KrF-nestleiar ut mot abortutsegn frå leiaren i KrFU: Ikkje politikken vår
Kvinner bør bere fram barn sjølv om graviditeten er resultat av valdtekt, meiner KrFUs leiar. – Ikkje i tråd med KrFs politikk, svarer nestleiaren i KrF.
– Eg meiner at ein burde gjere det, rett og slett. Dette er eit veldig vanskeleg spørsmål, og det er ikkje med lett hjarte eg seier det, men eg trur det er det beste, sa nyvald leiar i KrFU Ingrid Olina Hovland i influensar Jenny Huses podkast «Brutalt ærlig».
Nestleiar i KrF Ida Lindtveit Røse vart spurd om kommentaren i NRKs Politisk kvarter.
– Det første eg tenkte, var at dette er ikkje KrF eller KrFU sin politikk. Og så er eg veldig glad for at Ingrid Oline også etterpå har presisert at det ho snakka om, var at ho prøvde å gjere ein etisk refleksjon rundt kva ho sjølv ville tenkt.
Måndag sa Hovland til NTB at ho berre reflekterte rundt sine eigne haldningar i intervjuet.
– Eg har ikkje sagt at eg vil forby abort for kvinner som har vorte valdtekne. Eg har berre reflektert høgt i podkast om kva eg håpar sjølv eg hadde gjort om eg hadde hamna i ein slik situasjon, seier ho.
Til Dagbladet sa ho at utsegnene er dei private haldningane hennar, ikkje ungdomspartiet sine, og dessutan at haldningane hennar er godt kjende internt i KrFU.
KrF ønskjer at grensa for sjølvbestemd abort blir sett tilbake til tolv veker. 1. juni vart grensa utvida til 18 veker.







