Dubie Toa-Kwapong
Publisert
Oppdatert 10.05.2018 11:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det siste året har hashtaggen #MeToo blitt symbolet på ei ny sosial rørsle der kvinner har byrja å stå fram med erfaringane sine med seksuell vald frå maktfulle menn. Særleg fallet til filmskapar Harvey Weinstein har blitt vidt dokumentert sidan dei fyrste kvinnene stod fram og delte historiene om trakasseringa han hadde utsett dei for.

I hausten 2017, den 15. oktober la skodespelaren Alyssa Milano denne meldinga ut på Twitter:

Snart trenda #MeToo på Facebook, Twitter, Instagram og Snapchat, og innan eitt døgn var det over 12 millionar innlegg på Facebook med hashtaggen. Poenget var å vise kor utbreidd seksuell vald er og at Weinstein sin oppførsel er uakseptabel, men diverre ikkje så uvanleg. Kvinner over heile verda såg dette som ein sjanse til å stå fram med sine opplevingar. Ei lita gruppe menn starta òg ein hashtag som respons, #IHave – eit forsøk på å ta ansvar for dei gongane dei har utsett kvinner og andre menn for seksuell vald.

Meldingane rann inn

Den dagen byrja ei dame med namnet Tarana Burke å få meldingar frå venar som hadde merka hashtaggen sin popularitet og blitt bekymra. Burke grunnla nemleg Me Too-rørsla for 14 år sidan. Ho er direktør ved Girls for Gender Equity, ein organisasjon basert i Brooklyn. Her har ho i over 20 år gjort det tunge arbeidet med å tilby støtte for unge minoritetskvinner og jenter som vert utsett for seksuell vald.

Burke ynskte at orda «Me Too» kanskje skulle bli eit signal mellom dei som hadde opplevd seksuelle vald. Ho hadde aldri tenkt at prosjektet kom til å hamne i rampelyset.

Starta i 1997

Arbeidet med Me Too starta i 1997 etter at Burke hadde ein samtale med ei 13 år gamal jente som hadde blitt valdteken. I den augneblinken visste ikkje ho korleis ho kunne hjelpe denne jenta, men tanken om at dette var viktig arbeid ho ville ta del i sat igjen i hovudet og hjartet hennar.

Ti år seinare vart Me Too stifta, som ein del av organisasjonen Just Be Inc. Arbeidet starta i byen Tuskegee i Alabama, der Burke organiserte workshops. Under desse samlingane fekk jentene oppgåve om å skrive tre nye ting dei hadde lært den dagen. Dei fekk òg beskjed om å skrive Me Too på arket, om dei hadde blitt valdtekne eller trakasserte, og hadde behov for støtte. Under ei samling med 30 jenter tidleg i prosjektet hadde Burke forventa å få 5 – 6 ark levert inn med Me Too på. Ho vart sjokkert då ho fekk inn 20 ark.

Legg vekt på sjølvkjensle og sjølvverd

Burke merka tidleg at fleire prosjekt som har som mål å styrke jenter og unge kvinner set stor fokus på sjølvkjensle og på å fortelje dei at dei er vakre. For Burke er det viktig å jobbe mot ein meir holistisk sjølvtillit, som legg vekt på både sjølvkjensle og sjølvverd, som ho meinar ligg djupare. Slik skildrar ho metodikken sin: «La meg lære dykk det verda synest om oss. La meg lære dykk det vi har sett verda gjere mot jenter som ser ut som oss. Og la meg lære dykk kvifor dei tar feil.»

Då Burke såg utlegget til Milano, vart ho nervøs. «Eg følte at ein del av livsarbeidet mitt var i ferd med å bli overtatt, tatt i frå meg og brukt til eit anna formål enn eg hadde tenkt».

Fleire afro-amerikanske kvinner reagerte òg på dette. Bak denne felles angsten låg ei lang historie av at arbeidet til ikkje-kvite kvinner, og særleg svarte kvinner, vert teken i frå dei i den feministiske rørsla.

Høyr nokre av jentene som er med på Just Be Inc. fortelja om programmet:

Frå augneblink til rørsle

Milano tok til seg kritikken og kontakta Burke for å presentere seg sjølv og diskutere moglegheita for eit samarbeid. Ifylgje Burke har Milano vore veldig raus. Den same veka var Milano ein gjest på programmet Good Morning America. Då snakka ho om arbeidet til Burke. «Det Me Too-kampanjen gjer, og det Tarana Burke har gitt oss moglegheita til er å setje fokuset tilbake på offera».

Dette har alltid vore målet til Burke; å framheve stemmene til dei som vert sterkast påverka av seksuell vald. Ho har ikkje som mål å tene pengar på, eller bli kjend gjennom dette arbeidet. Ho meinar arbeidet er større enn ho sjølv, Milano og dei andre kjende kvinnene som er no tilknytt Me Too. Likevel er ho òg klar over at ho no har ein ny plattform som ho kan bruke, og at ho må bruke den på ein ansvarleg måte.

Men hadde ikkje Milano lagt ut det innlegget 15. oktober og hadde ikkje Me Too blitt eit internasjonalt slagord, hadde Burke likevel halde fram med å halde samlingar og tilby støtte til unge kvinner og jenter. Ho minner stadig om at det harde rehabiliteringsarbeidet er den viktigaste delen. I hennar eigne ord: «It’s not just a moment, it’s a movement. Now the work really begins.»