Likestillingsombodet: – Ugreitt om metoo-felte politikarar gjer comeback allereie no

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fjor var 8. mars prega av metoo-kampanjen, som då nyleg hadde ført til at fleire profilerte norske politikarar måtte trekke seg frå verv.

Opptakta til kvinnedagen i år har vore prega av bråk rundt dei same politikarane – som no kan vere på veg tilbake.

– Det verkar som at folk innanfor nokre parti ikkje synest det har vore så alvorleg, når den tilliten er der med ein gong det blir opna for at ein kan jobbe seg fram igjen. Det synest eg er ganske alvorleg, seier Bjurstrøm til NTB.

Les også: Abortstrid kan gi ny 8. mars-rekord

– Problematisk

Dei siste vekene har fleire tidlegare metoo-saker vore gjenstand for nye diskusjonar.

Trond Giske var nær ved å få styreverv i Trøndelag Ap og har brei støtte lokalt. Ulf Leirstein frå Frp og Kristian Tonning Riise frå Høgre har begge leidd fylkesårsmøte i partia sine, og lokalt har partifellar opna for at dei kan renominerast til Stortinget.

– Eg synest det er eit problem viss store partilag, enten det er i Frp, Ap eller Høgre, ikkje synest dette er problematisk. Då trur eg at dei er på kollisjonskurs med veldig mange av kvinnelege veljarar i Noreg som tenker at det er litt tidleg, seier Bjurstrøm, som understrekar at sakene er ulike og at nokre er meir alvorlege enn andre.

Les også meiningsinnlegget frå Elise Stokken (17) som stiller på liste ved lokalvalet: «For kven skal gjere noko med problemet du ser eller tale di sak, om du ikkje gjer det?»

– Misser kontrollen

Ho meiner at det er viktig at partileiingane nasjonalt trekker opp tydelegare linjer, noko som i varierande grad har vorte gjort i desse sakene.

– I den augneblinken ein seier at dette er eit spørsmål om tillit, så har ein mista kontrollen. Fordi det er politikk, og då kan mange ha tillit av ulike politiske grunnar, seier likestillingsombodet.

I den augneblinken ein seier at dette er eit spørsmål om tillit, så har ein mista kontrollen

– Kor lang tid bør det gå?

– Det er vanskeleg å seie, men må variere med alvorsgraden i det som har skjedd. Eg meiner det må vere mogleg å komme tilbake til politikken igjen. Men kjem dei for raskt tilbake, blir dei prioriterte føre dei som har varsla, og då kan det vere dei som varsla som føler at dei må trekke seg ut av politikken, seier Bjurstrøm.

Les også: Studentar veit ikkje korleis dei skal melde frå om trakassering

Spørsmål om tillit

Omgrepet «tillit» har stadig vendt tilbake i debattane om i kva grad politikarar felt av metoo-skal få komme tilbake. Men kva skal det bety?

– Tillit er veldig samansett. Det vi ser i politikk, er at tilliten vel så mykje kan vere tufta på at den personen frontar synspunkta dine eller den politiske retninga di, enn at du kanskje er ein person som du ville kjøpt bruktbil av, for å seie det sånn, seier Bjurstrøm.

Ho legg til:

– Nokon gonger handlar tillit om at ein ikkje trur at vedkommande vil gjere det igjen. Alle desse tre politikarane har vore gjennom ei veldig degradering, både i partiet og i auga til folk. Det vil ofte vere nok til at ein tenker «dette gjer dei ikkje igjen». Men oftare handlar jo ikkje tillit om kva ein de facto vil gjere, men kva folk kan vere usikre på. Då er det viktig å gi det tid for at ein kan forsone seg med det som har skjedd.

Les også reportasjen om kvinna som starta metoo-rørsla: 14 år før det vart ein emneknagg på Twitter. 

Vil ikkje svartmale

Eit drygt år etter den første bølgja med metoo-saker meiner likestillingsombodet at lærdommen ligg i at politiske organisasjonar må vere «ekstremt bevisst» på problematikken i alle ledd. Nettopp fordi politikken inneheld mange av risikofaktorane for seksuell trakassering.

– Vi skal ikkje skape inntrykk av at heile norsk politikk er gjennomsyra av seksuell trakassering. Men det som har komme fram, er litt skamfullt for politikken. Det er ikkje bra for forholdet til folk til politikarar, og dei burde ha ein stor eigeninteresse i å rydde opp, seier den tidlegare Ap-statsråden, som òg har bakgrunn som kommunestyrepolitikar for SV.

Les også om korleis kvinnene i det britiske Underhuset feira 100 år med røysterett: 

Yvette Cooper, parlamentsmedlem for Normanton, Pontefract and Castleford. Fotograf: Hannah Starkey