk auga, så er graset framleis grønt


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

For eit mas.

Det verkar som media ikkje bryr seg om at eg har nok å tenkje på. Dei berre pøsar på, med artiklar, tips og råd om korleis eg kan leve meir miljøvenleg og berekraftig.

Det vert rett og slett for mykje for meg, eg som har så mykje å bekymre meg for.

Med farar hengande over oss, som kunstig intelligens, atomkrig, antibiotikaresistente bakteriar og generell idioti, ber dei meg no i tillegg ha éin kjøttfri dag i veka og dusje i maks 7 minutt og 37 sekund. Vil desse menneska meg vondt?

Eg får litt den same kjensla av å sjå på nyheitene som når nokon seier til meg: «Eg har éin god nyheit til deg og éin dårleg». «Start med den dårlege», svarar eg då.

Den dårlege nyheita kan som regel samanliknast med bileta av heimlause asiatiske born som har mista alt som følgje av enten flaum, tyfon eller skogbrann. Nyheitsopplesaren fortel vidare om horrible tilstander og humane lidingar, og at årsaka til katastrofen truleg er menneskeskapte klimaendringar og globale temperaturstigningar.

Den dårlege nyheita får meg til å tenkje: Er det verkeleg vår eigen feil at vår eigen planet er på god veg inn eit inferno av kaos og frykt, der naturkatastrofar og daud er like vanleg som regnvêrsdagar på Vestlandet?

Kan ein varmare klode kanskje skuldast at eg let bilen stå på tomgang på den svært underbemanna og lite kontrollerte lokale ferja til og frå jobb, fordi det er kaldt?

Plutseleg er bileta og tankane borte, og «den gode nyheita» tek over stafettpinnen ettersom kjenningsmelodien til sportsnyheitene tassar ut av høgtalarane.

Eg kastar aldri boss i naturen. Likevel seier forskarar at det ikkje er godt nok. Vil dei liksom at eg skal sortere avfallet mitt også no? Eller attpåtil vaske gamle yoghurtbeger og mjølkekartongar?

Klart eg synst synd på fisken. All denne plastikken som den må symje rundt i, vikle seg fast i og ete til middag. Det kan umogleg vere kjekt å fylle magen til randen med plastposar, korkar, knappenåler eller sykkelpumper. Eg kan forstå det. Seier seg sjølv, eigenleg.

Så var det dette med kjøt. «Klimaverstingen», den blodige, men saftige biffen eller den lekre og lekne koteletten. Noko må eg jo ete, eller kva? Finns det nokre alternativ?

Kvar onsdag har me sånn «vegetarmat» i kantina på jobben. Einaste dagen i veka eg lagar nistepakke. Kva skal eg liksom stappe i meg, når alt berre er gras? Linser, bønner, hummus, frukt, grønsaker, pasta, ris, graut, vegetarlasagne, wok, fløtegratinerte poteter, tomatsuppe, pommes frites? Trur ikkje det, nei.

Ikkje misforstå, sjølv om eg et kjøt er eg glad i dyr. Eg vil nesten gå så langt som å seie at eg er ein dyreelskar, me hadde til og med katt heime då eg var liten. Marsvin fekk eg aldri.

Her om dagen prøvde media på ny å uroa meg. Det klarte dei elegant, og i tillegg pakka dei på meg eit årsabonnent på VG+ til 695,-kr. «Dette må du ha i heimen dersom ein katastrofe inntreff», var overskrifta. Eg gjekk rett på, så no har eg alt eg treng: Drivstoff, eingongsbestikk, 9 plastflasker vatn, batteri, parafinomn og våtserviettar. Og jodtablettar, sjølvsagt.

 

Les intervjuet med vinnaren Fridar Malmsten Steinkopf (17) her: – Det er viktig at me legg fokus på dei konsekvensane livsstilen og forbruket vårt har for miljøet og klimaet, og at me alle bryr oss.

Fridar Malmsten Steinkopf vann med innlegget «Lukk auga, så er graset framleis grønt». Foto: privat