Kroppen min er ikkje til forhandling!


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I år feirar me at ein av kvinnerørsla sine største sigrar, Abortlova, fyller 40 år. Retten til sjølvvald abort er ein av dei viktigaste rettane me har. Kvinner i Noreg vert ikkje lenger skadd og døyr ved uønska graviditet, og me har sjølv rett til å råda over vår eigen kropp — nett slik det skal vera.

I 2014 fekk me stadfesta kor viktig Abortlova er for kvinnerørsla. Høgre og FrP flørta med KrF, og sa at dei ville lovfesta reservasjonsrett for fastlegar. Då sa me klart nei, med den største 8. mars-markeringa sidan 70-talet. Det burde vera klart for alle kor viktig retten til sjølvvald abort er, men det ser ikkje ut til at alle har forstått det enda.

Erna Solberg har no kasta kroppen min på forhandlingsbordet idet ho klamrar seg fast i statsministerkontoret. Nok ein gong flørtar Høgre med KrF for å halda på makta, og ofrar kvinner sin rett til å råda over eigen kropp i same slengen.

Nok ein gong flørtar Høgre med KrF for å halda på makta, og ofrar kvinner sin rett til å råda over eigen kropp i same slengen.

Om ordet «sjølvvald» skal bety noko, må me la kvinner få gjera nett det — velja sjølv. Det er mange grunnar til at kvinner tek abort. Høgre og KrF skal ikkje bestemma kva grunnar som er legitime, og kva som ikkje er det.

Talet på abortar i Noreg held seg ganske stabilt. Dei går verken serleg opp eller ned. Det å gje kvinner tilgang til informasjon om eigen kropp, og retten til å velja sjølv kjem ikkje til å endra på det. Det einaste som kjem ut or det er at me byrjar å ta rettane til ho som skal bera bornet fram sine rettar på alvor. Dersom du ikkje kan stola på at eg kan ta eit val, korleis kan du stola på at eg kan ta vare på eit barn?

At KrF er mot sjølvald abort kjem ikkje som noko bombe. Det som sjokkerar meg er at Erna Solberg nok ein gong er viljug til å ofra kvinner sine rettar for å halda på makta. Det viser berre at regjeringa me har i dag ikkje jobbar for folket, men for sine eigne feite lommebøker.

No må me nok ein gong kjempa. Kjempa for rettane våre, og for kvinner verda over. Me må ta til gatene og stå på barrikadane på same måte som me gjorde for å få Abortlova vedteken i 1978, og slik me fekk skrota reservasjonsretten i 2014.
Det er på tide at alle får med seg at ein ikkje føkkar med Abortlova!