«Politikk er det som gjer ein gnist til ein flamme»

Elise Stokken, Ørsta Arbeidarparti
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg vert ofte spurd kvifor eg engasjerer meg politisk, kvar det hender eg svarer «kvifor gjer ikkje du?». Diverre er det alt for ofte eg får høyre at «det angår ikkje meg» eller «det påverkar ikkje mitt liv på nokon måte». For mange har politikk blitt noko fjernt og byråkratisk noko som berre dei gråaste av dei grå gamlingane driv med. Ein fyr i nyheitene som seier noko kryptisk, og tilsynelatande aldri greier å svare på eit spørsmål. Heldigvis er det langt frå dette politikk faktisk handlar om.

Heldigvis er det langt frå dette politikk faktisk handlar om

Politikk handlar om deg og meg, helsesøstertilbodet på skulen din, fritidsaktiviteten du går på, eksamen, lekser, det lokale sjukehuset. Det er vegen mot eit samfunn der du ikkje må vere perfekt for å føle deg god nok. Alt er politikk, og politikk er alt. Så jo, det angår deg. Og nei, det er ikkje berre eit lass med saksdokument og eit kurs i korleis seie mest mogleg utan å seie noko som helst. Politikk er det som gjer ein gnist til ein flamme.

Det var ein som fortalte meg at opphavet til engasjementet hans var då faren hans sa «du får ikkje lov til å klage før du har prøvd å gjere noko med problemet». Når han tok til seg dette er det ikkje så rart å tenkje på at han i dag sit på Stortinget.

For kven skal gjere noko med problemet du ser eller tale di sak, om du ikkje gjer det? Ved å engasjere deg kan du forandre samfunnet for det betre. Og ja, ein person kan gjere ein forskjell. Men ikkje berre det, ein er med på å løyse eit større og meir omfattande problem: Representasjon.

Det er vegen mot eit samfunn der du ikkje må vere perfekt for å føle deg god nok

Om du samanliknar fordelinga av alder og etnisitet i politiske organ med den generelle befolkninga skal det ikkje mykje til før du ser at dei to ikkje samsvarar. Korleis vert folket representert på ein god måte utan god representasjon? Som ung er ein i dei fleste tilfelle politisk underrepresentert, så berre ved å engasjere seg er ein med på å forbetre det eg vil kalle eit demokratisk problem. Det er ingen som berre ordnar det for deg. Det er trass alt berre du som veit kva du tenkjer og korleis du har det.

At det ikkje er så viktig å vere oppteken av politikk er altså langt frå realiteten. Det same er påstanden om at det ikkje er vits i å engasjere seg. Det er mange som spør om eg faktisk vert teke på alvor. Det er også mange som har det klart føre seg at ungdom ikkje vert høyrde på i politikken. Eg er 17 år, og det er ingen plass eg har blitt høyrt meir på eller tatt meir seriøst enn i politiske settingar. Dei aller fleste anerkjenner at mangel på engasjert ungdom er eit problem og like mange saknar å ha ei ung stemme rundt bordet.

For kven skal gjere noko med problemet du ser eller tale di sak, om du ikkje gjer det?

I år skal vi gå til stemmeurnene og velje fram nye kommunestyrer og fylkesting. Om du er ein av dei som synest politikk er litt for fjernt frå din kvardag, er dette den rette tida å innsjå at den ikkje er det. Det er rette tida å engasjere deg. Lokalpolitikk er det meste du møter på i kvardagen, anten du tenkjer over det eller ikkje. Det er den kortaste og beste vegen til å gjere ein reell forskjell i lokalsamfunnet ditt.

Eg er sjølv 3. kandidaten til Ørsta Arbeidarparti, men uansett kvar du ligg på det politiske spektrumet vil eg oppmode deg til å engasjere deg i valkampen. Stå på liste, hjelp partiet som frivillig, ta diskusjonen rundt middagsbordet og det viktigaste av alt, sei meininga di. For det vert lagt merke til, det vert sett pris på og du vert høyrd.

Les også om Torstein Lerhol, som er ordførarkandidat for Vang Senterparti: – Eg kjem ikkje berre til å bli ein funksjonshemma ordførar.