Sex og Politikk om regjeringsplattforma: Bidreg til auka skam, ikkje færre abortar

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Endringar som gjer det vanskelegare å få gjennomført fosterreduksjon bidreg ikkje til eit meir inkluderande samfunn eller færre abortar, men til meir skam for dei få som gjer den viktige og ofte vanskelege avgjersla, seier dagleg leiar i Sex og Politikk Tor-Hugne Olsen i ei pressemelding.

Olsen viser til at den nye regjeringsplattforma til Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti innskrenkar retten til sjølvbestemt abort. Kvinner som ynskjer fosterreduksjon kan ikkje lenger bestemme dette sjølv før tolvte veke, men lyt no møte i ei nemnd som skal ta avgjersla.

Leiaren i Sex og Politikk seier slike aborttilfelle både er så sjeldne i Noreg og så medisinsk komplisert at dei ikkje høyrer heime som politiske spørsmål.

– Vi er bekymra for at KrF fekk drive igjennom denne endringa. Det er mange gode grunnar til å utvide retten til abort i Noreg, ikkje innskrenke den, seier Olsen.

Les også: Regjeringsplattforma: Berre eitt ungdomsparti er nøgd med abort-endringa

Utvidar satsing på seksualitetsundervisning

Sex og Politikk er likevel fornøgde med at regjeringsplattforma held fram med satsinga på seksualitetsundervisning og erkjenner kor viktig dette er i skule og barnehage. Organisasjonen etterlyser likevel at ord vert til handling, og at satsinga syner att i auka løyvingar i revidert budsjett for 2019 og ei eiga budsjettline i budsjettet for 2020.

– Samstundes er vi glade for at plattformen utvidar satsinga på gratis prevensjonsmiddel for kvinner opp til 24 år. Dette er ei gledeleg satsing som er viktig for kvardagen til unge og for ei trygg og positiv tilnærming til seksualitet, seier Tor-Hugne Olsen i pressemeldinga.

Endeleg trekker organisasjonen fram løfte om å etablere eit støttefond for offer for seksualisert vald i krig og konflikt, og ein strategi som skal sikre inkludering av marginaliserte grupper som LHBTIQ-personar og personar med nedsett funksjonsevne som særleg positivt.

Les også: Vil ha betre seksualundervisning etter #metoo