Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 12.05.2019 10:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2018 er 209 av 650 parlamentsmedlem kvinner, noko som betyr at kvinnedelen i det britiske parlamentet er på 32 prosent. Til samanlikning er kvinnedelen på Stortinget 41 prosent, noko som betyr at Noreg har nest best kjønnsbalanse i verda etter Senegal.

14. desember 2018, nøyaktig 100 år etter dei første britiske kvinnene avga sine stemmer ved eit val, opna ei ny open utstilling i parliamentskorridorane i Portcullis House, London.

På veggane heng portrerttbilete av alle dei 209 kvinnene som i dag er medlem av Underhuset i det britiske parlamentet. Fotografert av 209 ulike kvinnelege fotografar frå Storbritannia.

Les også: Hillary Clinton har ein teori om kvifor kvinner vinn fram i Noreg, men ikkje USA

Priti Patel, parlamentsmedlem for Witham. Fotografert av: Rhiannom Adam.

Meir enn ei feiring

Utstillinga «209 Women» skal feire kvinners stemmerett, men også slå eit slag for at kvinner må verte meir synlege, spesielt i miljø som framleis er mannsdominerte.

Chi Onwurah, parlamentsmedlem for Newcastle Upon Tyne Central. Fotografert av: Tereza Červeňová.

Kuratoren og kvinna bak prosjektet, Hilary Wood, opplyser i ei pressemelding at idéen kom frå hennar eigne erfaringar med kjønnsulikskap og eit ynskje om endring.

Kva kan du om kvinnelege pionerar? Prøv deg i denne quizen!

– I det hundrede året for kvinners stemmerett ville eg feire kor langt vi har kome, men eg ville også rette merksemda mot den kjønnsulikskapen som framleis eksisterer gjennom å kjempe for synlegheita til kvinner med makt.

Sidan 1918 har berre 491 kvinner vorte valt til det britiske parlamentet, medan heile 4503 menn har vorte vist tilliten.

Wood vil bidra til eit samfunn der denne ubalansen ikkje eksisterer.

Les også om då Helen Pankhurst knuste butikkvindauga hjå Harvey Nichols – 106 år etter oldemor. 

Alison McGovern, parlamentsmedlem for Wirral South. Fotograf: Hilary Wood.

209 ulike måtar å vere kvinne

– Kvinnerørsla har aldri handla om ein person sine bragder: den handlar om oss alle. Dette prosjektet vidarefører denne visjonen, det inkluderer alle typar kvinner frå alle typar bakgrunnar. Det er ei subtil, men veldig sann likestillingserklæring, seier Alison McGovern.

Ho er ein av dei fotograferte parlamentsmedlemane, og leiar for Speaker’s Advisory Committee on Works of Art. McGovern seier at endå fokuset innan politikken med rette har vore å få fleire kvinner involvert, så er fleire sektorar prega av det same problemet, inkludert kunst. 

– Desse kunstverka vil vise at kvinner kan og bør verte framstilte i heile sitt mangfald. Der er ikkje éin måte å vere ein kvinneleg kunstnar, å vere ein kvinneleg politikar, eller å vere ei kvinne på.

Les også reportasjen om mangelen på profilerte kvinnelege musikkprodusentar:

På elektroLOUD lærer deltakarane seg mellom anna musikkproduksjonsprogrammet Ableton ved å eksprimentere.