Kor realistisk er The Handmaid`s Tale?


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

The Handmaid`s Tale vart rett før nyttår kåra til ein av dei beste seriane i 2017 av Forbes. Magasinet roste særleg Elisabeth Moss, skodespelaren i hovudrolla som Offred.

Offred, som før revolusjonen heitte June, hadde ein vanleg familie og jobb før alle rettane hennar plutseleg forsvann. Og sidan ho er ei av få kvinner som kan få barn blir ho ei levande livmor for eit velståande par i det nye samfunnet.

Historia, som vart skriven av den kanadiske forfattaren Margaret Atwood i 1985, skildrar ei nær framtid der forureining har gjort menneska meir og meir sterile. Dette opnar opp for ein revolusjon som øydelegg USA og skapar ein ny kristenfundamentalistisk nasjon kalla Gilead.

Mange har vist til at klassiske, dystopiske bøker som denne vert vekka til live att fordi dei deler fellestrekk med tida vi no går inn i. Sjølv har Atwood fortalt at ho tok inspirasjon frå revolusjonen i Iran i 1979, men også av auka kristen høgreekstremisme i USA gjennom 1970- og 1980-åra.

LES OGSÅ: Ei handbok til The Handmaid´s Tale

— Ikkje noko nytt

Forfattar Margaret Atwood. Foto: Mark Hill/Flickr

Då forfattar og feminist Gloria Steinem skreiv eit essay om boka i 2015, viste ho til at handlinga i Handmaid´s Tale ikkje representerer noko nytt. Først og fremst fordi kvinnas moglegheit til å få barn til alle tider har vorte regulert og kontrollert.

I Hitlers nazistiske ideologi vart ei kvinnes rolle redusert til kinder, kuche og kirche – barn, matlaging og kyrkje. Samstundes vart feministar og homofile forfølgde. Ein annan som definerte livmora som offentleg, ifølge Steinem, var president Ceausescu av Romania. Han erklærte fosteret som «den sosialistiske eigedomen til samfunnet.»

Problemet med desse samanlikningane er berre at dei handlar om fortida, og ikkje om ei framtid som er truga av sterilitet og dramatisk barnløyse.

Dårlegare sædkvalitet

Om lag ti prosent av befolkinga er i dag ufrivillig barnlause. Dei viktigaste årsakene til sterilitet er kjønnssjukdommar, men også medfødde feil eller andre typar sjukdommar kan hindre fertilitet. Vi veit lite om steriliteten har auka eller minska gjennom tidene, mellom anna fordi folk ventar lenger med å få barn – som i seg sjølv reduserer sannsynet.

Undersøkingar som målar fertilitet viser sprikande resultat. Men det som er påvist er at sædkvaliteten til vest-europeiske menn har minska dei siste femti åra.

Det er også uklart om forureining kan gjere folk sterile. Nokre forskarar har peika på at dårleg livsstil, tobakk og stillesitjing gjer menn mindre fruktbare enn før. Det har også vore spekulert i om sprøytemiddel og mikroplast fører til sterilitet, men uvissa er stor.

Fagdirektør i Folkehelseinstituttet, Per Magnus, uttala i november at auka av miljøgifter kan ha svekt den biologiske fertiliteten.

Aldri hatt eit sterilitetsproblem

Det som derimot gjer problemet mindre er den moderne medisinske teknologien. Medisinske fødselsregister syner at fire prosent av alle nyfødde blir unnfanga ved kunstig befruktning. Dette svarer til eitt eller to barn i kvart klasserom i Noreg, og utgjorde 2563 barn i 2016. Likevel aukar barneløysa, mellom anna fordi stadig fleire vel å ikkje få barn.

Forfattar og aktivist Gloria Steinem. Foto: Gage Skidmore/Flickr

Når Steinem i artikkelen sin hevdar at Handmaid´s tale ikkje baserer seg på fiksjon, men tvert om minner om verkelege patriarkat, er det ei viss røynd i det. Kvinners rettar kan når som helst forsvinne til vi står att som reine fødemaskinar for nasjonen. Dette ser vi fleire døme på i historia, men også i enkelte land og kulturar i dag.

Men påstanden er også feil, for vi har aldri opplevd eit sterilitetsproblem i noko samfunn av det omfanget som skildrast i Handmaid´s Tale. 

Teknologi eller religion?

Spørsmålet er kva vi ville ha gjort i framtida dersom sterilitet skulle bli eit stort problem (noko det globalt sett ikkje ser ut til enno, sidan jorda er meir befolka enn nokon gong). Svaret på det trur eg ikkje vi finn i ineffektiv, religiøs ekstremisme, men i teknologi.

Alle i Gilead veit at dei fleste mennene også er sterile, sjølv om det ikkje er lov å seie dette høgt. Så når Offred ikkje blir gravid av samleia med Fred, får kona henne til å liggje med sjåføren. Serena Joy, som altså har vore med på å bygge opp det nye samfunnet, bryt sine eigne reglar. Systemet klarer ikkje å ta fatt på problemet.

Hadde reproduksjonen vore så dramatisk låg som han er i Gilead, ville vi nok ha kasta bort alle tankar om moral og religion og tydd til teknologiske hjelpemiddel. Ingen religion er vel så mektig at han kan overvinne behovet for, og ønsket om å få barn.

(Saka held fram etter bildet):

Demonstrantar i kvinnemarsjen i USA for eitt år sidan. Foto: Hillel Steinberg/Flickr

Kontroll over kvinnene

Eit anna spørsmål ein kan stille seg er kor realistisk det er at fruktbare kvinner har lågare status enn sterile. Skal ein først samanlikne med historia, viser alle teikn det motsette: Kvinner som ikkje får barn har til alle tider blitt sett på som ufullstendige, noko til dømes president Erdogan i Tyrkia gav uttrykk for i 2016.

Det har alltid herska ei plikt ovanfor kvinner om å føde barn. Ein realistisk konsekvens av det ville ha vore – i eit dystopisk framtidsscenario – at dei få kvinnene som var fruktbare, ville ha blitt hylla. Det gjev ikkje meining at fruktbare June/Offred skal takast frå sin fruktbare mann og setjast i lag med ein ny mann som mest sannsynleg er steril.

Målet i Gilead er altså ikkje reproduksjon, men kontroll over kvinnene. Gloria Steinem seier det godt: Poenget er at menn må kontrollere den einaste tingen dei ikkje har: livmor.

LES OGSÅ: Atwood: Nærare 30-talet enn nokon gong